Vi er uroa over utviklinga i barselomsorga

DEBATT: I år handlar 8. mars sin kvinnekamp for oss i KrF Kvinner om kampen for mor og barn.

«Anslag frå jordmorforeininga er at det på landsbasis manglar mellom 600-700 jordmorstillingar i kommunane dersom dei skal ha ei forsvarleg svangerskaps- og barselomsorg», skriv Anne Kristin Bruns. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Nestleiar i KrF Kvinner
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Etter fødselen av mitt første born klarte eg berre så vidt å gå over golvet. I nabosenga sat ei kvinne som same dagen hadde fått sitt tredje barn, og ho spratt ut av senga og var så sjølvsikker og rutinert. Eg tenkte: Er det mogleg? Så ulikt kan ein oppleve det å ha født eit barn.

Ein er usikker

For nokre er det ukomplisert det meste, medan for andre er det mykje som er svært vondt og ukjend. Som mor til fire born vart ikkje nødvendigvis fødslane lettare, men du verda kor mykje erfaringa frå tidlegare fødslar hadde å seie for min eigen tryggleik. Eg vil seie at det er som natt og dag. Fyrste gongen er alt nytt, kroppen din er annleis, få i gang amming og stell av barnet er spennande, men jammen er ein usikker, og ein vil gjere alt rett. Å ha kyndig hjelp anten på sjukehuset eller rett etter at ein kjem heim, er svært viktig på mange plan.

Dersom kvinner skal komme raskt heim, er det veldig viktig at dei får tidleg besøk av jordmor, og at jordmor har tid til å følgje dei opp.

KrF Kvinner er uroa over utviklinga i barselomsorga i Noreg. Den gjennomsnittlege liggetida på norske barselavdelingar har gått frå 3,2 døgn i 2007 til 2,7 i 2016. I tillegg har til dømes Haukeland sjukehus planar om at 40 prosent av kvinner som føder der, skal dra heim 6 timar etter fødsel.

Les også

Vogntog for barselomsorg i Stavanger

Les også

– Ingen skal tvinges hjem seks timer etter fødsel

Les også

Pass på mor og barn! Det nyfødde livet er skjørt.

Apparat i kommunane

Ein kan godt ha gode ambisjonar og lage prognosar, men det må parallelt vere eit apparatet i kommunane for å ta over ansvaret for desse kvinnene og babyane. Slik er det ikkje i dag, og det gjeld over heile landet. Anslag frå jordmorforeininga er at det på landsbasis manglar mellom 600-700 jordmorstillingar i kommunane dersom dei skal ha ei forsvarleg svangerskaps- og barselomsorg. Dersom kvinner skal komme raskt heim, er det veldig viktig at dei får tidleg besøk av jordmor, og at jordmor har tid til å følgje dei opp. Dette både for å trygge og støtte opp om mødre som er i ein ny situasjon, og for å sikre at barnet får nok næring ved at amminga kjem skikkelig i gang.

Ikkje forsvarleg

Eg trong god tid på å få dette til fyrste gongen. Utanom amming vil det være viktig å fange opp om barnet har gulsott eller større utfordringar som tildømes hjartefeil. KrF Kvinner meiner at så lenge barselomsorga ikkje er godt nok bygd opp i kommunane, vil det ikkje være forsvarleg å sende kvinner så tidleg heim. Sjølvsagt skal ein ha lov til å velje det sjølv, og eg veit om fleire som ikkje kan klare å få kome heim tidleg nok. Samtidig er det viktig at ting vert gjort i rett rekkefølgje. Først må ein rigge kommunane til å ta over dette ansvaret, så kan ein redusere liggetida på sjukehuset. Vert dette gjort i feil rekkefølgje, tek ein sjansar med kvinne- og barnehelse. Her tenker eg som kvinne at vi må vere tydeleg og seie ifrå om kvifor.

Ein av utfordringane som vi har sett er at tilfella av fødselsdepresjon har auka mykje dei siste 15 åra. Dette bør være eit varsku om at barselomsorga heller bør styrkast enn svekkast. Difor bør ingen kvinner sendast tidlegare heim, før det i alle kommunar står ei jordmor klar til å følgje henne og barnet godt opp. Når vi er komne så langt, trur eg at mange kan sjå moglegheitene for å reise heim tidlegare.

Ein tryggleik

For meg som kvinne var det å ha moglegheit for å velje å vere på sjukehuset litt lenger ein tryggleik. Eg har ulike erfaringar med dette, men det viktige var at eg faktisk fekk velje det sjølv. Det handla om min eigen tryggleik på det ansvaret vi som foreldre hadde fått, rett i fanget om du vil. Ja, eg trur at vi som kvinner må stå saman nettopp i det å sikre ei forsvarleg oppfølging etter fødselen, enten det er på sjukehuset eller heime. Her er ikkje første og andrelinjetenesta koordinerte nok til at vi er trygge på at mor og barn får den oppfølginga dei skal få og som dei treng.

Les også

  1. Barselhotellet – en god start på livet

  2. SUS dårligere enn landsgjennomsnittet på barselopphold

Publisert:
  1. Debatt
  2. Anne Kristin Bruns
  3. Amming
  4. Fødsel

Mest lest akkurat nå

  1. Viking FK har beklaget til Berntsen – styre­lederen vurderer å trekke seg

  2. Fugleinfluensa påvist på fugl i Nærbøparken

  3. Coop møter Coop i ny bydel som kan få flere innbyggere enn hele Bjerkreim eller Hjelmeland

  4. Fisker frastjålet hummer til 20.000 kroner: – Aldri opplevd før

  5. Verdensmesteren bor i en ombygget container. Tett på naturen for 500.000 kroner

  6. Gigant­broen på E39 vil gi en stor klima­gevinst, mener tilhen­gerne. Nå er et nytt regne­stykke klart