Feilaktige argument i grensesaka på Ombo

DEBATT: Grensesaka på Ombo har tatt ei ny vending.

«Det er problematisk når ein ordførar og leiande politikarar i ein kommune går frå ein avtale med nabokommunen om å følgja folkemeininga på heile Ombo, og no i tillegg varslar omkamp og vil ta saka opp att», skriv Kjell Nes. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Kjell Nes
    Ombo
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Fylkesmannen har i følgje Øyposten sett saka på vent på grunn av eit brev til Hjelmeland kommune. Brevskrivarane har etter det me får vita, fått stor oppslutnad om brevet sitt. På bygda høyrer me om metodar som dette: «Vil du koma på sjukeheim på Hjelmeland eller i Stavanger?»

Signert i stor stil

Og folk har signert i stor stil. Eg har ikkje problem med at folk er engasjerte og kjempar for synet sitt. Men det er problematisk når ein ordførar og leiande politikarar i ein kommune går frå ein avtale med nabokommunen om å følgja folkemeininga på heile Ombo, og no i tillegg varslar omkamp og vil ta saka opp att. Det er og eit stort problem når dei aktive på Hjelmeland-sida av Ombo brukar feilaktige argument for å fremja saka si.

I NRK si distriktssending sist tysdag, var det ei heil gruppe av desse som stod fram og skulle grunngi kvifor dei ville høyra til Hjelmeland. Det som opprørte meg mest, var utsagnet om at det var tre timars reisetid til eit eventuelt nytt kommunesenter i Stavanger. Dette er direkte feil, og alle som var til stades der frå Ombo, veit at det ikkje stemmer. Det er vel så lenge sidan som då det var lokalrutebåtar som var transportmidlet, at reisetida til Stavanger var på det nivået. Det rette er om lag halvparten med ferje og bil den raskaste vegen over Judaberg. Med snøggbåt kan det med enkelte ruter koma godt under timen.

Øydeleggjande

Kvifor ombobuar seier slikt, skjønar eg ikkje. Det er øydeleggjande for oss som vil at me skal bli fleire både fastbuande og fritidsbuande på Ombo. Det er rett og slett dårleg Ombo-reklame.
Likeeins var eit anna argument at dei var redde for skulen dersom ein gjekk inn i nye Stavanger. Det skjønar eg heller ikkje. Sjølv om austsida av Ombo vert verande i Hjelmeland, ligg den felles barneskulen på den andre sida. Hjelmeland kan ikkje anna enn å stå ved avtalen om skulesamarbeid, og gjera opp for seg.

Dessutan er det Hjelmeland kommune som ved fleire høve dei siste åra har diskutert å trekkja seg ut frå samarbeidet, og dermed øydeleggja også for Finnøy-sida. Eg har ikkje gløymt at foreldre på Hjelmeland-sida av Ombo tok kontakt med ordføraren i Finnøy for å få hjelp mot politiske initiativ i den retning blant hjelmelandspolitikarar.
Eg har freista få NRK til dementera opplysingane dei let føra fram ukritisk. I staden har dei forsvart utsegna om reisetid som rett, utan å leggja fram anna prov enn at dei brukte så lang tid inn til Skipavik på Ombo. Dei har sjølvsagt ikkje sagt noko om kvar og kor lenge dei hadde stopp på vegen.

Les også

  1. Nye Stavanger kan miste halve Ombo

  2. Rådmenn: Ombo ut av Hjelmeland og inn i Nye Stavanger

Publisert:
  1. Debatt
  2. Hjelmeland kommune
  3. Øyposten

Mest lest akkurat nå

  1. Angrer etter Brann-bråket: – Jeg skjønner reaksjonene

  2. – Det har gått ut over mye, også mine nærmeste

  3. Eksplosiv økning i salget av julebelysning

  4. Mener vold mot 15-åring på Vaulen ikke var uprovosert

  5. Statsbudsjettet: – KrF har fått betyde­lige gjennomslag

  6. Onsdag kommer regjeringens juleråd