Kva er populisme – eigentleg?

KRONIKK: Populismen er ikkje problemet, men at eliten vil ha sin legitimitet frå ovan, som før, men no frå kvarandre.

Publisert: Publisert:

Emmanuel Macron vann ein klar siger mot «populisten» Marine Le Pen i andre runde av det franske presidentvalet. Så kven var då den største reelle populisten? Foto: Thibault Camus, AP/Scanpix

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Kva er eigentleg populisme? Dette ordet var med eitt på alle sine lepper etter at Trump vart med i den amerikanske valkampen. Så vart det brukt om brexit, så om fransk og nederlandsk politikk. Her heime blir Senterpartiet og Frp kalla populistiske. Dette ordet er nesten alltid brukt med implikasjonar om noko negativt, noko ein skal frykta.

All snakket om populisme som plutseleg oppstod, kunne få ein til å tru at sjølve fenomenet populisme oppstod i det vi no starta å bruka ordet. Men slik er det jo ikkje: Det er eigentleg meiningslaust å skilja moderne demokratisk politikk frå fenomenet populisme.

Nasjonalisme og populisme er uløyseleg knytt saman, men ikkje på den måten som det som oftast blir sagt.

Definisjonen

Ifølgje Store norske leksikon er dette definisjonen av populisme: «Populisme er en betegnelse på en ideologi, strategi eller kommunikasjonsform som appellerer til ‘folket’, som motsetning til ‘eliten’.»

Oxford-ordboka definerer populisme slik: «Support for the concerns of ordinary people.» Populisme vil altså seie å vera oppteken av livet og interessene til folket.

Denne ideen har si rot i eit anna ord som har vore brukt mykje i samanheng med populisme, nemleg nasjonalisme. Og det er rett at nasjonalisme og populisme er uløyseleg knytt saman, men ikkje på den måten som det som oftast blir sagt.

Nasjonalisme og populisme blir tekne som samanfallande og brukt til å merka politiske straumdrag som er innvandringskritiske og om anti-globalisering, anti-elite og økonomisk proteksjonistiske. Men dette er ikkje kjernen eller det historiske opphavet til desse fenomena. Nasjonalismen og populismen har folkets legitimitet som kjerne, og det var den nasjonalistiske ideen om folkesuverenitet som gav opphav til dette.

Med nasjonalismen sitt inntog, og dermed også populismen, blir det motsett: Elitane misser all legitimitet.

Arne Garborg skjøna det – alt var endra. (Måleri av Eilif Peterssen)

«Den stor umstøyten»

Den moderne verda er på alle vis ei nasjonal verd, og me finn fødselen til denne verda på slutten av 1700-talet, i den amerikanske (1776) og den franske revolusjonen (1789). Vår eigen Arne Garborg kalla seinare dette for «den store umstøyten» – det som forandra alt og la grunnen for den moderne verda som me lever i.

Det er vanskeleg for me som lever i dag å førestilla oss kor omfattande dei politiske endringane som fann stad ved dei to revolusjonane var, fordi endringane som skjedde da i dag er grunnlaget for våre samfunn og difor opplevast som naturgjevne for oss. Og nett derfor har me vanskar med å sjå populismen og nasjonalismen for det dei er.

Det som skjedde med «den store umstøyten», var at den politiske legitimiteten, så vel som den politiske praksisen, vart snudd på hovudet. I over to tusen år hadde den politiske makta vore guddommeleg, gudgjeven, ovanfrå og ned. All legitimitet låg i dei heilage aristokratiske institusjonane. Med nasjonalismen sitt inntog, og dermed også populismen, blir det motsett: Elitane misser all legitimitet, og sjølv om Nietzche ikkje erklærte Gud for død før hundre år seinare, var han i alle fall ute av spel alt i 1789. I staden var det folket som gjaldt, folket er den nye gud. I dag botnar all politisk legitimitet i folket, nedanfrå og opp, ikkje Gud, men frå botn, frå folket. Dette er folkesuvereniteten.

Det varte ikkje lenge før populisme vart sjølve grunnsteinen i det politiske livet.

Populismen, i ordets opphavlege meining, kjem til sin rett i politiske val. Som i Nederland, der «populisten» Geert Wilders ikkje nådde fram, slik mange (eit stort fleirtal) frykta. Og det skal dei ha, nederlendarane, stemmesetlane til parlamentsvala deira er ikkje små. Foto: Peter Dejong, AP/Scanpix

Partia som naturleg følgje

I starten var dei nye nasjonale leiarane redde for populismen som låg i det nasjonale og søkte å avgrensa den ved å gi røysterett berre til dei som hadde eigedom, eller var embetsmenn eller borgarar. Tanken var at desse var dei einaste uavhengige fordi dei hadde eigen inntekt. Men sjølvsagt hadde dette også grunn i klasseinteresser; borgarane og bøndene såg nok helst at arbeidarane deira ikkje hadde røysterett.

Det varte likevel ikkje lenge før populisme vart sjølve grunnsteinen i det politiske livet: Frå og med partipolitikkens fødsel på slutten av 1800-talet har ein akseptert at det er naudsynt at forskjellige samfunnssyn organiserast i ulike parti. Sjølve grunntanken i dette systemet er likevel at dei politiske leiarane appellerer til ein så stor del av folket som dei kan for å koma seg til maktas sentrum.

Dagens populisme kjem fordi eliten ikkje respekterer folkets behov for fellesskap og utjamning.
Les også

Vift litt ekstra med flagget når korpset passerer deg på 17. mai!

Les også

Hva er det som holder oss sammen?

Les også

Kongelige gardister troppet opp med nye instrumenter til Ålgård skolekorps

Av folket, men ikkje vulgært

Slik sett er eit partidemokrati per definisjon populistisk: Alle parti søkjar å tekkjast folket, og alle parti ser sin legitimitet i folket. Kven har vel høyrt om eit seriøst demokratisk politisk parti som legg fram saker fordi det er Guds vilje? Eller som lanserer ein politikk som gagnar investorar, men ingen andre? I staden handlar det om folket, og det er vel i alle fall betre enn vilkårleg mystisk gudemakt eller pengemakt? Sjølv om sistnemnte nok har stadig større påverknad.

Det bli eit problem når dei som har makt ikkje tek på alvor stemningane folkedjupet og periferien, men avfeiar dei som noko vulgært. For å unngå at dette skjer, er det viktig med ei erkjenning av at det er interessene til foket som er grunnlaget for politikken, og at meiningsbryting skjer ope og gjensidig mellom alle partar.

Dagens populisme kjem fordi eliten ikkje respekterer folkets behov for fellesskap og utjamning. Den totale avvisinga av alle populistiske straumdrag er del av ein hersketeknikk der alle alternativ til det beståande blir umyndiggjort. Populismen er ikkje problemet, heller indikasjonen på manglande folkesuverenitet, der eliten heller vil ha sin legitimitet frå ovan, som før, men no frå kvarandre.

Tidlegare kronikkar av Eirik Magnus Fuglestad:

Publisert:

Les også

  1. Trumps forbilde var en hissig, rik slaveeiende populist

  2. President Trumps krumspring får flere land til å vende seg imot USA

  3. Her kommer det et hyl fra hylekoret, som Sylvi Listhaug kaller oss

Mest lest akkurat nå

  1. Nytt smittetilfelle i Sandnes

  2. DN: Flere smittet på fest hjemme hos smittevernoverlege

  3. NRK: Prisen på munnbind sjudoblet

  4. Sterke reaksjoner etter skrekkvelten: – Hvert eneste ben i ansiktet er brukket

  5. Vi spiser mye mer importert frukt enn norsk. Det ønsker Ryfylke å gjøre noe med

  6. Bergelands­tunnelen blir stengt fra mandag til jul: – Veldig omfattende oppgradering

  1. Politikk
  2. Nasjonalisme
  3. Populisme
  4. Eirik Magnus Fuglestad