40 år med høgare akademisk utdanning i Stavanger

KRONIKK: I 1979 fekk Stavanger godkjent den første høgare akademiske graden – to år etter at Misjonsskolen «tjuvstarta» med å endra namn til Misjonshøgskolen, utan eigentleg å vera det.

Publisert: Publisert:

25. august 1981 la kyrkje- og undervisingsminister Einar Førde ned grunnsteinen – til høgre i biletet – for nybygg på Misjonshøgskolen. Utan godkjenninga av cand.theol.-graden to år tidlegare, hadde bygget ikkje blitt realisert, skriv Magnar Kartveit. Foto: Øyvind Ellingsen

Debattinnlegg

Magnar Kartveit
Professor i Det gamle testeamentet, VID Misjonshøgskolen

Fredag 30. november 1979 er ein merkedag i Stavangers akademiske historie. Klokka 06.49 tikka det inn på fjernskrivaren i Stavanger Aftenblad ei melding om at Kyrkje- og undervisingsdepartementet same dag, ved kongeleg resolusjon, ville godkjenna at Misjonshøgskolen skulle få tildela graden cand.theol. (candidatus/candidata theologiae; på norsk: teologisk embetseksamen).

Bak denne godkjenninga stod Kjølv Egeland, kyrkje- og undervisingsminister minister fram til 8. oktober 1979 (i Odvar Nordli si Ap-regjering; red.mrk), og Einar Førde, minister frå 8. oktober av. Kjølv Egeland var den første direktør ved Rogaland distriktshøgskole, oppretta i 1969. I 1976 vart han kyrkje- og undervisingsminister og ansvarleg for eksamensretten til Misjonshøgskolen i 1979.

Dette var den første godkjende universitetseksamen på høgare nivå i Stavanger. Somme vil vita at det i 1979 eksisterte éin eksamen til på høgaste universitetsnivå: cand.techn. ved Rogaland distriktshøgskole. Men både graden og tittelen var «made in» Stavanger, og først i 1987 gav departementet rett til tittelen sivilingeniør. Cand.techn.-studiet var oppretta lokalt utan departemental godkjenning.

Kronglete veg

Nybygget på Misjonshøgskolen, her ca. 1984, vart reist mykje takka vere gåver. Men det var ikkje sjølvsagt at det vart til. Foto: Misjons- og diakonarkivet, VID

Eksamensretten til Misjonshøgskolen markerte eit tidsskifte både for den og for det akademiske liv i byen. Rett nok hadde Misjonsskolen tatt i bruk namnet Misjonshøgskolen i 1977, men det var utan departemental medverknad, og meir eit uttrykk for optimisme og uprofesjonell saksgang enn realitetar.

Hadde ikkje eksamensretten kome, ville ein ikkje ha kunna forsvara høgskole-namnet. Då ville studentane som hadde begynt etter ny studieplan, ikkje ha fått den eksamen dei var lova. Heller ikkje tanken om eit nybygg ville ha blitt realisert. Utviklinga ville i det minste ha blitt forseinka, kanskje stoppa opp.

Eksamensretten i 1979 hadde ei forhistorie. På slutten av 1960-åra vende Det Norske Misjonsselskap seg til Det teologiske menighetsfakultet i Oslo med spørsmål om dette kunne laga ei utdanning for misjonsprestar. Det ville ha gagna begge partar, økonomisk og akademisk. Spørsmålet vart avvist, og Misjonsselskapet bad difor biskop Olav Hagesæther i Stavanger om å leia ein komité for utgreiing av utdanninga. Av forskjellige alternativ frå denne komitéen valde generalforsamlinga i Misjonsselskapet i 1975 den dyraste og beste – ein misjonshøgskole i Stavanger. Vedtaket vart gjort på universitetsområdet i Oslo, rett for auga på Menighetsfakultetet.

Les også

Kronikk: «150 år med afrikanske studenter ved misjonsskolen i Stavanger»

Satsa millionar

I søknaden om eksamensrett kunne ein presentera fire professorar av det personalet som skulle til. Distriktshøgskolen fekk sine første professorar på 1980-talet. Allereie i 1974 var to doktorgradsstipendiatar tilsette med tanke på kvalifisering for Misjonshøgskolen, og fleire kom i åra etterpå. Frå 1974 til 1984 vart meir enn ein lærar eller stipendiat tilsett kvart år. Misjonsselskapet satsa millionar på desse personane. Alle fullførte kvalifiseringa, og la fundamentet for institusjonen.

Men i 1979 var det nødvendig med hjelp utanfrå. Departementet godkjende to supervisorar frå Universitetet i Oslo og Menighetsfakultetet. Slik kunne ein halda oppe grunnlaget for eksamensretten. Den var nemleg gitt for fem år, og kunne mistast.

Kjølv Egeland på rektorkontoret på Kongsgård, seks år etter at han gikk av som kyrkje- og undervisingsminister i Odvar Nordli si regjering. Foto: Knut S. Vindfallet

Då Kjølv Egeland besøkte Misjonshøgskolen ti års tid etter eksamensretten, vart han minna om åremålet og faren for å mista retten. «Dere kommer aldri til å miste den!» braut han spontant ut.

Og han fekk rett. I 2002 fekk Misjonshøgskolen rett til å tildela graden dr.theol., og i 2008 vart han akkreditert som vitskapleg høgskole. Denne kvalifikasjonen var viktig ved fusjonen med tre andre institusjonar til VID vitskapelege høgskole i 2016. Misjonshøgskolen var den einaste av dei fire høgskulane med full status. Difor kunne det bli ein vitskapleg, til og med dobbelvitskapleg høgskule: VID er nemleg eit akronym for Vitenskapelig Internasjonal Diakonal.

Dei fleste gjevarane er minstepensjonistar, og dei reiser ein akademisk institusjon.

Likestilling og grasrot

30. november 1979 gjekk flagget til topps på Misjonshøgskolen. Eksamensretten var eit faktum, ein eksamensrett for full seks og eit halvt års teologisk utdanning. Då kyrkje- og undervisingsminister Einar Førde la ned grunnsteinen til nybygget 25. august 1981, sa han at Norge må tilby same utdanning til prestar som skal til misjonslanda, som til dei i Norge.

Det er eit avgjerande argument, bygt på tanken om likestilling. Einar Førde var son av ei misjonskvinne, så han kjende fotfolket. Han talte som dei tenkte. Og dei satsa, dei satsa millionar på personalet og nybygget.

Som tidlegare styreleiar Njål Kolbeinstveit ofte sa: Dei fleste gjevarane er minstepensjonistar, og dei reiser ein akademisk institusjon.

Det er grunn til å heisa flagget kvar 30. november som markering av ein milepæl i Stavangers akademiske historie, som ein merkedag for misjonen og som ei hylling av dei som stod bak.

  • Magnar Kartveit var Dekanus ved Misjonshøgskolen i periodane 1988–1990 og 1996–1998.
Les også

Bård Mæland ny rektor på VID

Les også

Kronikk: «50 år med stadig mer allsidig vernepleier-utdanning i Rogaland!»


Hallgeir Skretting og Turid Borgen intervjuar spedalske Eloi, som bur i leprakolonien bygd av norske misjonærar på Madagaskar.

Les også

Kronikk: «Den første ’stavangerbølgen’ i norsk film»


Les også

Magnar Kartveit: «Juleevangeliet i fleire versjonar skaper mange spørsmål»

Publisert: