Kvifor nekte Sesilåmi?

DEBATT: Kvifor nekta områdestyret for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane (SVR) at Sesilåmi kunne arrangerast?

Publisert: Publisert:

«Statens Naturoppsyn meinte det var meir reinsdyr enn tidlegare år i det aktuelle område, utan at det låg føre eit oversyn over observasjonar tidlegare år», skriv Steinar Kyrvestad. Foto: Anders Minge

Debattinnlegg

  • Steinar Kyrvestad
    Ordførar i Valle
  1. Leserne mener

Når eit styre skal handsame ei sak må ein ha den tillit til styret at dei føreheld seg til dei dokument som føreligg til saka og at dokumenta held ein viss kvalitet og seriøsitet. Dei saksdokument som vart førelagd styret av områdeforvaltaren i SVR (fylkesmannen i Agder) kan ein vanskeleg seie held den naudsynte kvaliteten. Styrepapira kan lesast på heimesida til SVR.

Meir urovekkjande å ikkje sjå reinsdyr

Det som låg føre var ein rapport frå Statens Naturoppsyn (SNO) om observasjonar av reinsdyr i det aktuelle område. SNO meinte det var meir reinsdyr enn tidlegare år i det aktuelle område, utan at det låg føre eit oversyn over observasjonar tidlegare år. Min kommentar er berre at det ville være meir urovekkjande å ikkje sjå reinsdyr i dette område.

Det andre dokumentet som låg ved var saksutgreiinga og framlegg til vedtak frå områdeforvaltaren. I saksutgreiinga skriv områdeforvaltaren. «Beitesituasjonen for villreinen har vore spesiell mange stader i Setesdal og Ryfylke denne vinteren. Grunna mildvêr med påfølgjande kulde har mykje beiteareal isa ned. Dette har gjeve andre vandringsmønster enn normalår og der dyra har trekt lenger vest og sør.»

Kva seier så forvaltningsplane for SVR om dei normale tilhøva i heia. (Forvaltningsplanen er det dokumentet som brukast når ein forvaltar område.) Sitat frå forvaltningsplanen. «På bakgrunn av dei naturgitte føresetnadene er Setesdal Vesthei–Ryfylkeheiane eit av dei meir ekstreme leveområda (mi understreking) for villrein i Noreg. Dette skuldast både dei små og hardt belasta vinterbeiteressursane, samt eit utprega kystklima som ofte gjer dei vanskeleg tilgjengeleg. Det er derfor ganske vanleg at dyra beiter i fjellbjørkeskogen rundt heia både vinter og vår.»

Manglar dokumentasjon

Ut frå saksutgreiinga med vedlegg frå områdeforvaltaren er det ikkje mogleg å sjå at situasjonen er verre i år enn det som forvaltningsplanen seiar er ein normalsituasjon. Skal ein gå til eit slik skritt som områdestyret har gjort ved å nekte arrangementet Sesilåmi må ein i det minste forvente at det er dokumentert at tilstanden i heiane er verre enn det forvaltningsplanen seier er ein normalsituasjon. Dokumentasjon på det var ikkje med til styremøte den 2. mars.

Publisert: