Skolane må ta ansvar for nynorske læremiddel

DEBATT: Rogaland fylkeskommune har eit mål om at ingen nynorskelevar skal byte til bokmål. Da må dei sikre at alle nynorskelevane får lærebøkene sine til same tid som bokmålselevane.

Publisert: Publisert:

«Utan læremiddel på nynorsk er det nesten umogleg å vere nynorskelev», skriv Gunnhild Skjold. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Gunnhild Skjold
    Leiar, Norsk Målungdom
Les også

Hun gikk et halvt år uten lærebøker

17. august kunne vi lese i Aftenbladet om vidaregåandeeleven Andrea Hebnes Tobekk, som måtte gå eit halvt år utan lærebøker fordi skolen ikkje hadde bestilt inn nynorsklærebøker. Dette er dessverre ei historie vi har høyrt mange gongar før. Rektor Bjørn Olav Lea ved Jåttå videregående skole, der Tobekk er elev, opplyser til Aftenbladet at han meiner dette er snakk om enkelthendingar. Det stemmer ikkje. Kvar einaste haust høyrer vi om skolar som ikkje har nynorskbøkene klare, og der det ikkje verkar som dei synest det er noko hast å få tak i dei heller. Dette er hendingar som går igjen år etter år, på skolar over heile landet. Det er naivt å tru at det ikkje har skjedd også på Jåttå vgs. tidlegare.

Det er skolane og skoleeigarane som må ta ansvar, og ha rutinar for å sikre at elevane får lærebøkene dei har krav på.

Må ha rutinar

Fleire stader har ikkje elevane fått høve til å melde frå om språkvalet sitt på førehand. Sjølv når hovudmålet til elevane er registrert, er det ofte at bøkene ikkje er klare. Det kan ikkje vere opp til elevane å ha full oversikt over dei språklege rettane sine, og det kan ikkje vere opp til dei å kjempe for å få dei oppfylt. Det er skolane og skoleeigarane som må ta ansvar, og ha rutinar for å sikre at elevane får lærebøkene dei har krav på.

Spesielt viktig i Rogaland

Utan læremiddel på nynorsk er det nesten umogleg å vere nynorskelev. Retten til læremiddel på eige språk sikrar at elevane møter språket sitt, og er viktig for at dei skal kunne bli gode språkbrukarar som er trygge i språket sitt. Dette er spesielt viktig i fylke som Rogaland, der nynorsk møter bokmål, fordi vi veit at det er mange nynorskbrukarar som skiftar til bokmål når dei kjem i mindretal.

Rogaland fylkeskommune har eit mål om at ingen nynorskelevar skal byte til bokmål. Da må dei sikre at alle nynorskelevane får lærebøkene sine til same tid som bokmålselevane. Ein plass å starte er at skolane sjølv tar ansvar for å kartleggje kva elevar som skal ha nynorske lærebøker, og sørgja for at dei får det. Om ikkje kjem vi nok til å høyre nett den same historia til neste år også.

Publisert:

Les også

  1. Hun gikk et halvt år uten lærebøker

  2. Nybø til univer­site­tene om nynorsk: – Nå er det skjer­pings

  3. – Målloven i utakt med språklig virkelighet

Mest lest akkurat nå

  1. Re-Naa og Rosehagen jubler: Oppturer for restauranter i Rogaland, men ikke for alle

  2. Venter «graverende rapport» etter konsert i Egersund

  3. Savnet mann (74) funnet i god behold

  4. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  5. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  6. Oslo er nå «rødt» ifølge FHIs smittekrav til andre land

  1. Debatt