Viktig med nyanser i klimadebatten

Wenche Skorge skuldar meg i Aftenbladet 27.8. for å vere personfokusert i svaret mitt frå 22.08. på hennar debattinnlegg i avisa 17.08.

Publisert: Publisert:

«For å få ned energibruken, trengst det samarbeid både på kryss av partilinjer og næringsområde», skriv Rolf Schei. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Rolf Schei
    Sivilingeniør og siviløkonom, Stavanger

Viktig for meg var å dokumentere forsøk på å diskreditere meiningar til folk i olje- og gassindustrien. Vidare å peike på utfordringar med utsleppsreduksjonar, jakta på nye energiløysingar og fornybare energikjelder. Ingen er tent med at meiningsmotstandarar blir forsøkt umyndiggjort og lettvinn omgang med fakta, til det er denne debatten for viktig.

Som eg skreiv i mitt innlegg så meiner eg at 40 prosent ned med klimautslepp innan 2030, krev ei massiv omstilling i forbruk. Vi må redusere bruken av energi forårsaka av vårt konsum av varer og tenester. Dette skjer ikkje utan at kvar og ein av oss tar ansvar.

Framleis ei viktig rolle

Ei endå større utfordring er at vi fram mot 2050 skal gje 2 milliarder fleire menneske enn i dag tilgang til energi. Parallelt har vi måla om å redusere bruken av dei største energikjeldene vi har olje, gass og kol (85% av verdas primære energiforsyning i 2018). Samstundes skal hundrevis av millionar menneske løftast ut av ekstrem fattigdom, og i tillegg ynskjer vi å bevare så mykje som mogeleg av det vi har att av urørt natur. Basert på dette kompliserte bakteppet har kanskje olje- og gassektoren framleis ei viktig rolle å spele.

Skorge kjem også med ei forsikring om at ho ikkje er for ei snarleg avvikling av næringa, det eg kaller for eit «korstog». Men ho skriv også: «Det gir ikkje lenger meining å bruke pengar, politisk kapital eller andre ressursar på å støtte opp om oljenæringa.» For meg er det enno noko uklårt kva ho meiner.

Mykje å gå på

Til slutt vil eg nemne eit viktig poeng ho tar opp, og som eg trur vi begge er einige om. For å få ned energibruken, trengst det samarbeid både på kryss av partilinjer og næringsområde, og der er det mykje å gå på.

Publisert: