Ferjeomlegginga må utsettast

DEBATT: Medan fleire og fleire øyar er knytt til fastlandet, er det for spesielt Foldøy bare blitt verre og verre.

Publisert: Publisert:

Debattinnlegg

  • Kårhild Søndenå
    Foldøy Fastbuarlag
  • Johnny Larsen
    Foldøy Fastbuarlag

I 1975 fatta fylkestinget vedtak om å gjera Rogaland ferjefritt, og etter 45 år er målsettinga eller visjonen godt i gang. Me har fått bruer til Austre- og Vestre Bokn og Ognøy, til fem av byøyane, til Idse, til Randøy og Børøy, over Sandsfjorden, og tunnelar i form av Rennfast, Finnfast og Ryfast. Øyane i Sjernarøy, minus Nord-Hidle, er knytt saman med bruer.

Det er ei ferjerute som framleis går og må gå, det er den som går mellom øyane i Finnøy, og til Nedstrand, Hebnes, Foldøy og Jelsa, av redaktøren i Øyposten kalla «Limet i Ryfylke»

Dårleg arbeid

Etter mykje dårleg arbeid både på samferdslekontoret i fylket og blant uengasjerte fylkespolitikarar, skal denne ruta nå endras til ei intern rute i kommunedel Finnøy i Stavanger frå nyttår. Då skal to store 60 PBE ferjer surra og gå mellom seks øyar (Fogn, Finnøy, Halsnøy, Ombo, Nord-Hidle og Sjernarøy) 19 timar i døgnet, der 1/6 av bildekket i snitt vil nyttas. Den nordre delen av ruta (Nedstrand, Hebnes, Foldøy og Jelsa) skal så dela ei ferje med Sør-Bokn, Byre, Helgøy i Hjelmeland, Sør-Hidle, Heng og Brimse, pluss byøyane i Stavanger og Sandnes.

Medan fleire og fleire øyar er knytt til fastlandet i perioden, er det for spesielt Foldøy bare blitt verre og verre. På 70 og 80-talet hadde Foldøy fem turar for dagen til Nedstrand, Hebnes og Jelsa, og har nå to rundturar, som fylket og Kolumbus vil redusera til ein rundtur.

Løysinga er dårleg og dyr

Den tillyste omlegginga frå komande årsskifte må utsettast, mellom anna fordi:

  • Løysinga som er vedteken er dårleg og dyr.
  • Transportbehovet er kraftig redusert, mellom anna av koronapandemien.
  • Kapasiteten kan aukas med 60 prosent med justering av dagens ruter og med to ferjer som i dag.
  • Brua til Helgøy skal vera klar i løpet av 2021 etter det me høyrer.
  • Sandsfjordbrua hjelper Foldøy like mykje som Ryfast hjelper Vassøy. (Brua vert nytta i argumentasjonen for å redusera anløpa til Foldøy).
  • Rutene og ferjene er ikkje klare.
Publisert:

Les også

  1. Foldøy tryglar om fleire ferjeavgangar

  1. Debatt
  2. Foldøy