Ydstebø og Base Property på røvartokt på Kvitsøy

DEBATT: Alfred Ydstebøs plan er å byggje eit monsterhotell på vestsida av Kvitsøy, ytst mot storhavet på det mest spektakulære, ville, unike, urørte og vakraste området på Kvitsøy, landets minste kommune i areal.

Publisert: Publisert:

«Når Ydstebø og Base Property ikkje er i stand til å finne gode løysingar for prosjektet og øya saman med kommunen, er dei heller ikkje gode nok for øya vår», skriv Kjersti Greibesland. Her Klavanessundet som ligg rett nedanfor kor hotellet er tenkt. Foto: Kjersti Greibesland

Debattinnlegg

  • Kjersti Greibesland
    Kvitsøy
  1. Leserne mener

Ydstebø framhevar no familierøtene til øya og har uttrykt at han at han med dette vil gi noko tilbake til Kvitsøy. I visjonsnotatet til Base Property om tiltaket blir det skrive: «Det legges vekt på Alfred Ydstebøs lokale tilknytning og engasjement for Kvitsøysamfunnet og hans ambisjon om å bidra til ivaretakelse av de unike kvalitetene som «øynå» representerer.» (Jmf. saksopplysningar Formannskapsmøtet 6. mars 2019)

Rekreasjonsområde

Staden der hotellet skal liggje, ligg midt den mest brukte turstien og er eit rekreasjonsområde kvitsøybuen og gjester brukar flittig både til lands og til vanns heile året. Me har, utruleg nok, ytst få plassar ein i fred og ro kan nyte det ypperste naturen har å gi i stille og ruskever.

Dette er også eit LNF-område og del av kulturlandskapet som bøndene her ute i 2017 fekk nasjonal pris for å ivareta. Fylkesmannens kulturavdeling er sterkt imot planane og uttalar i desember 2018 at området blir vurdert til å ha svært høg landskapsverdi og nasjonal interesse og er foreslått som KULA-landskap (kulturhistoriske landskap med nasjonal interesse).

Alt eller ingenting!

Ydstebø og Base Property ønskjer ikkje å diskutere med Kvitsøy kommune for å finne alternative plasseringar til hotellet, men stiller heller eit ultimatum: Viss ikkje Kvitsøy gir plass til hotellet i dette området, blir det ikkje hotell på Kvitsøy! Alt eller ingenting!

Det vises ingen vilje til å gå i dialog og finne kompromiss for alternative løysingar som faktisk store deler av demokratiet her ute ønskjer. Dette er altså visjonen hans om «gi noe tilbake til Kvitsøy og bidra til ivaretakelse av de unike kvalitetane «øynå» representerer.»

Når Ydstebø og Base Property ikkje er i stand til å finne gode løysingar for prosjektet og øya saman med kommunen, er dei heller ikkje gode nok for øya vår. Dette er ikkje «å gi noko tilbake», men å ta! Ta kompromisslaust! Ta dei unike kvalitetane øya representerer og rasere dei! For meg luktar dette berre eigenvinning og profitt: Byggje opp eit gigantisk bygg på eit av øyas mest unike og sårbare rekreasjonsområder, overlate drifta til ei hotellkjede utan nærleik og kjennskap til øyas kultur og verdiar og så sei takk for seg! Nei takk!

Vondt langt inn i sjela

26. mars skal politikarane på Kvitsøy vedta rullerande kommuneplan for perioden 2018-30. Her er forslaget om hotellnæringsverksemd i eit av Noregs vakraste landskap lagt inn i planen. Øya er delt i synet i denne saka, og det er knytta sterke følelsar til avgjerdsla. Det ser no ut som fleirtalet av politikarane vil gå inn for dette forslaget. Det gjer meg vondt langt inn i sjela!
På utfordringar om å få vektige begrunnelsar frå politikarane som er for hotellveksemd på nettopp denne unike staden, er det merkeleg stille.

Eg håpar politikarane ser at dette er eit overgrep mot øya vår – ein uopprettelig skade som aldri vil bli lækt. Det må liggje meir vektigare argument enn som så for å støtte eit vedtak som fører til det største overgrepet på øya i vår levetid!

Publisert: