Tidleg innsats i skolen er å gi mogleg­heiter til deltaking

KRONIKK: Jørg Arne Jørgensen presenterer eit vrengebilete av tidleg innsats for elevar som treng hjelp.

Det er dokumentert at gutar tek att jentene i lesing når dei blir vaksne, men det betyr ikkje at innsatsen lærarar og spesialpedagogar legg ned for å følge opp elevar som strevar, er unødvendig.
  • Per Henning Uppstad
    Per Henning Uppstad
    Professor i spesialpedagogikk ved Lesesenteret, UiS
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Skoledebatten er prega av tilsynelatande harde motsetningar, grovkorna analysar og sterke ideal. I Jørg Arne Jørgensen sin gjestekommentar i Aftenbladet 21. mai, der han skriv at «det er grunn til å være skeptisk til målet om ’å fange opp’ flest mulig barn tidligst mulig», møter lesaren alt dette på ein gong.

Jørg Arne Jørgensen har fleire viktige perspektiv i sin gjestekommentar, men han gir eit vrengebilete av kva føremålet med tidleg innsats er.

Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Å sette inn tiltak i skolen tidlig, hvor rett og viktig er det egentlig?»

La oss ta perspektiva først. Han skriv at «kanskje bør man ha større tiltro til at ting går seg til. At modningsprosessen er ulik […]». Dette var opplysningsfilosofen Jean-Jacques Rousseau si grunnhaldning, og i Noreg er Rudolf Steiner mest kjend for tilsvarande tankar.

Vidare skriv Jørgensen: «Lik industrien innebærer skolen en effektivisering og standardisering av oppdragelse og læring.» Skolen som formar barna til tannhjul i samfunnsmaskineriet, har jo blitt kritisert av mange innan t.d. den reformpedagogiske rørsla. Ellen Key slo for over 100 år sidan an tonen i boka «Barnets århundre». Her lanserte ho den kjende formuleringa «sjelemord i skolen». I Noreg er standpunktet særleg representert ved Nils Christie i boka «Hvis skolen ikke fantes» (1971), som mellom anna hevda at oppdelinga i fag gjer skoleprosjektet umogleg. Dette er tankar som utfordrar norsk skole i dag.

Synspunkta kan stå fram som
ganske arrogante overfor
elevar som har store vanskar
med å kome inn i skrifta.

Feil framstilling

Men, tidleg innsats er ikkje det Jørgensen framstiller det som. Det er ikkje for å «fange opp flest mulig», som tittelen på stråmann-vis hevdar. Tidleg innsats handlar om at dei som treng hjelp, skal få hjelp, og ikkje at alle skal lære det same i same takt. Tidleg innsats handlar om å gi moglegheiter til deltaking. Elevar som opplever at dei er del av det sosiale og faglege fellesskapet på skolen, har det betre og lærer meir.

Synspunkta i gjestekommentaren kan såleis stå fram som ganske arrogante overfor elevar som har store vanskar med å kome inn i skrifta, og som treng noko meir for kunne delta i samfunnet på lik linje med andre.

Jørgensen karikerer treffande feilslått hjelp, men balanserer lite når det gjeld fordeler og ulemper ved vurdering og tilpassa opplæring. «Den blå prikken» – det at gutar ser ut til å ta igjen jentene i lesing som vaksne – gir heller ikkje grunnlag for å hevde at innsatsen lærarar og spesialpedagogar legg ned for å følge opp elevar som strevar, er unødvendig.

Den blå prikken har lenge vore kjent, og av den grunn er det i liten grad sett i verk omveltande gutetiltak om lesing i skolen. Mine kollegaer ved Lesesenteret har fleire gonger nyansert påstandar om ei gutekrise, og har møtt motstand for det. Som forskarar har vi dokumentert korleis gutar ligg noko bak ved skolestart, at avstanden til jentene minkar dei første skoleåra. Som leseforskarar føreslår vi difor ikkje å gjere noko anna for gutane enn for jentene. Det er også små kjønnsforskjellar i femte klasse på nasjonale prøver, men litt større på leseundersøkinga PIRLS på same steget. Men oppover i trinna, aukar skilnadene att.

Når det er sagt, er det fleire gutar enn jenter som hektar seg av om undervisninga ikkje blir opplevd som relevant.

Les også

Leseforskere: «Vi kan ikke bare vente og se med elever som har læringsvansker»

Mindre testing

Ønsket om å måle har også blitt noko mindre, ved at styresmaktene har gått inn for å ha færre testar i skolen. Til dømes er kartleggingsprøva i lesing i første klasse gjort frivillig, prøva i andre klasse er borte og læringsstøttande prøver er fasa ut. Dessutan har lærelyst kome inn som formål med vurdering i vurderingsforskrifta.

Men samtidig har kommersielle aktørar, saman med lokalpolitikarar og skoleleiarar, gått andre vegen ved å lage og innføre stadig nye kartleggingar.

Jørgensen argumenterer for at det finst ei uheldig økonomisk tenking i skolen. Det er det lett å vere samd med han i. Men Jørgensen ser ut til å vere overraska over at tenkinga om vekst finst i skolen, som om det var ein tankemodell spesielt utvald for skolen. Det skal svært mykje klårsynt leiing til for at skolen skal kunne vere noko meir enn berre dominert av tankar i samfunnet elles. Men den bør vere det. Vi burde diskutere korleis vi kunne få dette til.

Meir skade enn nytte

Det uforløyste med Jørgensen sin kommentar er at han ikkje verdset noko på innsida av den skolen han kritiserer, men skyv alt frå seg. Nemnde Ellen Key, svensk feminist og skribent (1849–26), ville ha omfamna Jørgensen sin kritikk og frustrasjon i sympati: «Den som fikk i oppgave å felle en urskog med foldekniv, ville trolig erfare den samme overveldende fortvilelse som griper den reformvennlige innenfor det bestående skolesystemet.» Eg trur derimot at det er mange som er positive til å følgje dei spora Jørgensen peikar på – eit stykke. Men eg er usikker på om dei steilaste frontane er vegen å følge.

Same skolekritiske Key ville nok likevel gått Jørgensen i rette når det gjeld tidleg innsats. Ho skriv at «akkurat slik det finnes enkle grunnemner i all føde, finnes enkle kunnskapsemner som må inngå i all høyere kunnskap. Lesing og skriving av morsmålet […] må skolen kreve som obligatorisk grunnlag for å fortsette studiene på mer selvstendig vis». Å gi lesehjelp til dei som treng det – tidleg innsats – handlar nettopp om dette.

Jørgensen vrenger intensjonen bak tidleg innsats til ei brekkstong for å fremme sin kritikk og frustrasjon. Mellom hans elles gode poeng tenkjer eg at dette retoriske grepet gjer meir skade enn nytte.

Publisert: