Dei fortener bonus!

DEBATT: Felles for yrkesgruppene som vi plutseleg oppdagar er kritiske for at vi skal koma oss gjennom det dramaet som nå utspelar seg, er at dei jamt over er låglønte.

Publisert: Publisert:

«Det vi, dvs. samfunnet og staten, kunne gjera når den tid kjem, er å gje dei mange kvardagsheltane som nå står på dag og natt, og elles ikkje akkurat er overrisla med løn – ein skikkeleg bonus», skriver Øyvind Nordsletten. Foto: Terje Bendiksby

Debattinnlegg

  • Øyvind Nordsletten
    Bryne
iconDenne artikkelen er 143 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

I dag er dei på avisframsidene dei mange som held samfunnet oppe, men elles sjeldan er å sjå der – sjukepleiaren, butikkmedarbeidaren, reinhald- og renovasjonspersonalet, lastebilsjåføren og alle andre som held hjula i gang når det røyner på som verst. Frå alle hald strøymer lovord og velfortent takk mot dei.

Felles for desse yrkesgruppene som vi plutseleg oppdagar er kritiske for at vi skal koma oss gjennom det dramaet som nå utspelar seg, er at dei jamt over er låglønte. I same nummeret av Aftenbladet nå sist laurdag som med rette hyller ein ambulansemann, kan vi lesa at leiaren for Equinor i 2019 tente kr 15,3 millionar. Kr 2.5 millionar av dette beløpet var bonus. Året før var bonusen for velgjort arbeid kr 4.5 millionar. Resten av toppleiinga tok imot i fjoråret ei årsløn på mellom kr 11 og 6 millionar.

Kassadama og reinhaldaren må med andre ord arbeida minst eit år for å tena det som sjefen for Equinor får for 10 dagar.

Urimeleg lønsforskjellar

Reint bortsett frå det retoriske spørsmålet om kva ein skal med slike millionløner, får vi i desse dagar demonstrert kva som er viktige yrke, og kor urimeleg lønsforskjellane kan slå ut. Sjeldan kom kontrastane så tydeleg fram som nå.

Lønsoppgjeret er utsett, og når faren er over og vi tek fatt på den nye normalen, vil næringslivet neppe vera i stand til å tilby særleg lønnsvekst. Avgjerande vert då at bedriftene kan koma seg på fote igjen. Viss ikkje vert det vanskeleg å halda velferdsstaten oppe.

Men, det vi, dvs. samfunnet og staten, kunne gjera når den tid kjem, er å gje dei mange kvardagsheltane som nå står på dag og natt, og elles ikkje akkurat er overrisla med løn – ein skikkeleg bonus.

Kva med ein honnørbonus?

Staten, som eig mesteparten av Equinor, treng ikkje ta for hardt i. Beskjedne 1 prosent av bonusen til Equinorsjefen i 2018 utgjer kr 45.000. Kva med ein honnørbonus som takk for innsatsen? Det kan vel ikkje vera for kravstort?

Publisert:

Korona-viruset

  1. Lav tillit blant nordmenn til at folk følger smittevern­råd

  2. Anbefaler munnbind på fulle busser og tog på Østlandet - men ikke i Rogaland

  3. – Aldri har så mange testet seg

  4. Verdensøkonomien kan gå inn i den verste resesjonen siden andre verdenskrig

  5. Barnehage­ansatt i Stavanger korona­smittet – 16 i karantene

  6. Bergen forbyr sammen­komster med flere enn 20 personer

  1. Korona-viruset
  2. Debatt
  3. Koronaviruset