Kva for eit Vestland?

KRONIKK: «Namnevalet ’Vestland’ undergrev offentleg språkpolitikk.»

Kommunalminister Monica Mæland (H) innstilte fredag på at Hordaland og Sogn og Fjordane etter samanslåinga skal kallast Vestland. Har den tidlegare byrådsleiaren i Bergen gløymt at ho òg er minister for både demokrati og klårspråk? Og kva med språkambisjonane i den siste regjeringserklæringa? Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Yngve Flo
    Yngve Flo
    Historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Seinare i vår avgjer Stortinget namnet på det nye fylket av Hordaland og Sogn og Fjordane. Regjeringa innstiller no på «Vestland», som oppstod som eit slags kompromiss etter at namnevalet «Vestlandet» møtte sterke protestar. Men ingen skal la seg lure av lausbarten. Namnet «Vestland» (med det tilhøyrande innbyggjarnamnet «vestlending») er for dei fleste føremål identisk med «Vestlandet». Dei prinsipielle og praktiske vanskane med namnevalet er difor dei same for eit «Vestland» i ubestemt form.

Om Stortinget sluttar seg til «Vestland», vil vi som bur i det nye storfylket ha annektert eit namn som grannane våre i sør og i nord, i Rogaland og i Møre og Romsdal, har like mykje eigarskap til. Fleire, inkludert underteikna, har festa seg spesielt ved dei problematiske kulturpolitiske og identitetsmessige følgjene av namnevalet. Og når hovudmålet for reforma her vest var å sikre Vestlandet «større demokratisk påverknad regionalt og nasjonalt» og «fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar», er det då strategisk lurt å halvere Vestlandet?

Korleis skal vi forklare niåringar på Bryne og på Hareid skilnaden mellom Vestland og Vestlandet – og endå verre, at dei og skulekameratane er vestlendingar og ikkje-vestlendingar på ei og same tid?
  1. Slik ser Vestlandet ut på kartet i dag, med dei fire fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, og kartet forvirrar ingen. Ikkje enno.

  2. Slik vil Vestlandet sjå ut på kartet i dag, om regjeringa får Stortinget med seg, med dei tre fylka Møre og Romsdal, «midtvest-fylket» Vestland og Rogaland. Då vil det bli språkforvirring.

Språklege forviklingar

Det finst likevel éin vesentleg veikskap ved namnevalet som så langt har fått for lite merksemd, nemleg at det undergrev sjølve det norske språket – og dermed evna vi har til å kommunisere med kvarandre og til å gripe den verda vi lever i. Det har vore hevda at dei to forståingane av Vestland(et) og vestlendingar kan leve side om side. Det stemmer ikkje. I praktisk språkbruk vil det ofte oppstå forvirring: Kva for eit vestland er det snakk om?

For «Vestland» vert ikkje berre namnet på ein ny fylkeskommune. Namnet får overføringsverdi til andre offentlege institusjonar: Vi får mellom anna Fylkesmannen i Vestland, og vi får kanskje ein «vestlandsbenk» på Stortinget. Vestland vert namnet på sjølve territoriet, og vert hogd i stein, bokstaveleg tala. På fylkesgrensene ved Vanylven, Volda og Vindafjord vil granitten tale eit tydeleg språk: Her går skiljet mellom dei som er vestlendingar, og dei som ikkje er heilt vestlendingar, og gjerne noko heilt anna. Korleis skal vi forklare niåringar på Bryne og på Hareid skilnaden mellom Vestland og Vestlandet – og endå verre, at dei og skulekameratane er vestlendingar og ikkje-vestlendingar på ei og same tid?

Orda som no er tiltenkt ei ny og innsnevra meining, er mykje nytta. Om nokon treng handfaste prov, er det berre å ta eit enkelt søk i avisdatabasen Atekst: Omgrepa «Vestlandet « og «vestlending» vert nytta godt over ti tusen gonger årleg i lokale, regionale og nasjonale mediar. Sjølv om orda ikkje alltid vert nytta med kirurgisk presisjon, er det opplagt at dei i hovudsak refererer til heile området frå og med Rogaland i sør til og med (i alle høve størstedelen av) Møre og Romsdal i nord. Vi har påfallande ofte bruk for desse namna og nemningane, som ved omtale av politikk, næring, og samferdsle, av kultur og natur – og av oss sjølve. Og om Vestland(et) då samstundes betyr noko mindre og snevrare, får vi problem. Vi må uttrykkje oss meir omstendeleg for å presisere om det er det «gamle» eller det nye og amputerte Vestlandet vi siktar til. Vi gjer det altså meir krevjande å vere språkbrukar.

Om Vestland og Vestlandet i to tydingar skal leve side om side, vil vi skape forvirring og misforståingar. Og på lang sikt skjer kanskje det som elles ofte skjer: Språket «reparerer» seg sjølv, og då ved at den eine bruksmåten fortrengjer konkurrenten. Det vil ikkje skje over natta, men i løpet av nokre tiår vil vi gjerne slutte å bruke omgrepet Vestlandet om området nord for Stad og sør for Sveio. Vi vil då ha oppretta ein slags orden i språket att, men til ein høg pris.

Les også

Kjemper nynorskens sak med tysk metall

I strid med språkpolitikken

Denne saka handlar om meir enn kjensler og kulturhistorisk medvit. Namn og nemningar på politisk-administrative organ er eit viktig uttrykk for offentleg språkbruk, og når stat og kommune har store ambisjonar om klårspråk, er det ut frå eit medvit om at dårleg kommunikasjon har ein stor kostnad for oss alle, både i økonomisk og i demokratisk meining. Namnet «Vestland» på halve Vestlandet undergrev opplagt norsk klårspråkspolitikk.

Eit klårt språk i stat og kommune fremjar demokrati og rettstryggleik, og skapar tillit, understrekar fagorganet Difi, som saman med Språkrådet skal fremje eit brukarvenleg språk i statlege verksemder. I den politiske plattforma frå Jeløya understrekar regjeringa Solberg jamvel to gonger kor viktig det er for å offentleg sektor å forsterke innsatsen for klårt språk; å kommunisere godt med innbyggjarane, og å fremje «brukerorientering, innovasjon og effektivitet». KS, interesseorganisasjonen for norske kommunar og fylkeskommunar, har liknande ambisjonar. At éin av tre innbyggjarar ikkje forstår innhaldet i offentleg informasjon, vert av KS framheva som eit demokratisk og økonomisk problem.

Les også

Slik har 80 milliarder SMS-er påvirket språket vårt

Ansvaret for å rydde opp

No er det altså Stortinget som avgjer namnet på det nye fylket midt på Vestlandet. Kommunalministeren har lagt vekt på kva dei to fylkeskommunane som skal fusjonerast, sjølv har kome fram til. Ho kunne ha valt å leggje vekt på at ho òg er minister for dei andre fylka på Vestlandet. Ho er demokratiminister, ho er minister for brukarar av offentleg forvaltning – og ho er klårspråksminister. Vågar Stortinget no å vise at det ligg eit alvor bak offentleg språkspolitikk?

Les også

«Me treng meir og betre språkpolitikk»

Les også

Stavanger manglar ein språkpolitikk

Les også

Språkrådet slakter Statoils navnevalg


Les også

  1. Yngve Flo: «Då Rogaland vart Rogaland»

Publisert:
  1. Regionreform
  2. Språk
  3. Demokrati

Mest lest akkurat nå

  1. Stort rånertreff på Sømmevågen: – En siste samling

  2. Slik ligger Stavanger og Sandnes an med vaksineringen

  3. Trafikkulykke på Sola - to personer fraktet til sykehus

  4. Nord-Jæren ser vekk fra Helsedirektoratets definisjon når det gjelder treningssentre

  5. – Dette er en av de enkleste og beste desser­tene jeg vet om

  6. Sykehusinnleggelser med covid-19 øker på SUS - ung pasient på respirator