Familiepolitikk – gjeld valfridomen for alle?

DEBATT: Utelèt vi dei «fattigaste» når vi tenker at «alle» kan jo velje friskule for barna sine, alle kan velje SFO eller fritidsaktivitetar?

Publisert: Publisert:

«Stavanger KrF har i sitt program for neste periode vedteke at vi ønske ein lågare betaling for SFO og søskenmoderasjon, nettopp fordi det skal vere mogleg å velje, også å ha borna i SFO», skriv Anne Kristin Bruns. Foto: Illustrasjonsbilde/Shutterstock

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Lokallagsleiar og 2. kandidat, Stavanger KrF

Valfridom har blitt eit honnørord i den politiske debatten. Det dreier seg gjerne om moglegheit til å velje kor lenge ein vil vere heime med borna, kva barnehage ein vil at borna skal gå i, og om ein kan og vil velje ein friskule eller offentleg skule for borna. Alt høyrest bra ut, men er det mogleg for alle? Utelèt vi dei «fattigaste» når vi tenker at «alle» kan jo velje friskule for barna sine, alle kan velje SFO eller fritidsaktivitetar?

Valfridom gjennomsyrar all KrFs familiepolitikk.
Les også

Solveig Sandelson: Dyre dagar

Økonomiske konsekvensar

For min familie, då vi valde å arbeide redusert ei stund medan borna var mindre, handla det om å ta nokre val som gjorde at vi faktisk hadde mindre pengar ei stund. Det handla om at vi ikkje kunne reise på akkurat den ferien vi ville, og det handla om at valet som vi gjorde, hadde konsekvensar for oss. Økonomiske konsekvensar. Vi valde å ikkje la gutane gå på SFO, nettopp fordi det vart for dyrt. Vi valde deltid i barnehagen, og det var ikkje alle fritidsaktivitetar borna kunne gå på, nettopp fordi det kosta for mykje.

Det er eit faktum at når eg måtte «snu på kronene», tenkte eg: «Er det verdt det?» Nei, det kan eg ikkje svare heilt einsidig på. Gutane mine har fleire gonger kommentert at dei hadde ønska å gå på SFO, og då vi måtte seie nei til aktivitetar pga. økonomi, var det ikkje kjekt. Var det reell valfridom?

Kva som faktisk meinast med reell valfridom, blir sjeldan utforda. Tema som utdanning, kva bakgrunn ein kjem frå eller faktisk at ein ikkje er like rik som alle andre, gjer noko med valfridomen til folk.

Valfridom gjennomsyrar all KrFs familiepolitikk. Det er fundert på bakgrunn av at vi meiner at familiar og foreldre veit best kva som er den beste måten å organisere kvardagen på. KrF vil styrke familiane, ikkje styre dei. Nettopp her kan også vi i KrF kome i ei klemme. Er det slik at alle har ein reell moglegheit til å velje?

Rette val for «venstresida» i politikken kan vere å innsnevre moglegheita for å velje, nettopp fordi ein ikkje vel det som er rett. Gjennom politiske vedtak gjer ein det vanskeleg å faktisk velje, politikarane har valt for oss og laga system som vi må følgje, elles er vi ikkje med. Arbeidslinja kjem før familielinja.

Innført redusert betaling

I Aftenbladet 19. august sto det om SFO-prisar i regionen vår. Variasjonen er stor. KrF har gjennom samarbeid i Stavanger innført redusert betaling for familiar med lav inntekt, og prøveordning med gratis SFO for enkelte grupper. I tillegg har vi vedteke at foreldrebetalinga for elevar med tilleggsbehov skal frå 5–7-trinn og 8–10-trinn få ein reduksjon på 60 prosent frå ordinær pris. At denne gruppa skal få dekka sine utgifter med SFO med 100 prosent, er noko vi i KrF vil jobbe for i neste periode. Stavanger KrF har i sitt program for neste periode vedteke at vi ønske ein lågare betaling for SFO og søskenmoderasjon, nettopp fordi det skal vere mogleg å velje, også å ha borna i SFO.

Publisert: