Det offentlege ordskiftet - korleis blir me høyrde?

GJESTEKOMMENTAR: I desse dagar bles det ein heftig bompengestrid over landet vårt. Samtidig er det tydelegvis behov for ei bevisstgjering om korleis me alle bør oppføre oss gjennom det vi seier og gjer i ein samfunnsdebatt.

Publisert: Publisert:

Marcus Tullius Cicero

Debattinnlegg

Narve Dolve
Førsteamanuensis, UiS

Capitolmuseet i Roma ein fredeleg og varm morgon i midten av mai 2019. Det er høgt under taket i rommet eg står i. Ei rekkje kunstgjenstandar er stilte fram på rekke og rad. Framføre meg ser eg ei byste av romaren Marcus Tullius Cicero. Romarriket sin fremste meister i talekunst.

Slik såg han nokolunde ut, tenker eg vidare. Retorikar, statsmann, advokat og sosial observatør som levde tett på det politiske spelet i Roma. Samtidig visste han utmerka godt kva folk snakka om i daglegliva sine, og korleis dei viste seg fram for kvarandre i saker der dei var ueinige. Dette gav Cicero moglegheit til å tenke over korleis vi som samfunnsaktørar burde oppføre oss med kvarandre.

Fornuftige argument

Retorikk femnar om korleis vi skal ta i bruk talemålet vårt for å argumentere for ei sak vi er opptekne av. Ein føresetnad for retorikk er ei optimistisk tru på at folk kan la seg overtyda av argument som talar til fornufta. Sunt folkevet går utmerka godt saman med utøvande talekunst. Men den som tek i bruk usaklege argument skaffar ikkje berre seg sjølv eit dårleg omdømme. Han skadar òg saka si. Det er talaren si sak å gjere framstillinga verdig.

Les også

Klepp-ordføreren snakket om netthetsen mot lokalpolitikerne

For Cicero sin del, er det talekunsten sin verknad for samfunnsmoralen som gjer utslaget. Og den viser til kva skikkar og vanar som bør prege eit samfunn som nyttar argumentasjon for å påverke avgjersler. Demokrati baserer seg på plikter og fridom frå borgarane si side. Ingenting møter denne oppgåva så godt, meiner Cicero, som når personar engasjerer seg i samfunnsdebattar.

Balanse

Institusjonane våre utgjer sjølve ryggraden i det norske samfunnet og følgjer oss gjennom heile livet. Vi møter institusjonane våre frå til dømes fødsel- og familieliv til lag og foreiningar, utdanningsinstitusjonar, arbeidsliv og alderdom. Politikk er ein del av det offentlege institusjonslivet. På den eine sida skal samfunnet sine institusjonar verne om einskildindividet sine rettigheiter, men krev tilbake at du er i stand til å tilpasse deg dei normene og reglane som gjeld for framferd i dei sosiale organiseringane du er ein del av.

Som deltakar i ein eller fleire institusjonar i samfunnet vårt, kan du ikkje oppføre deg upassande og seie og gjere akkurat som du vil. Balansen mellom plikter og fridom, skal sikre ei tenleg samfunnsånd som fortel korleis vi skal oppføre oss i møte med andre. Respekt for institusjonane våre er her avgjerande.

Skikkar for kommunikasjon endrar seg og det gjer debattklimaet i det alminnelege ordskifte òg. Difor er det nødvendig med ei forståing av ein felles samfunnsmoral, der folk veit å innrette seg etter allmenn folkeskikk. Dette gjer omgangen mellom folk smidig og tenleg. For Cicero er ikkje folk berre ei samling av menneske, men eit kollektiv som skal forme borgarane ut i frå ei semje om rettferdigheit, respekt og deling av godar og kostnader. Å utføre handlingar som trossa desse verdiane er ikkje til nokon sin fordel, fordi det bryt med den naturlege solidariteten som bind individa saman i eit samfunn.

Munnleg barbari

Der det ikkje finst køyrereglar for kva som er sømeleg framferd vil det munnlege barbariet til slutte vinne fram. Om det munnlege barbariet får bre om seg kan det bli etablert ein ny praksis, der det blir akseptert å kome med ufine karakteristikkar og trugsmål av personar som måtte meine noko anna enn ein sjølv.

Danning er diverre for mange eit forfina ord som gjev bod om at nokon står over nokon andre når det gjeld val av verdiar og livsførsle. Men danning er ikkje noko anna enn det uttrykket du har i møte med andre personar. Korleis du ordlegg deg og kva språklege vendingar du tek i bruk uttrykkjer samtidig heile din bakgrunn, oppvekst og påverknad. Når du skal kjempe for ei sak som er viktig for deg, treng likevel ikkje erfaringane og bakgrunnen din bety noko som helst, så lenge du veit å oppføre deg passande, og kan leggje fram synspunkta dine på ein balansert måte.

Unngå smaklause ytringar

Sjølv var Cicero ein ordkunstar. Frodig og frisk i språkbruken, men samtidig sakleg og presis. Å opptre sømeleg i debattar er eit poeng for Cicero. Dette heng saman med at lidenskapane og kjenslene må kome under kontroll.  Kjensler ute av drift gjer sitt til at merksemda blir retta mot personen og ikkje saka som vedkomande vil ha fram. Attrå på sjølvstyr kan svekke den kollektive moralen som utgjer eit grunnlag for levelege forhold mellom personar.

Cicero legg vekt på at god talekunst baserer seg på å tale slik det høver seg. Det høvelege passar med situasjonen ein er oppe i, kven ein vender seg mot, og etter stad og tidspunkt. Ein må bruke eit språk som passar til innhaldet. Språkbrukaren må unngå smaklause ytringar som ikkje vedkjem saka. Å snakke enkelt og rett fram er ikkje å forakte. Morosame replikkar treng ein heller ikkje å skusle bort når det passar. Men det det skilnad på å føre eit konkret og kvardagslag språk, og det å vere sjofel mot andre. Difor må den som fører seg språkleg sky smaklause og dårlege påfunn. Ordlegg du deg sakleg med eit variert ordforråd kan du jamvel bli vurdert som ein veltalande person. Frå eit retorisk synspunkt er dette den beste vurderinga eit menneske kan få.

Les også

– Vi skal ha ulike meninger, men fakta må vi ha felles, sier Kristoffer Egeberg, redaktør i faktisk.no.

Les også

Retorikkeksperter bekymret for debattklimaet etter Listhaug-saken

Publisert: