Den ny-liberale stormen og kreftene som driv dei borgarlege partia

KRONIKK: Blenda av ein retorikk der individuell fridom og private initiativ er frelseord, har Noreg glide inn mot eit samfunn der marknadskreftene styrer meir av samfunnsutviklinga.

Publisert: Publisert:

Den eine som ikkje ser inn i kameraet, og som heller ikkje vil inn i regjeringa, er ikkje mindre blenda av marknadskreftene og retorikken om individuell fridom enn dei tre andre. Foto: Vidar Ruud, Scanpix

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi
  1. Leserne mener

Historia er å likna med ein engel fanga i ein storm, så sterk at engelen ikkje klarer opna vengene sine og stoppa. Engelen er dermed eit hjelpelaust vitne til den øydeleggjande stormen som driv den framover. Slik skriv den tyske filosofen Walter Benjamin. Menneska lever på bakken i denne stormen, men evnar ikkje å sjå stormen som den øydeleggjande krafta den er, og ser i staden utvikling mot fridom.

Slik kan ein få inntrykk av den norske historia, når ein ser på resultata ved dei to seinaste stortingsvala, sjølv om dette også går lenger tilbake. Chr. Aanton Smedshaug kallar dette «det ny-liberale plott». Regjeringa av Høgre og Frp har med ekstra styrke fremma ei samfunnsutvikling mot marknadsintegrering i det ein kan kalla ny-liberalisme.

Thatcher og Marx

I korte trekk reduserast oppgåvene til staten og vert gjevne til marknaden. Det frie individet er det høgste idealet, storsamfunnet og fellesskapet blir bannlyst. Margaret Thatcher si utsegn om dette er kjend: «Det finst ikkje noko slikt som ‘samfunnet’. Det finst berre individuelle menn og kvinner, og det finst familiar.»

Karl Marx meinte, til motsetnad frå dette, at historia er historia om klassekamp. I 1814 var det den borgarlige klassen i Norge som gjorde opprør mot det danske eineveldet. Det gjaldt om fridom frå vilkårleg kongemakt og aristokrati; fridom frå «ekstra økonomisk makt» – makt som blir utøvd via lovar, eller ved fysiske trugsmål og vald.

På 1900-talet var det ein ny klasse som kjempa for fridom, arbeidarklassen. Men desse mennene og kvinnene kjempa seg fri får ei anna type makt enn den eineveldige. Dei kjempa seg fri frå den usynlege økonomiske makta som borgarskapet utøvde gjennom at dei eigde produksjonsmidla.

Begge fridomskampane skapa varige resultat. Frå 1814: Rettsstaten som ein bauta over kvart individ sin rett til ikkje å bli fysisk eller rettsleg herska over. Frå kampen til arbeidarklassen: Velferdsstaten som gav individa vern mot det økonomiske slaveriet . «Dei har ikkje anna å missa enn lenkene kring føtene», skreiv Marx, «men ei verd å vinna». Og arbeidarane vann ein fridom bygd på fellesskap og fordeling.

Både Høgre og Venstre (og KrF og Frp) fremmar eit syn på individ og fridom som ligg nærare 1814 enn 2017.

Kreftene bak

Mange vil nok peika på at dette er ei einsidig forståing av historia. Var ikkje både Venstre og Høgre sentrale i utforminga av velferdsstaten? Jo, dei var det, dei var i alle fall med. Men ein må spørja seg kva som var kreftene bak.

Venstre var ei folkerørsle med radikale element, men det var først etter stiftinga av Arbeidarpartiet i 1887 at reformer som allmenn røysterett og dei gryande velferdsreformene til Johan Castberg kom til. Utan arbeidarrørsla som pressfaktor er det ikkje sikkert at Venstre hadde gjennomført desse.

Høyre vart stifta som eit reaksjonært eliteparti. Statsminister Christian Selmer flørta med tanken om militærkupp under parlamentarismestriden i 1880-åra. I 1930-åra stod C.J. Hambro rett nok for ein humanistisk konservativisme, men ein må ein spørja kor mykje denne humanismen var verd for arbeidarane partiet først nekta både røysterett, åtte timars arbeidsdag, alderstrygd og arbeidsløysetrygd.

Ein skal ikkje dvela ved fortida, og ikkje skal ein skulda sonen for syndene til faderen. Det viktige er at både Høgre og Venstre (og KrF og Frp) fremmar eit syn på individ og fridom som ligg nærare 1814 enn 2017. Fridomsomgrepet deira passar seg best for å nedkjempa eineveldig kongemakt og er lite egna til å skapa reell fridom under dagens kapitalisme.

Kan nokon verkeleg sjå attende til midten av 1800-talet, med uregulert marknad og arbeid, liten nattevektarstat og enorme økonomiske skilje, og kalla dette ein tilstand av fridom og individualitet?

Venstresidas sigrar

Den historiske røynsla er at er venstresida har bore fridomen og individualiteten me har i dag, den som har sørga for at me ikkje er prisgjevne uregjerlege kapitalkrefter når me vert sjuke eller arbeidsledige, og som har sørga for at me framleis har kontroll over kapital ved skattlegging og statlege, demokratiske lovar som regulerer. Det er venstresida som veit at marknadsfridommen berre er fridom for dei som alt har, og som veit at marknadsfridomen er ei veldig kraft som berre ved kamp kan leggjast under demokratisk kontroll. Dette har arbeidarrørsla kjent på kroppen gjennom historisk røynsler frå 1800-talet av.

Kan nokon verkeleg sjå attende til midten av 1800-talet, med uregulert marknad og arbeid, liten nattevektarstat og enorme økonomiske skilje, og kalla dette ein tilstand av fridom og individualitet? Det er sjølvsagt ingen som gjer det, men dit kan me vera på veg om høgresida får oppheva det som venstresida har bygd gjennom hundre år. Thomas Pikkety har ganske nyleg peika på i ein enorm studie som viser at at formue og kapital kan bli like sterke samfunnskrefter i det 21. hundreåret som på 1800-talet.

Les også

Kjendisøkonom nekter å ta imot æresbevisning

Difor ser me heller ikkje at lovnadane om fridom og individualitet som høgresida kjem med, i røynda kan vera eit enormt tilbakeskritt.

Fridom – kva slags fridom?

Blenda av ein retorikk der individuell fridom og private initiativ er frelseord, har Noreg glide inn mot eit samfunn der marknadskreftene styrer meir av samfunnsutviklinga. Særlig lét det til at partia i sentrum (KrF spesielt) er blenda av dette. Dei nektar å snu seg mot venstre fordi dei har forelska seg i det private initiativet og den individuelle fridomen – men i den ideologiske, borgarlege drakta som Høgre og Frp har kledd den i, der privat initiativ i røynda ikkje er anna enn initiativet til kapitalen.

Dei 200 åra sidan 1814 er for ein augneblikk å rekna i historisk samanheng. Kanskje har me ikkje fått dei tilstrekkeleg på avstand, og klarer ikkje, som historias engel, å sjå historia for den stormen den er. Difor ser me heller ikkje at lovnadane om fridom og individualitet som høgresida kjem med, i røynda kan vera eit enormt tilbakeskritt.

Men kva veit eg? Eg står også på bakken i stormen.

Publisert: