Trygg barselomsorg for alle er målet

DEBATT: Debatten om føde- og barselomsorga på Vestlandet har spora av. Faktafeil bidreg til å skremme kvinner i ein sårbar situasjon. Det er behov for tydelege presiseringar. Ingen kvinner skal tvingast til å reise heim rett etter ein fødsel.

«Vi tilpassar liggjetida til situasjonen rundt kvinna, noko som vil skje i framtida også», skriv Inger Cathrine Bryne, bildet, Eivind Hansen og Herlof Nilssen.

Debattinnlegg

  • Inger Cathrine Bryne
    Adm. direktør, Helse Stavanger
  • Eivind Hansen
    Adm.dir. i Helse Bergen
  • Herlof Nilssen
    Adm.dir., Helse Vest RHF
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Mange kvinner ønskjer seg raskt heim etter fødselen. Både i Helse Bergen og i Helse Stavanger jobbar vi no med å leggje til rette for at friske kvinner med friske barn skal ha moglegheit til å reise tidlegare heim frå sjukehuset etter fødselen dersom dei ønskjer det.

Dei som skal og bør liggje på sjukehus, skal sjølvsagt vere på sjukehus.

Tett samarbeid

Dette skal vi gjere i tett samarbeid med kommunane i opptaksområda våre slik at dei som vel dette, får oppfølging når det gjeld amming, barnets utvikling og eiga helse. Det er ein føresetnad at tilbodet skal vere godt både i spesialisthelsetenesta og i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Les også

Brysom barselbekymring

Les også

Pass på mor og barn! Det nyfødde livet er skjørt.

Les også

– Ingen skal tvinges hjem seks timer etter fødsel

Større valfridom

Det handlar om å styrkje tilbodet om barselomsorg i tråd med nasjonale retningslinjer og å gi kvinner og familiane deira større valfridom. Dei som skal og bør liggje på sjukehus, skal sjølvsagt vere på sjukehus. Slik er det i dag og slik skal det vere i framtida.

Stavanger universitetssjukehus bruker i dag ein ombygd etasje i pasienthotellet til barselkvinner på grunn av plassmangel. Dette er innreia og bemanna som ei vanleg barselavdeling. Når det nye sjukehuset opnar i 2023, er det utelukkande med einerom på alle avdelingar, som er tilrettelagde med sengeplass for ein pårørande. Det er altså ikkje planlagt med færre barselrom enn i dag, også medrekna pasienthotellet. Også på Haukeland universitetssjukehus blir det einerom og familierom godt tilrettelagde for både fødsel og barsel. Her er ei av nyvinningane at føden flyttar saman med nyfødtavdelinga slik at dei sjuke barna og familiane deira kan vere saman heile tida.

Både på det nye sjukehuset i Stavanger og i nytt bygg på Haukeland, vil alle tenestene som trengs av fødekvinner og nyfødde, liggje tettare saman og vere betre organiserte og tilrettelagde for familien enn dei er i dag.

Best heime med god støtte

Lang liggjetid er ikkje det same som god barselomsorg. Ei kvinne blir i dag liggjande i snitt 2,7 dagar på sjukehuset etter ein fødsel. Vi tilpassar liggjetida til situasjonen rundt kvinna, noko som vil skje i framtida også. Kor lenge ei kvinne og barnet hennar er på sjukehuset etter ein fødsel, vil mellom anna avhenge av utviklinga av jordmortenestene i kommunen, den medisinske utviklinga og kor godt nye bygg og tenester ivaretek barselkvinnene. Utganspunktet vårt er at svangerskap, fødsel- og barselomsorg skal vere heilskapleg og gi eit best mogleg tilbod til kvinner og barn og familiane deira.

Vi har same mål

Føde- og barselomsorga på Vestlandet har segla opp som eit heitt tema i det siste. I denne saka har vi som utformar føde- og barseltilbodet, både spesialist- og kommunehelsetenesta, same mål som kvinnene. Nemleg eit trygt og godt tilbod for alle fødekvinner, dei nyfødde barna og familiane.

Les også

  1. Tusen gikk i kamp for fødestua

  2. Styrk barselomsorgen i kommunene nå

  3. Vi er uroa over utviklinga i barselomsorga

Publisert:
  1. Debatt
  2. Fødsel
  3. Amming
  4. Helse Stavanger
  5. Barsel

Mest lest akkurat nå

  1. Stort steinras: Svein Tore kjørte nesten rett inn i raset

  2. Forsvarer: – Har ordnet sikker­hets­opplegg for siktede dersom han løs­lates

  3. Stor test av 15 brød: To får topp­karakter

  4. For 30 år siden skremte denne gjengen vannet av foreldre og rektorer i Sandnes

  5. DNA-mutasjon kan felle siktede

  6. Dette skal være politiets styrkede DNA-bevis i Birgitte-saken