Matfylket Rogaland vert nedbygd

DEBATT: Senterpartilaga på Jæren vil flytta utbygging over på uproduktive områder.

Publisert: Publisert:

«Me ser at Jæren vert sakte, men sikkert bygd ned», skriver Sp-ordførarar frå Rogaland. Foto: Anders Minge

Debattinnlegg

  • Debatt
  • Innlegget er skrevet ordførerkanditatar for Sp i Rogaland: Jarle Bø, Randaberg; Dagny Sunnanå Hausken, Stavanger; Leif Arild Lie, Sola; Martin S. Håland, Sandnes; Roar Lima Grødeland, Klepp; Bjarne Undheim, Time; Torbjørn Fjermestad, Gjesdal; og Svein Høyland, Hå.

Ein ting er i alle fall sikkert. Jorda på Jæren er fantastisk til å dyrka mat i. Frå dei første brokkoliane vert hausta på Wiig og jordepla vert sendt austover frå Randaberg, til ein står og kappar stilkane på dei siste kålhovuda på hausten, bugnar det på Jæren. Det er eit matfat som gjev utrulege avlingar av grønsaker – for ikkje å snakka om enorme mengder med gras, som rett foredla gjev framifrå kjøtvarer.

Eige slag

Jordbruksjorda på Jæren er av eit eige slag, og har vorte forvalta i tusenvis av år. Fleire stader finn me stadnamn som er knytt til grøde og vekst; Frøyland i Time er eitt eksempel. Og det kan spora oss inn på hovudsaka i dette innlegget; verdien av jord kontra nedbygging av ho.

14. november 2018 var det ein leiar i Aftenbladet der me i ingressen kunne lesa: «Vern av matjord krever mot, langsiktighet og politisk enighet.» I teksten vart det vist til arbeidet med ny kommunedelplan for Sandnes, og slutninga er «... de trenger faktisk ikke bygge på dyrka jord. Vi har ikke mer matjord å miste.»

Oppsiktsvekkjande

Med denne bakgrunnen er det ikkje anna enn oppsiktsvekkjande at Aftenbladet i det store og heile har gått stilt i dørene når Fylkestinget, etter tilråding frå fylkeskommunen, legg opning for å byggja ned inntil 23.000 mål midt i matfatet på Jæren.

Regionplanen vart vedteken 12. juni i år. Og vedtaket er kort fortalt at fylkestinget, med unntak av Senterpartiet, vedtok at ein kan byggja ned inntil 23.000 mål landbruksareal fram til 2050.

Rogaland fylkeskommune har lagt Byvekstavtalen til grunn, og konkluderer med at «... heretter er det slutt på å bygge på haug og hammer.» Samordning av areal og transport skal altså skje ved å byggja ned landbruksjord.

Det er eit politisk grep som har vore gjeldande lenge, og me ser at Jæren vert sakte, men sikkert bygd ned. Det er brei politisk einigheit om å bygga bussveg mellom Sandnes og Stavanger, og å fortetta og utnytta areala i bybandet her. Dette arealet vert nedbygd, og om nokre tiår må nytt areal finnast. Fylkeskommunen og fleirtalet i fylkestinget har funne ut at matfatet nord på Jæren er det som skal ofrast.

45.000 mål kan verta nedbygd

Ser me enno litt lengre – til 2080, så er me kanskje 600.000 innbyggjarar på Jæren. Sjølv om me frå nå og framover byggjer like tett som Oslo i dag, kan eit areal på rundt 45.000 mål verta nedbygd – det tilsvarer landbruksareala i Sola, Randaberg og Stavanger!

Me kunne sagt mykje om mattryggleik, beredskap, klima og miljø, men me viser til Aftenbladet tysdag 27. august, der Anne Jortveit har ein kronikk med tittelen «Klimarisiko gjør jordvern viktigere». Om det ikkje er mange dagane sidan trengst følgjande å seiast enno ein gong (sitert etter Ciceroforsker Bjørn H. Samset): «... det viktigste kommunene kan gjøre er å sikre den matvareproduksjonen vi har i Norge, også om det kan være mer økonomisk lønnsomt å gjøre noe annet med det samme
landarealet.»

Går feil veg

I dei fleste politiske vedtak kan me fatta eit nytt om me ser det går feil veg. Nedbygging av matjord gjer me derimot ein gong; dessverre igjen og igjen. Senterpartilaga på Jæren vil flytta utbygging over på uproduktive områder. Dei finn me i alle himmelretningar, om me ikkje ser vestover.

Publisert: