For lite kunnskap om god spesial-undervisning; – kva med ein innovasjonskultur for dei svakaste?

KRONIKK: Hovudutfordringa i skulen er at det er så få som skjønar og ser kva elevane med særskilte behov treng. Alle veit at dei treng noko, men få veit kva, kor mykje og korleis.

Publisert: Publisert:

Frå førstesida av Aftenbladet 26. desember i fjor, med tilvising til intervju med Bjørg Klokk, som var PPT-leiar i Stavanger fram til årsskiftet, då ho gjekk av med pensjon. Foto: Anders Minge

Debattinnlegg

  • Per Henning Uppstad
    Professor i spesialpedagogikk ved Lesesenteret, UiS; professor II, Høgskulen i Volda
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Eg las med interesse [dåverande] PPT-leiar i Stavanger Bjørg Klokk sin klare tale i jula om dei svakaste som ikkje får det dei treng i skulen. Der løfta ho også fram dei elevane som ikkje klarer å henge med i den vanlege undervisninga.

At svake elevar lærer meir i heil klasse med fagutdanna pedagog enn utanfor klassen med ufaglært assistent, kan knapt reknast som eit forskingsfunn, men som sjølvsagt.

Skilnaden mellom god og ikkje god undervisning

I vekene etterpå er det mange som har sett ord på noko av det same, nå sist ved professor Thomas Nordahl på Utdanningskonferansen i Rogaland. Nordahl er i ei særstilling, som leiar for utvalet som skal reformere dagens system. Han er skeptisk til spesialundervisning for dei svakaste, og vil heller styrke den generelle undervisninga.

Det er ein god, men gammal idé. Haken ved den er at utfordringa er den same for denne som for spesialundervisninga: Den må vere svært god. Det å gi god undervisning til dei elevane som har størst vanskar, har vore eit kjerneproblem heilt sidan skulen blei nokolunde sivilisert og ein byrja sjå på elevar med vanskar med læringa i skulen som noko anna enn dumme og tilbakeståande.

Nordahl peiker heilt korrekt på paradoks som er beint ut skammelege for velferdsstaten, der det som skulle hjelpe desse elevane i staden er med på å trekke dei under. Argumentasjonen for løysinga er likevel ikkje snorbein. At svake elevar lærer meir i heil klasse med fagutdanna pedagog enn utanfor klassen med ufaglært assistent, kan knapt reknast som eit forskingsfunn, men som sjølvsagt.

Læraren […] håpar det går seg til − og ventar på PPT.

Manglar i pedagogutdanninga

Utover dokumentasjon av skammelege paradoks og sjølvsagte funn, held han fram faren for segregering som kjerneverdi. Problemet med kunnskapsgrunnlaget for spesialundervisinga er at svært få har undersøkt effektane av god spesialundervising. Difor veit heller ikkje lærarar kva god, effektiv spesialundervisning er. Dersom me skal ha kompetanse som er tettast mogleg på eleven, må me ha kunnskap om effektiv undervisning som er tett på praksis for denne elevgruppa. Dette er mangelvare i dag.

Eit paradoks er derimot at me over fleire tiår har hatt rikeleg med forskingsprosjekt og rapportar som peikar ut manglar i systemet og i lærarars kompetanse...

Hovudutfordringa er at det er så få i skulesystemet som skjønar og ser kva desse elevane treng. Alle veit at dei treng noko, men få veit kva, kor mykje og korleis. Skuleleiaren veit godt at desse elevane treng god undervisning, men likevel blir ressursane til spesialundervising og ekstra støtte salderingspost når det trengst vikar. Læraren har lite spesifikk kunnskap om dette frå studiet, men gir så god støtte han kan, håpar det går seg til − og ventar på pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Lærar/masterstudentane ved den nye splitter nye masterutdanninga ved UiS vil lære endå mindre om desse vanskane.

Klårare krav

Av uforklarlege grunnar har universitets- og høgskulesektoren gått fri av kritikken i denne runden. Kanskje er det fordi at dei som sterkast ber kritikken til torgs, sjølv er professorar eller representantar for akademia. Sjølv er eg bekymra for det tilbodet som lærar- og masterstudentar får om lese- og skrivevanskar, som er den hyppigaste grunnen til spesialundervisning i skulen. Faktum er at ved dagens masterstudium i spesialpedagogikk ved UiS nok kan gjere studentane rusta til å arbeide i skulen, men gjer dei ikkje rusta til utfordringane dei møter i PPT. Lærar/masterstudentane ved den nye splitter nye masterutdanninga ved UiS vil lære endå mindre om desse vanskane. Dei vil lære for lite til å kunne hjelpe elevar som treng det mest, og vil sjølv vere hjelpelause om dei skulle arbeide i PPT.

Dette er fordi det aldri har vore plass til å gi kommande lærarar nok kunnskap om det dei svakaste elevane kan og treng. Fram til no har det i det minste vore mogleg på masternivå. Det er det ikkje lenger. NOKUT bør få eit klårare mandat i akkrediteringa på dette området.

... som homeopatar stilt overfor ein ebola-epidemi.

Strekt mellom to polar

Det er mi klåre oppfatning at det spesialpedagogiske tilbodet ved UiS, som eg sjølv har deler av ansvaret for, ikkje er nok oppteken av kva skulen og PPT treng, men bundne av faginterne forhold. Som også Aftenbladet sitt oppslag om Nordahl speglar, er spesialpedagogikken strekt mellom to polar.

Den eine sida kan kritiserast for å vere rigid teknisk og test-orientert, og den andre sida for å vere opphengt i ei ufråvikeleg ideologisk løysing om inklusjon. Sagt på ein annan måte: Den første leier til omfattande og tidkrevjande prosedyrar som ofte blir ståande i vegen for god praksis; ei veldig formalisering av noko som burde vere veldig praktisk.

Den andre er varm, nær og støttande, men heilt ute av stand til å gjere noko substansielt med dei elevane som har størst vanskar; som homeopatar stilt overfor ein ebola-epidemi.

Dei to må hente innsikter frå einannan i ei ganske så radikal nytenking av spesialpedagogikken, og som igjen må munne ut i noko skulen faktisk treng. I andre delar av samfunnet kallar ein dette innovasjon.


Les også

Alle klassar fekk to lærarar, det gjorde susen


Les også

Bjørg Klokk: – Du skulle berre visst kor mange gutar me har hatt her som seier at «dei gav faen». Dei gjorde eigentleg ikkje det.

Les også

Bjørg Klokk: – Lærarane må læra meir om dei barna som har det verst

Les også

Torstein Tvedt Solberg (Ap): − Det Bjørg tek opp, er det største sviket i skulen»

Les også

Dag Mossige: − Bjørg Klokk har slått alarm. Då må me fylgja opp.

Les også

Utdanningsdirektøren slår alarm: For dårleg tilbod til elevar som treng ekstra hjelp


Publisert:

Les også

  1. Spesialundervisningsreform i vente: «Vi må ta radikale grep. Det nytter ikke å flikke».

Mest lest akkurat nå

  1. Solberg varsler koronainnstramminger – men skjermer helsevesen, barn, unge og arbeidsplasser

  2. Myndighetene kommer trolig med munnbind­anbefaling fredag

  3. Klassekamerater ruset seg til døde. Noen kjørte seg ihjel. For Tommy ble redningen fotball og et mislykket tyveriforsøk

  4. Viking har signert ny keeper

  5. Storstevne kan gå i vasken for Team Ingebrigtsen

  6. Tre personer fra Stavanger testet positivt for koronaviruset etter å ha reist med Color Line

  1. Skole og utdanning
  2. Undervisning
  3. Spesialpedagogikk
  4. Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT)
  5. Lærere