Skuleklar elev, eller elevklar skule?

DEBATT: Over heile landet er 5- og 6-åringar inne i sine første skuledagar. Dei skuledagane har ikkje blitt som lova når skulestarten vart flytta ned eit år.

«Utfasing av barnehagepedagogikken, auka læringstrykk og mindre tid til fri leik for dei yngste elevane skaper utfordringar», skriv Lisa Marie Ness Klungland og Hanne Marte Vatnaland.

Debattinnlegg

  • Lisa Marie Ness Klungland
    Andrekandidat, Rogaland Senterparti
  • Hanne Marte Vatnaland
    Fylkespolitikar for Sp
Publisert: Publisert:

Det skulle være ein mjuk overgang til skolebenken eit år seinare. Førsteklasse skulle være ein stad med små elevgrupper og store lærarressursar. Pedagogikken skulle ligge nærare barnehagen enn skulen. Slik vart det ikke, og prisen er det elevane som betaler.

Margret Hagerup frå Høgre skriv i eit lesarinnlegg at «Nå vil vi innføre en forsterket plikt til oppfølging og intensiv opplæring i lesing, skriving og regning i 1.-4. klasse». Då ser dei som jobber med born kva som ligg mellom linjene; meir av det som skaper dei utfordringane vi ser i skulen i dag. Medan Høgre sin «kunnskapsskule» strider mot all kunnskap, vil Senterpartiet gje elevane tilbake leik og utforskning på born sine premisser; for slik lærer born best.

Seksårsreformen har hatt liten effekt på elevane sitt læringsutbytte.

Den viktige leiken

Nokre meiner framleis at leik stort sett er tull og tøys – noko for friminuttene, men ikkje for klasserommet. Men det er gjennom leik born lærer best. Gjennom leik utvikler dei begrep og språk, motorikk, samarbeidsevner og fantasi. Difor må born også få leike i skulen og bruke heile kroppen, med utgangspunkt i si verd.

Ikkje utan konsekvensar

Utfasing av barnehagepedagogikken, auka læringstrykk og mindre tid til fri leik for dei yngste elevane skaper utfordringar. Seksårsreformen har hatt liten effekt på elevane sitt læringsutbytte. Samstundes peiker signalene frå lærarar og andre fagpersonar at tidlegare skulestart og målstyringen av skulen skjer på bekostning av særleg dei yngste elevane. Vi ser at ein del elevar, og spesielt gutar, har utfordringar med å passe inn i ein stram skuledag med mykje stillesitting, høgt læringstrykk og krav om eigenvurdering

Spørsmålet har blitt korleis skulestartarane kan bli meir «skuleklar», og svaret er å peike nedover i barnehagen, altså at skulen skal trenge seg inn i barnehagen. Dette meiner Senterpartiet vil være eit svik mot borna. I staden må det leggast til rette slik at skulen kan ivareta behova til dei yngste elevane på ein betre måte.

Læraren versus systemet

Heldigvis møter elevane dyktige og omsorgsfulle lærarar som gjer det dei kan innanfor dagens rammer for at borna skal ha det godt på skulen. Men dei blir pressa ovanfrå og må svare til forventningar om at borna bør kunne lese innan jul. For dei skal tross alt skåre bra på leseprøven til påske.

Samstundes sluttar mange lærarar fordi dei opplever at skulen er for mål- og resultatstyrt, og heile 50 prosent av lærarane oppgir at dei har søkt eller har vurdert å søke jobb ein annan stad enn i skulen i løpet av dei to siste åra.

Lærarane treng meir tid og tillit til å gjere den jobben som samfunnsmandatet deira er. Kvar elev er ulik, og då treng læraren å bruke tid på at dei treng ulike ting.

Betre overgangen

Senterpartiet vil betre overgangen mellom barnehage og skule, og redusere mål- og resultatstyring i skulen. Vi vil ha større lærertettleik særleg i barneskulen, og då trengs ei storstilt satsing for å auke rekrutteringa. Sist, men ikkje minst, er ikkje meir leik i skulen det same som å senke faglege ambisjonar for elevane, men heller å anerkjenne grunnlaget for born si utvikling. Fordi det er ikkje borna som skal klargjerast for skulen. Det må være skulen som gjerast klar til å ta imot elevane.

Les også

  1. Bør vi få et digitalt alter­nativ til fysisk skole? Tre forskere svarer

  2. Skolestarten i august er ikke en gledens dag for alle

  3. Første skoledag blir uten far og mor i klasserommet

Publisert:

Valg 2021 - skole

  1. – Leksebevisst skole, ja takk!

  2. – Lovfest miljøterapeuter i skolen

  3. Kva med å utdanna eigne lærarar for små skular?

  4. Eg vil ha fagleg betre nasjonale prøver. Det vil visa eit rausare syn på elevane

  5. Regjeringa har slått bensin på bålet i lærarkrisa

  6. Rogaland best i landet: Slik får de flest mulig til å fullføre videregående

  1. Valg 2021 - skole
  2. Debatt
  3. Skole og utdanning
  4. Lisa Marie Ness Klungland
  5. Hanne Marte Vatnaland