Vi er godt i gang med valkampløfta for stavangerskulen

Publisert: Publisert:

Anne Kristin Bruns, oppvekstpolitikar, Stavanger KrF.

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Stavanger KrF
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
  • Les også: Lovte mer til skolen, men nå kutter flertallet

REPLIKK: Først vil eg takke lærarane Bergit, Anne Mari, Christian, Ole og alle dei andre som har hatt mine barn i skulen. Desse står som symbol på lærarane i stavangerskulen som har lagt si ære i at barna og ungdommane får tileigna seg kunnskap for å bli gode samfunnsborgarar –og slik Jon Lilletun ville sagt det: gagns menneske.

Legg lista høgt

KrF har gjennom heile valkampen presisert at lærartettleik er ein viktig prioritet for oss. I programmet for 2015–2019 har vi formulert det på dette måten: «God kvalitet i grunnskolen gjennom økt lærertetthet, dvs. maksimalt 16 elever pr. lærer på 1.– 4. trinn.»

Når det gjeld helsesøstrer og lovnader om 10 nye stillingar i løpet av valperioden, ligg vi godt an med årets satsing på 2,5 nye stillingar i 2016.

Det går fram av kvalitets— og utviklingsmeldinga at klassestørrelse og lærartettleik er to viktig faktorar som styrker elevane sine moglegheiter til både tilpassa opplæring og tidleg innsats. Ein må verne om klasserommet, og effektivisere på andre område. KrF vil stå på for å nå måla om ein lærer pr. 16 elevar i 1.–4. trinn. Vi veit at det er å legge lista høgt, men det held oss ikkje frå å jobbe mot det dei neste fire åra. Stavangerskulen er allereie godt i gang. Sidan Stavanger kommune sin økonomi er pressa, var det viktig for oss i KrF å signalisere i valkampen at vi saman med sentrale myndigheiter vil gjere det vi kan for at dette målet skal bli nådd. Dette har KrF sentralt bidrege til å innfri med øyremerka midlar til 1000 lærarstillingar frå august 2016. Kva dette vil innebere for stavangerskulen er ikkje klart før etter at det er gjort ein grundig prosess i samarbeid med departementet.

Når det gjeld helsesøstrer og lovnader om 10 nye stillingar i løpet av valperioden, ligg vi godt an med årets satsing på 2,5 nye stillingar i 2016. Klarer vi det også dei neste åra, blir det 10 stillingar totalt.

Godt i gang

Eit anna viktig moment for oss har vore mobbeombod. At dette no er med i budsjettet, er eit viktig signal om at arbeidet kjem i gang, og i samarbeid med Rogaland fylkeskommune er dette spennande og realiserbart.

Heldigvis skal ein ikkje innfri alle valløfte på eit år. Vi har fire år på oss til å kjempe for våre prioriteringar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Elgen ble skutt i hagen til Simon: – Jeg måtte advare kona

  2. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  3. Sandnes ble vekket av ulelyd

  4. – Vi må gjøre som i vår

  5. Ny runde om tvangsmulkt for hotell-hullet

  6. Helt lag satt i karantene etter koronasmitte – kamper i 1. divisjon utsatt

  1. Debatt
  2. Stavanger
  3. Skole
  4. Lærere
  5. Kristelig Folkeparti (KrF)