Hydrogenstrategi – Ap slår inn opne dører

DEBATT: Ap’s Kari Nessa Nordtun i Stavanger etterlyser ein hydrogenstrategi frå Erna Solberg og Høgre. Då er det greitt å kunne fortelje at den strategien allereie er langt kome, og vil vera klar for framlegging for Stortinget neste år.

«I klimaforhandlingane i Polen førre veke hausta Noreg mykje positiv omtale for vår fremoverlente haldning for vår klima- og miljøsatsing», skriv Liv Kari Eskeland. Foto: Høyre

Debattinnlegg

  • Liv Kari Eskeland
    Medlem av Stortingets energi- og miljøkomite (H)
Publisert: Publisert:
Les også

På tide med en hydrogenstrategi, Erna?

iconDenne artikkelen er over to år gammel

Under arbeid med klimameldinga stadfesta Stortinget at vi ikkje berre såg nytten av ein hydrogenstrategi, men at dette også skulle vera ein nordisk hydrogenstrategi. Det inneber at det vil ta noko lenger tid å få denne på plass, men på same tid vil den bli enno betre fundamentert og forankra, og inngå som ein del av det nordiske kraftsamarbeid som har vore svært bra for Noreg
fram til i dag.

Vi ligg i front

I klimaforhandlingane i Polen førre veke hausta Noreg mykje positiv omtale for vår framoverlente haldning for vår klima- og miljøsatsing. Vårt næringsliv responderer svært bra på dei milliardar som vert disponert gjennom Enova, bistandsfond og utviklingsmidler for å møte det grøne skiftet.

Det betyr at vi ligg i front når det gjeld grøn skipsfart. Vi opprettheld og styrkar ordninga for teknologiutviklingsmidlar også for olje og gassnæringen. Ikkje berre vil dette sikre at vi har den beste tilgjengelige teknologi på området, men det syt også for at vi kan bygge teknologi på skuldrene av offshorenæringa, anten det dreier seg om flytande havvind, om meir robust oppdrettsnæring, eller crossover-teknologi brukt til medisin og avanserte medisinske instrument.

Å sørgja for vellukka introduksjon av hydrogenteknologi, krev ein helheitstenking mellom ulike politiske verkemiddel. Det er ingen tvil om at hydrogen er ein viktig del av arbeidet for at Noreg skal nå klimamåla våre, og på sikt verta eit nullutsleppssamfunn. Då treng vi både ei stor satsing
på forsking og utvikling, og betre tilgjenge på fyllestasjonar for hydrogenkøyretøy. Det kjem vi til å sjå resultat av i hydrogenstrategien til regjeringa.

Noreg er på mange måtar Europas grøne batteri. Det gjeld sjølvsagt for vår vannkraft, men det vil også etterkvart vera gjeldande for vår gassproduksjon. Om gassen vi produserer etterkvart skal bli hydrogen eller ammoniakk, som er lettare å handtere, vil tida vise. Karbonfangst og lagring vil uansett vera ei viktig brikke i dette biletet, der vi også ser potensiale for svært mange
arbeidsplassar på sikt.

Jobba målretta og godt

Regjeringa har sett seg i førarsetet når morgondagen sine energiløysingar vert vurdert. Det vert jobba målretta og godt for å sikre norsk industriell konkurransekraft. Det betyr at Arbeidarpartiet i dette debattinnlegget slår inn opne dører. Likevel er det ein tryggleik for næringslivet å vite at
også dei vil stille seg bak strategien som vert lagt fram frå regjeringa i 2019.

Les også

  1. På tide med en hydrogenstrategi, Erna?

  2. Seniortanken: – Hydrogen bidrar ikke til klimaløsningen

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. De har pusset opp 13 boliger de siste 17 årene. Nå har de omsider funnet roen på Tau

  2. Veronica Simoné Fjeld hardt ut mot Isabel Raad

  3. Se direkte: Regjeringen kommer med nye tiltak

  4. Den britiske koronavarianten er påvist i tre kommuner i Rogaland – ett av dem i år

  5. Borghild Fiskå er død

  6. Trafikkuhell på E39 ved Skurve