Importforbod er ikkje svaret på tørken

DEBATT: Meir proteksjonisme og isolasjon er ikkje svaret på tørken – snarare er det motsett.

– I situasjonen norske bønder no er i etter tørkesommaren, vil utfordinga bli langt større om Noreg no stopper handelen med andre land, skriv Jon Georg Dale.

Debattinnlegg

  • Jon Georg Dale
    Jon Georg Dale
    Landbruks- og matminister, Frp
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Den langvarige tørken er krevjande for landbruket. Kornavlingane er lågare enn normalt. Det same gjeld for grønsaker, frukt og andre vekstar. Grovfôravlingane dekker ikkje behovet for fôr i mjølke- og kjøttproduksjon. Å stenge grensene, er ikkje svaret på tørken.

Eg registrerer at fleire politiske parti og representantar frå bøndene no bed om mindre handel. Dei ynskjer å stoppe den nye artikkel 19-avtalen om handel med landbruksvarer som fleirtalet på Stortinget og EU er samde om.

Avhengig av andre land

Meir proteksjonisme og isolasjon er ikkje svaret på tørken – snarare er det motsett. Det er handelen som no avhjelper, og som er eit viktig grunnlag for jordbruksproduksjonen på kort og lang sikt. Landbruket har vore, og vil alltid vere, avhengig av handel med andre land.

Mangelen på grovfôr må møtast med tiltak som betrar utnyttinga av norske ressursar som halm, auka beitebruk, eller andre måtar som er rett for bonden. Samstundes vil det vere behov for import av fôr. Regjeringa har fjerna tollen for import av høy, halm og anna grovfôr. Importen vil for mange vere eit avgjerande tillegg til eigen fôrproduksjon.

Les også

Tørkerammede bønder får krisehjelp-nei fra Dale

Avhengig av handel

Landbruksdirektoratet fordeler no større kvotar for import av råvarer til kraftfôr. Noko produsentane treng for å produsere meir fiberrik mat til husdyra. Dette gjer det mogeleg med mindre grovfôrdel i fôret. Import bidreg til å auke fôrtilgangen og soleis redusere behovet for å slakte dyr. Nok ein gong fungerer handelen for norske bønder.

Tiltaka er dagsaktuelle eksempel på at norsk landbruk er avhengig av handel. Landbruksproduksjonen slik vi kjenner den i dag, er i stor grad bygd opp på ein fungerande handelspoltikk.

Hadde vi ikkje hatt importen, hadde ikkje norske forbrukarar fått den biffen dei ynskjer.

Regjeringa har som ambisjon å produsere det vi har naturgitte føresetnader for. Matproduksjonen veks og har aldri vore høgare enn med denne regjeringa. Våre krevjande tilhøve for produksjon set grenser for kva vekstar vi kan produsere. Dersom norske forbrukarar skal få dei varane dei etterspør, er vi avhengige av import. Erfaringa er at vi òg i periodar har importbehov av varer som vi har gode føresetnader for å produsere. Det er først med denne regjeringa vi er sjølvforsynte med lammekjøtt, og sjølv om produksjonen veks, er vi fortsatt avhengig av import av storfekjøtt for å dekke etterspurnaden.

Hadde vi ikkje hatt importen, hadde ikkje norske forbrukarar fått den biffen dei ynskjer. Regjeringa skal fortsatt legge til rette for at norske bønder skal kunne auke sin produksjon. I mellomtida hjelp handelen oss.

Må importere

I 2017 besto 40 prosent av kraftfôret til husdyr av importerte råvarer. Dette er i hovudsak råvarer vi ikkje kan produsere sjølv utan at det går utover norsk kornproduksjon. Norske Felleskjøp skriv i «Rom for bruk av norsk korn» at det er behov for import av minst 185.000 tonn energirike råvarer til kraftfôr som ikkje vert produsert i Norge. Norsk produksjon av matkorn er heller ikkje tilstrekkeleg til å dekke forbruket. Difor må vi importere om lag 100.000 – 20. 000 tonn årleg.

Utan import av traktorar, reiskap og andre produksjonsmiddel ville norsk landbruk vore mindre produktivt og meir tungdrevet. Landbruket har alltid vore flinke til å ta i bruk ny teknologi noko som har gjort næringa meir effektiv og attraktiv for unge bønder.

Enorm risiko

Regjeringa skal fortsette å styrke norsk matproduksjon, og har ein klar ambisjon om å produsere meir mat. I situasjonen norske bønder no er i etter tørkesommaren, vil utfordinga bli langt større om Noreg no stopper handelen.

Politikarar og bønder som vil stoppe handelen tek ein enorm risiko. Kva om andre land skulle gjere det same? Noreg ville stå att som den store taparen. Handelen er løysinga, ikkje problemet, også for norsk landbruk.

Les også

  1. 200 tørkerammede bønder møtte på krisemøte

  2. Frykter mangel på norske poteter, gulrøtter og løk

Publisert:
  1. Debatt
  2. Jordbruksoppgjøret
  3. Distriktspolitikk
  4. Handel
  5. Landbruk

Mest lest akkurat nå

  1. Da demensen tok ordene fra Atle, sluttet mange å snakke til ham. – Jeg opplevde at folk krysset veien for å unngå oss

  2. Navn på omkommet frigitt etter båtulykke

  3. Oilers vant overtidsdrama: Karlsen matchvinner mot Storhamar

  4. – Har ikke lyst til å miste noen jeg er glad i

  5. «Glimt av gammel storhet – og masse rør og rot. Men det viktigste denne kvelden var kanskje ikke kvaliteten på Kristian Valens show.»

  6. Foreld­rene er avholds­folk. Selv produ­serer hun vin i verdens­klasse i Burgund