Språkstrid: Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling, slik Lars Helle gjer

Forhandlingane om Vestlandsregionen stoppa før partane drøfta bruken av nynorsk og bokmål. Førebels er altså ingen ting avgjort i denne saka. Difor bomma redaktør Lars Helle då han påstod i NRK1 for to veker sidan at det var bestemt at regionen skal vere språknøytral.

Publisert: Publisert:

Sjefredaktør i Aftenbladet Lars Helle (bildet) kritiserer nynorskbrukarane for å vere fundamentalistar når dei føler seg angrepne. «Ville han ordlagt seg så banalt om noko anna gruppe i samfunnet som prøver å hevde rettane sine?» spør direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad. Foto: Lars Idar Waage

Debattinnlegg

Ottar Grepstad
Direktør, Nynorsk kultursentrum

Fleire enn Helle har uttalt seg bombastisk i denne saka utan å kjenne lovverk og sjekke faktum. Ordskiftet etter at intensjonsavtalen blei signert 16. september, viser at svært få fylkespolitikarar har forstått kva dette med nynorsk og bokmål handlar om. Lesarbreva viser at også folk flest er plaga av villfaringar. Det er på tide å rydde.

Les også

Nynorsk blei redninga då Tore Renberg stod fast i arbeidet med sin nye roman

Dei tre fylkestinga i regionen kan og bør ta stilling til to spørsmål. Det eine er at lov om målbruk i offentleg teneste gir fylkestinga rett til å avgjere kva språk staten skal bruke i sin skriftlege kommunikasjon med regionen. Det svaret er enkelt fordi åtte av ti kommunar i regionen har vedteke at staten skal bruke nynorsk til dei. Utan vedtak definerer Vestlandsregionen seg som nøytral, og sakshandsamarane i staten kan velje om dei vil skrive på bokmål eller nynorsk.

Presentert eit framlegg til språkreglar

Det andre spørsmålet er kva som skal vere administrasjonsspråket innanfor regionen. Fylkestinga bør vedta nynorsk administrasjonsspråk med språkreglar som tek vare på dei språklege rettane til både tilsette og private (personar, institusjonar, organisasjonar, bedrifter). Ved å følgje reglane for språk i statstenesta på eitt punkt og svare private på det språket dei sjølve bruker, sikrar regionen rettane også til dei mange som bruker bokmål privat, og som er i fleirtal i regionen. Nynorsk kultursentrum har presentert eit framlegg til slike språkreglar på aasentunet.no, saman med «Språkfakta om Vestlandsregionen».

Les også

Det naturlege skriftspråket i ein ny vestlandsregion er nynorsk

Språklege rettar blir sjølvsagde i land etter land, og det overraskar meg at folk i eit så moderne fylke som Rogaland ikkje er på høgd med verda i denne saka.

Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling, slik Lars Helle gjorde i NRK-debatten. I språknøytrale kommunar og fylkeskommunar dominerer bokmål utan unntak. Rogaland fylkeskommune bruker i dag mykje meir bokmål enn forholdet mellom bokmåls- og nynorskbrukarar i fylket, institusjonelt eller privat, skulle tilseie.

Fleire fylkeskommunar har delte løysingar med nynorsk i nokre sektorar og bokmål i andre, eller nynorsk i nokre typar dokument og bokmål i andre. Dette fungerer aldri godt over tid, og bokmålstilhengjarane av språknøytralitet har nok seg sjølve å takke for at vi nynorskbrukarar ikkje har tillit til ei slik ordning fordi den aldri har teke godt vare på dei språklege rettane som også vi har. Oslo kommune er språknøytral, men ingen sakshandsamar får lov til å bruke nynorsk, til skilnad frå språknøytrale Bergen.

Les også

Fylkesordfører bryter med Vestlandsregionen

Lars Helle har rett i at nynorsk ikkje er noko utryddingstruga språk. Nynorsk og bokmål er blant dei hundre mest vitale språka i verda, i følgje amerikanske Summer Institute of Linguistics. Slik har det gått fordi nynorskbrukarane gjennom demokratiske prosessar har fått sikra sine språklege rettar, ofte til skarpe protestar. Språklege rettar blir sjølvsagde i land etter land, og det overraskar meg at folk i eit så moderne fylke som Rogaland ikkje er på høgd med verda i denne saka.

Tydeleg nynorsk profil

I staden kritiserer redaktøren i Aftenbladet nynorskbrukarane for å vere fundamentalistar når dei «føler seg angrebne». Ville han ordlagt seg så banalt om noko anna gruppe i samfunnet som prøver å hevde rettane sine? Framlegget til språkreglar frå Nynorsk kultursentrum viser korleis dei språklege rettane kan forvaltast til beste for alle, kombinert med ein tydeleg nynorsk profil.

Les også

Ikkje ta kvelartak på nynorsken!

Publisert: