Bra for Støre at vanlege folk ikkje er kronisk sjuke

Debattinnlegg

  • Helge Kristoffersen
    Helge Kristoffersen
    Lektor og Sandnesgauk
Publisert: Publisert:

Veljarar som er kronisk sjuke med psoriasis og revmatisme, får i år kutta løyvingane til behandlingsreiser med 20 prosent. Det er og 20 prosent færre barn, utan røysterett, som ikkje får reisa til Gran Canaria nokre verker for å sleppa fri frå astma. Løyvingar som overlevde åtte år med blåblå regjering er kutta, og fleire hundre som strevar med kronisk sjukdom får dårlegare livskvalitet. Jammen bra at det ikkje er snakk om «vanlege folk».

Kva er det som er så gale med at kronikarar får hjelp til sjølvhjelp på reiser i streng regi av Rikshospitalet? For det som liknar på ein sydentur i røynda ei sjukehusopphald med strengt program frå morgon til ettermiddag. Kronisk sjuke reiser frå familie og arbeid i tre veker for å få sårt etterlengta pause frå kroniske sjukdommar. Sjukdommar som pregar livet på ein måte som kan vera vanskeleg for «vanlege folk» å forstå.

Fleirtalet i stortinget har heller ikkje kroniske sjukdommar og det bør dei vera glade for. Men er det ikkje slik at det raud-grøne fleirtalet skulle føra ein politikk som meir omsyn til «vanlege folk»? I valkamp og festtalar var det snakk om at dei som ikkje har det så lett skulle få det betre. Kronisk sjuke treng desse turane av objektive medisinske grunnar. For mange er alternativet uføretrygd eller svært dyre biologiske medisinar. Høye og Solberg såg desse pengane på statsbudsjettet som vel brukte.

Støre og Kjerkhol skal vera glade for at «vanlege folk» ikkje er kroniske sjuke. For hadde dei vore det hadde partia med fleirtal neppe vunne attval.

Publisert:
  1. Astma
  2. Sjukdom

Mest lest akkurat nå

  1. Slutter etter 10 måneder hos kulturministeren

  2. Stor og tung last sinker trafikken i kveld

  3. To steinras tirsdag - fv 501 stengt til onsdag

  4. – Eit meisterverk

  5. Jakob Ingebrigtsen vil ikke dele EM-hotell med Gjert Ingebrigtsen

  6. Urovekkende tall om sexpress blant norsk ungdom