Behald ferjesambandet Judaberg-Nedstrand-Jelsa

DEBATT: Fylket seier nei til 60 prosent kapasitetsauke utan meirkostnad på ferjesambandet i Ryfylke.

Publisert: Publisert:

«Utan ein einaste grunn, vil nå fylkesrådmann og samferdselssjef ta vekk Nedstrand og Jelsa, og dei henviser til brua over Sandsfjorden», skriv Ivar Andersen. Her frå MF «Foldøy». Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Ivar Andersen
    Nedstrand
  1. Leserne mener

Ferjeruta Judaberg-Nedstrand-Jelsa går mellom øyar og stader i noko av det flottaste me har i landet, Ryfylke, og ruta er med rette kalla «limet i Ryfylke», mellom anna av tidlegare redaktør Jon Asgaut Flesjå i Øyposten på Judaberg.

Nytter bare 30 prosent

Nå vil fylkesrådmann Tron Nerdal og samferdselssjef Gottfried Heinzerling legga ned dette viktige ferjesambandet, av di Finnøy må få meir. Det seies at det er kapasitetsproblem, men i Finnøy kommune nyttar dei dekket bare 30 prosent av kapasiteten.

I dag går to ferjer 18-20 timar i døgnet, og gjer totalt 16 rundturar, to av dei går og til Nedstrand-Hebnes-Foldøy-Jelsa i Tysvær og Suldal, den nordre delen av ruta, medan den søre delen av ruta er øyane Fogn, Finnøy, Sjernarøy (Helgøy), Nord-Hidle, Eidssund og Halsnøy i Finnøy kommune.

I dag går turane i Finnøy i ring, innom kvar plassen omtrent kvar einaste tur, eit rutemønster frå forrige århundre, tungvint, ineffektivt og lite kostnadseffektivt.

Utan ein einaste grunn, vil nå fylkesrådmann og samferdselssjef ta vekk Nedstrand og Jelsa, og dei henviser til brua over Sandsfjorden! Akkurat som den kan gjera ein forskjell for rutene på Nedstrandsfjorden, ei manipulering og omgåing av fakta, og ei utestenging av dei 32 bilane som nyttar den nordre delen av ruta kvar tur og dag, med 70 prosent nytting av dekket.

Tysvær og Suldal ber om at fylkeskommunen endrar rutene i Finnøy til direkte ruter mellom Judaberg og Helgøy (og Nord-Hidle), Judaberg-Halsnøy og Eidssund, og Judaberg og Fogn. Men med god hjelp av eit konsulentfirma frå Nord-Norge, utan lokalkunnskap, vil dei heller rasera ruta, gjera henne dårlegare og dyrare.

Kvifor skal Finnøy generelt, og Sjernarøyane spesielt stengas av mot nordfylket? Den raskaste, kortaste og billegaste transporten av laks frå Helgøy til Gardermoen er over Nedstrand.

Fylkesadministrasjonen gjer sitt formelt korrekt, men høyringa er berre eit spel for galleriet. Med direkte ruter i Finnøy kan antall turar per døgn aukast frå 16 til 26, altså meir enn 60 prosent, utan meirkostnad. Med same materiell som i dag vil rutene bli meir effektive, me får fleire avgangar, kortare reisetid, betre ressursutnytting og meir kostnadseffektivt. Kvar plass får dekket for seg sjølv, ein slepp omstuing og snuing for å få ruta til å gå i hop.

Alle øyane får betre ruter og sterkt utvida kapasitet, den nordre delen av ruta kan halda fram som i dag, og det vert billegare og betre enn det som fylkesrådmann og samferdselssjefen vil ha politikarane med på, der dei vil setja inn ein tredje båt til den nordre delen av ruta.

Økonomi fraverande

Fylkespolitikarane generelt, og spesielt dei i samferdselsutvalet, med leiar Arne Bergsvåg i spissen, bes om å avvisa framlegget dei har fått, og så krevja saka utreda på nytt, der ein tar omsyn til det som gagnar heile Ryfylke og Rogaland. I saksframlegget er den økonomiske delen heilt fråverande, berre det må vera grunn god nok for å avvisa opplegget.

Publisert: