Kva ambisjonar har regjeringa for lærarutdanningane?

LÆRARUTDANNING: Regjeringa sine auka ambisjonar for lærarutdanningane, viser ikkje igjen i statsbudsjettet for 2021. Her får vi dekt berre halvparten av dei auka utgiftene for det femte året av lærarutdanningane.

Publisert: Publisert:

Er dette så alvorleg at me ikkje får nok pengar til lærarutdanningane? Vi kan vel tilpasse drifta etter økonomien? Naturlegvis kan vi det. Men som alltid, kvalitet kostar, skriv Odd Magne Bakke. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Odd Magne Bakke
    Dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Universitetet i Stavanger

Nært eit samla Storting vedtok å endre grunnskulelærarutdanningane og innføre krav om master. Dette har gjort at utdanningane har blitt eitt år lengre, fem år mot tidlegare fire, og at studentane skal vere fleire dagar i praksis. Nyordninga var uttrykk for at læraryrket er vitalt for samfunnet og for ein tydeleg ambisjon om å heve kompetansen til framtidige lærarar.

Regjeringa har lova at auka kostnader for denne satsinga skulle bli kompensert for i statsbudsjettet for 2021. Det som vart lagt fram der var ein nedtur for alle som driv lærarutdanningar. Ein kan bli usikker på kva ambisjonar regjeringa har for lærarutdanningane.

Uvanleg reknemåte

Alle universitet og høgskular som driv grunnskulelærarutdanningar er samde om at budsjettet ikkje dekker meir enn om lag 50 prosent av auka kostnader med dei nye utdanningane. Det som regjeringa har gjort er i realiteten å gjere bruk av ein uvanleg og kreativ måte å rekne på. Når ein har rekna seg fram til kostnadane, har ein nemleg lagt til grunn så kalla kandidatmåltall. Dette er eit tal departementet har sett på kor mange som skal gjennomføre ei gitt utdanning.

For grunnskulelærarutdanningane ved Universitetet i Stavanger er dette talet sett til 93. Vanleg praksis inntil no har vore å ta utgangspunkt i talet på studieplassar når ein skal kalkulere kostnader med ei utdanning. Dette talet er langt høgre. For UiS er det 155, og det er dette talet som blir lagt til grunn ved opptak og som vi blir målt på i andre samanhengar. Den uvanlege måten å kalkulere studiefinansiering på frå regjeringa si side, får store utslag. Tidlegare reknemåte ville gitt UiS 14,4 millionar kroner per år, mot 8,7 millionar ved den måten som blir brukt i forslag til budsjett. Det betyr at pengane som er lagt inn ikkje på langt nær strekk til for å dekke meirkostnader med innføringa av dei femårige grunnskulelærarutdanningane.

Kvalitet kostar

Når minister for forsking og høgre utdanning, Henrik Asheim, blir konfrontert med dette, parerer han med at fleire gjerne skulle hatt meir pengar, samstundes som han seier det er bra at det no kjem finansiering av det femte året av lærarutdanningane. Problemet er at ein samla sektor erfarer at finansieringa dekker berre om lag halvparten av kostnadane.

Er dette så alvorleg då? Vi som driv utdanningane kan vel tilpasse drifta etter økonomien? Naturlegvis kan vi det. Men som alltid, kvalitet kostar, i form av forskingsbasert undervisning, individuell oppfølging av studentar, tett partnarskap med praksisfeltet og godtgjering til partnarskulane for at dei tar imot studentane i praksis.

På initiativ frå Kunnskapsdepartementet vart det sett ned ei internasjonal ekspertgruppe som fekk i mandat å evaluere planane for dei nye lærarutdanningane. I rapporten blir det mellom anna slått fast at dei er ambisiøse. Og slik bør det også vere. Vi må ha store ambisjonar for ei utdanning som har så stor betyding for trivsel, danning og fagleg utvikling for framtidas medborgarar. Men ekspertgruppa understreka at det er nødvendig med tilstrekkeleg finansiering og kjem i denne samanheng med forslag til korleis denne kan styrkast.

Feilskjær eller temposkifte?

Framskrivingar fortel at Noreg vil mangle om lag 8000 lærarar om ikkje mange år. Universiteta og høgskulane sine bidrag for å auke rekrutteringa til læraryrket, er å sørge for høg kvalitet i utdanningane, i tett samspel med praksisfeltet. Det vil vonleg tiltrekke seg mange, gode søkarar, og ikkje minst vil det legge til rette for at flest mogeleg av dei som begynner på studiet, verkeleg fullfører. Ein føresetnad for dette er at lærarutdanninga har ei tilfredsstillande finansiering.

For å vende tilbake til spørsmålet i overskrifta: Kva ambisjonar har regjeringa for lærarutdanningane? Eg vel å tru at dei framleis er høge og forventar derfor at ho brukar tida fram mot vedtak av budsjettet til å justere det på dette punktet. I så fall blir forslag til budsjett ikkje meir enn eit uheldig feilskjær. Dersom så ikkje skjer, er det vanskeleg å lese budsjettet som anna enn eit uttrykk for temposkifte i satsinga på framtidsretta lærarutdanningar.

Tidlegare reknemåte ville gitt UiS 14,4 millionar kroner per år, mot 8,7 millionar ved den måten som blir brukt i forslag til budsjett. Det betyr at pengane som er lagt inn ikkje på langt nær strekk til for å dekke meirkostnader med innføringa av dei femårige grunnskulelærarutdanningane.
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Arvid Mæland vil hogge ut hodet til kong Harald i fjellet og sette opp «Sound of music» ved Ørsdalsvatnet

  2. – Risikerer å gå glipp av kunnskap om både Stavangers historie og norgeshistorien

  3. Kollapset i løp: Nå har Jakob Ingebrigtsen funnet ut hvorfor

  4. NLM åpner for å frata medlemskap til de som «lever i strid med Guds ord»

  5. Kvinne på biltur fra Midt-Norge smittet familiemedlemmer i Sandnes

  6. Det var harmonisk, så smalt det: Dette er bakgrunnen for bråket i Norges landslag

  1. Skole og utdanning
  2. Henrik Asheim
  3. Undervisning