Derfor har elevar sidemål

DEBATT: Målet med sidemålsundervisninga er ikkje å gjere elevane glade i nynorsk og bokmål. Det er å gi dei den kompetansen samfunnet treng i begge språka.

Publisert: Publisert:

«Den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg. Ein elev på vidaregåande skule i Stavanger kan ende opp med å bli rådmann i Ål eller næringsdrivande i Sogndal», skriv Magne Aasbrenn. Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

Magne Aasbrenn
Leiar i Noregs Mållag

Som leiar av Noregs Mållag ser eg at lektor Helge Kyvik i Haugesund går knallhardt ut mot sidemålskarakteren i Aftenbladet 16. oktober. Verst plar det vere når sidemålet er nynorsk, skriv han. «Det krev faktisk ein betydeleg arbeidsinnsats å lære å skrive eit brukbart sidemål i løpet av vidaregåande.»

Ja, og kva så? er mitt svar. Eg er «gymnaslærar» sjølv og veit at det krev ein betydeleg arbeidsinnsats å gjere det godt i alle fag på vidaregåande.

Aukande mobilitet

Ein underliggande tankegang hos sidemålsmotstandarane er at nynorsken er på vikande front, og at dette er eit fag elevane i framtida ikkje kjem til å få bruk for. Men den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg. Ein elev på vidaregåande skule i Stavanger kan ende opp med å bli rådmann i Ål eller næringsdrivande i Sogndal. Eller kanskje ho eller han ikkje kjem lenger av garde enn til å bli lærar i Hå? Elevar kjem til å flytte på seg i livet, og da vil mange av dei møte nynorsken over store delar av landet – nå som før.

Det er hundretusenvis av jobbar unge menneske kan få i dette landet der dei får bruk for nynorsk. Det Helge Kyvik og andre lærarar må vere bevisste på, er at dei skal førebu elevane på å leve og arbeide i eit land med to offisielle og sidestilte norske skriftspråk. Dette er slått fast i overordna språkpolitiske dokument frå Stortinget. «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk», står det i Granavollerklæringa.

Dersom ein fjernar sidemålet, vil ein gjere dei elevane som har bokmål som hovudmål, dårlegare til å skrive nynorsk utan på nokon som helst måte å bøte på det massive tapet på kompetanse i skriftleg nynorsk som da vil råke samfunnet. For målet med sidemålsundervisninga er ikkje å gjere elevane glade i nynorsk og bokmål. Det er å gi dei den kompetansen samfunnet treng i begge språka. Målet med fysikkundervisinga er ikkje å gjere elevane glade i fysikk, men å gi dei grunnleggande kompetanse i fysikken sine lover. Så er det sjølvsagt fint om dei blir glade i fysikk på vegen, men dei aller fleste blir ikkje det. Det er heller ikkje sett på som eit veldig stort problem.

Nynorskprosenten opp i Rogaland

For at dei som nyttar mindretalsspråket skal ha retten til å bruke og møte skriftspråket sitt, må også fleirtalet få opplæring i det språket slik at dei kan både skjønne det og ta det i bruk der det er demokratisk bestemt at det skal brukast. Og utan karakterar blir læringa dårlegare.

Elles auka talet på elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen i Rogaland med over 200 i siste skuleår, og da gjekk også nynorskprosenten litt opp i fylket.

Les også

Helge Kyvik: På tide å rydde opp, la sidemål bli valfritt

Les også

Gje oss ein læreplan i norsk som held mål

Les også

Skolane må ta ansvar for nynorske læremiddel

Les også

Fikk ikke nynorskbøker til skolestart

Publisert: