Gro Skartveit vil bli sakna

DEBATT: Som venstreveljar vil eg nytta høvet til å takka Gro Skartveit for den flotte innsatsen ho har gjort for Venstre i 16 år – ho har stått for haldningar og synspunkt som eg vonar vil prega partiet vidare framover.

«Det er inga skam å snu – difor vonar eg og at Gro Skartveit etter ein tenkepause kan koma tilbake til Venstre», skriv Øystein Røiseland.

Debattinnlegg

  • Øystein Røiseland
    Øystein Røiseland
    Bryne
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det var leit å lesa i Aftenbladet 2. februar at tidlegare ordførar i Finnøy, Gro Skartveit, har meldt seg ut av Venstre fordi partiet har gått i regjering med Frp og Høgre. Eg hadde forståing for reaksjonen hennar då regjeringsforhandlingane starta, sidan det verka svært lite truleg at resultatet kunne bli bra. Men då Jeløya-erklæringa førelå med eit resultat som var langt betre enn eg trudde var mogeleg, var eg optimistisk nok til å tru at dette måtte vera godt nok også for dei mest skeptiske.

Når likevel Gro Skartveit nå har gjort sitt val om å vera uavhengig kommunestyrerepresentant ut valperioden, kan ein berre respektera dette. Men som venstreveljar vil eg nytta høvet til å takka henne for den flotte innsatsen ho har gjort for Venstre i 16 år – ho har stått for haldningar og synspunkt som eg vonar vil prega partiet vidare framover.

Målet for politisk arbeid må vel alltid vera å omsetja mest mogeleg av partiprogrammet i praksis.

Sideval i politikken

Eigentleg gjorde vel Venstre eit sideval i politikken allereie for fire år sidan, då ein valde å støtta Solberg-regjeringa gjennom ein samarbeidsavtale, så slik sett er det vel no snakk om ei naturleg oppfylging. At ein no saman med KrF gjekk til val på eit primært ynskje om ei treparti-regjering (Høgre, KrF og V) med Erna som statsminister, peika i same lei. Også i ei slik regjering ville Venstre blitt ein juniorpartnar, avhengig av Høgre sin respekt og samarbeidsvilje. Når det mot alle odds var mogeleg med ei regjeringsplattform der også Frp er med, så endrar det ikkje på realitetane: Høgre og Erna (ikkje Frp!) sit med hovudnøkkelen og er vaktar av samarbeidserklæringa frå Jeløya.

Framleis i mindretal

Ville det sett annleis ut for Venstre med KrF i same regjering? I flyktningpolitikken ville det då vore fleire til å målbera same synspunkt internt i regjeringa, men ein ville framleis vore i mindretal. Og ser ein på KrF sine utrulege åtak på Venstre fordi arbeidsdokumentet frå Jeløya ikkje nemnde orda «vår kristne arv» og siterte Grunnlova, så trur eg generelt det ville vore lite hjelp og velvilje å få derifrå. Lat meg sitera kva den sentrale stortingspolitikaren Geir Jørgen Bekkevold skreiv i Vårt Land om setningane han sakna: ..dette «kan kun forstås som et radikalt grep i retning av en fundamentalistisk sekularisme som vil fjerne tro og religion helt fra vårt offentlige fellesrom». Mindre kunne ikkje gjera det – og Venstre fekk skulda!

Les også

Gro Skartveit ut av Venstre, meiner partiet har blitt for blått

Dersom ikkje Venstre kan vera juniorpartnar i ei regjering, så kan det bli svært, svært lenge til vi kjem i regjering – i alle fall ikkje i mi levetid. Og målet for politisk arbeid må vel alltid vera å omsetja mest mogeleg av partiprogrammet i praksis. Ikkje berre ropa høgt om sine fine idealar og kritisera dei som lagar gjennomførbare kompromiss. «Det mogelege si kunst», er den gamle definisjonen på politikk. Som veljar vil eg ha resultat.

Ein kan ta hatten og gå

Eg har alltid sett på eit samarbeid mellom Venstre og Ap som mogeleg i svært mange saker, og eg tykte Jonas Gahr Støre i starten synte svært gode takter – ikkje minst forslaget om å ta imot 10.000 kvoteflyktningar. Men med utviklinga som har vore i Ap i seinare tid, samstundes som Sp har lagt seg på ei norskdoms-line der arven frå Fridtjof Nansen er utelaten, så ser eg ingen betre samarbeids-alternativ for Venstre i noverande storting enn det ein har vald. Men å samarbeida i regjering er ikkje noko ubryteleg ekteskap. Blir ein overkøyrd i for mange viktige saker og dei gode resultata uteblir, kan ein ta hatten og gå. Det er inga skam å snu – difor vonar eg og at Gro Skartveit etter ein tenkepause kan koma tilbake til Venstre. I alle fall før neste stortingsval.

Les også

  1. Samarbeid gir best resultater

  2. Ny Venstre-politiker melder seg ut

  3. Bystyrerepresentant i Sandnes melder seg ut av Venstre

Publisert:
  1. Gro Skartveit
  2. Debatt
  3. Flyktningpolitikk
  4. Venstre (V)
  5. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Viking dropper sesongkort – innfører helt ny ordning

  2. Nord-Jæren: 119 nye smittetilfeller

  3. Derfor vil de ikke vaksinere seg

  4. Dette bør du vite om «glattå»

  5. Resultatene i stor fedmestudie overrasker forskerne. Kjell Vidar Moland ble 65 kilo lettere

  6. Regjeringen vil skjære gjennom ved koronakrangel på Nord-Jæren