Legeutdanning ved UiS den beste medisinen for heile landet
DEBATT: Lite i denne verda er meir føreseieleg enn når dei privilegerte slår kringvern om særrettane sine. Difor er det inga overrasking at rektorane ved universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø (BOTT) står saman i solidaritet mot modellen som er utvikla for oppstart av medisinstudium ved Universitetet i Stavanger (UiS).
«Så snart innhaldet i vår studiemodell blir kjent, vil ein sjå ei tilpassing frå BOTT-universiteta til liknande tankesett. Slik er det med konkurransen; han skjerpar alle», skriv UiS-rektor i sitt svar til universitetsrektorane i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø (BOTT).
Debattinnlegg
- Klaus MohnRektor, Universitetet i Stavanger
Ei sak er me einige om: Målet må vere å utvide kapasiteten for medisinutdanninga i Noreg. Dette er i tråd med målet til regjeringa, prinsippa i WHO sitt charter og ikkje minst med tilrådingane frå Grimstad-utvalet.
Halvparten av Grimstad-utvalet tilrådde at auken i kapasitet kan skje gjennom studiemodellar som den UiS no har utvikla, og at fleire universitet kunne få rett til å tildele cand.med.-graden enn dei fire som har denne retten i dag.
Aleksander Stokkebø (H): «UiS-modellen er billigst og best!»
Fire universitetsrektorer: «Stokkebøs modell for legeutdanning er usolidarisk og utdatert!»
Modellen vil slå an
Vår studiemodell er rask, rimeleg og treffsikker. Med opptak av studentar som har tre års studietid frå utlandet, kan me forsyne helsesektoren i Noreg med nyutdanna legar allereie etter tre år. Tre år med studiar kostar mindre enn seks år. Det viktigaste er likevel at innhaldet i vår studiemodell treff godt på dei spesifikke behova i helsevesenet.
Studietilbodet vårt er utvikla av framifrå fagfolk ved UiS og Stavanger universitetssjukehus, samt nestleiar i Norsk medisinstudentforeining og leiaren av Foreininga for norske medisinstudentar i utlandet. Modellen set studenten i sentrum, med praksisnær og utfordringsbasert læring i tverrfaglege team, kombinert med systematisk individuell tilbakemelding på løpande basis. Innhaldet er tilpassa dei mest aktuelle problemstillingane i norsk helsevesen, med spesiell vekt på allmennpraksis, pasientforløp, samarbeid og samhandling, og med eit høgt innslag av helseteknologi.
Så snart innhaldet i vår studiemodell blir kjent, vil ein sjå ei tilpassing frå BOTT-universiteta til liknande tankesett. Slik er det med konkurransen; han skjerpar alle. Nettopp difor vil ei opning for medisinutdanning vere det beste for pasientane, for Helse-Noreg – og for studietilbodet til dei andre lærestadane.
Om utanlandsmodellen ikkje skulle vinne fram, så vil me gjerne vurdere samarbeid med andre universitet, så lenge samarbeidet er balansert, med gradsrett og studieplassar til begge partar i samarbeidet.
Alt ligg til rette
I regionen har me ledig medisinsk kompetanse ved UiS og i primær- og spesialisthelsetenesta. Studiemodellen vår har vore til grundig fagfellevurdering, med særs gode tilbakemeldingar. Me har infrastruktur, pågangsmot og ein region som er klar med pengar til oppstarten.
Likevel blir me altså stoppa av ei forskrift som seier at berre fire universitet kan tilby denne utdanninga, uavhengig av kvalitet og kompetanse ved andre universitet. Det som høyrer til framtida for forskingsbasert utdanning er openheit, nyskaping og kvalitet. Det som er utdatert er forskrifter og regelstyrte privilegium.
Les også
Mest lest akkurat nå
Det forlatte alpeparadiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turistgruppe vil de ikke ha tilbake
Nå kan du få mykje for hytta: – Aldri opplevd maken
Frykter tre tilfeller av mutert virus i Stavanger
Før syntes de at bilene var stygge. Nå eier de 60–70 gamle Saaber.
Sandnes: To smittetilfeller knyttet til mutert virus i Klepp
Reagerer på kravet om tak på 200 cruiseanløp til Stavanger. Nå skal havnene i Sandnes og Risavika tas i bruk.
Aftenbladet anbefaler
Det forlatte alpeparadiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turistgruppe vil de ikke ha tilbake
Regnet tærer hardt på snøen: - Jeg er sjeleglad for at det ikke er denne uka det er vinterferie
Lettere psykisk utviklingshemmet mann risikerer ni års fengsel for nettvoldtekter
Time kommune legger seg flate – beklager reaksjonen mot biblioteksjefen