Lektor med bismak: Fagperson eller lærar?

KRONIKK: Sidan eg starta på lærarstudiet i 2016 og fram til eg fekk tittelen lektor i sommar, har eg undra meg over kvifor lærarutdanningane skal vera femårige.

«Ein blir fort meir ein førelesar enn lærar, då ein må inn i fleire klassar for å fylla stillingsprosenten med det smale knippet fag ein har», skriv Mikkel Wigestrand om den nye mastermodellen for lærarutdanninga.

Debattinnlegg

  • Mikkel Wigestrand
    Mikkel Wigestrand
    Lektor, Sauda vidaregåande skule
Publisert: Publisert:

Det er inga bombe at lærarar er svært ettertrakta i store delar av landet, og nyleg sende Utdanningsforbundet ut ei oversikt over lærarmangelen i grunnskulane i landet med bakgrunn i SSB-tal frå 2020. I Suldal kommune scorar me relativt svakt, med 19 av 67 lærarårsverk utført av tilsette utan lærarutdanning. Det er dryge 28 prosent av lærarstaben. I Rogaland er det berre Kvitsøy og Utsira som slår oss, men dei har også få lærarstillingar totalt. Det betyr at kvar ufaglært gir stort utslag på statistikken.

Men la det ikkje vera nokon tvil: Eg har sjølv erfart at ufaglærte ofte er svært flinke, pedagogiske og ikkje minst varme rollemodellar. Men når ein gjerne pushar både 40 og 50, er det får som ser syn på å starta eit femårig masterløp i ein by, skilt frå familien. Eit alternativ kan vera å ta studiet heimanfrå på deltid, men då må ein rekna med at lærartittelen fort ligg dobbelt så langt fram i tid.

Krava til studentane

I 2017 blei regjeringa sin plan om å innføra femårig masterløp for grunnskulelærarutdanningane 1.–7. og 5.–10 trinn sett i kraft, på lik linje med lektorprogrammet for 8.–13. trinn. Året før var det karakterkrav som stod på agendaen, der ein i tillegg til å ha trear i både norsk og engelsk, måtte ha firar i matematikk å bli lærar. Det i kombinasjon med eit karaktersnitt over 3,5. Så korleis logikken med eit ønskje om fleire lærarar, ytra av den same regjeringa, harmonerer med ein meir krunglete veg mot å bli lærar, er for meg eit mysterium.

Eg stussar på kor smale lærarutdanningane er blitt. Etter fem år på Universitetet får eg berre undervisa i to fag. Dei første av den nye typen grunnskuleutdanna lærarar som kjem ut i skulane neste haust, får fire og tre undervisningsfag i høvesvis 1.–7. trinn og 5.–10. trinn. Ifølgje mine kjelder, er det eitt fag færre enn då utdanningane var fireårige.

Allroundarane

Då eg gjekk på grunnskulen, som ikkje er så lenge sidan, minnest eg at same læraren dukka opp i både det eine og det andre faget. Slike allrounderar er det få igjen av i skulen, og det er nok bra med ein meir spissa kompetanse. Men til kva grad, og til kva pris?

Då eg vart lektor, var det med ein bismak. Eg hadde ei frykt for at eg hadde for få undervisningsfag til at ein bygdeskule, som jo var målet, ikkje ville ha meg på grunn av den smale kompetansen min. Det er ei merkeleg kjensle når ein har følgd eit utdanningsløp som skal vera skreddarsydd for læraryrket og gjera deg attraktiv på jobbmarknaden. Det som då fort blir resultatet, spesielt på ungdomstrinnet, er at ein må inn i fag ein verken har kompetanse i eller interesse for. Då er ein plutseleg i same båt som dei ufaglærte, men med ei femårig utdanning og eit studielån til forfall på nakken.

Realiteten i skulen

Så, kor er det eg vil? Etter fullført studieløp og tallause diskusjonar med studiekameratar, praksisrettleiarar og pedagogikkprofessorar, har eg innsett at den nye modellen ikkje nødvendigvis skapar dei beste lærarane. Ein blir fort meir ein førelesar enn lærar, då ein må inn i fleire klassar for å fylla stillingsprosenten med det smale knippet fag ein har. Om ein då attpåtil skal vera kontaktlærar, kan ein risikera å ikkje eingong ha undervising med elevar ein har ansvaret for. Dette er ein uønskt tvist som eg trur vil skapa mange gråe hår hjå dei nyutdanna i tida framover, inkludert meg sjølv.

Eg oppfattar at utdanningane er strekte over fem år av den enkle grunn at det skal vera eit masterløp. For min eigen del er eg sikker på at eg kunne fullført det same løpet på fire år, og framleis hatt rikeleg med tid til å trø på campus eller gått på veggane i ein trong hybel midt i asfaltjungelen i byen. Eg har sjølv vore ute med både motorsag og rundballepakkar i opptrappinga til eksamen, utan å kjenna på angst for å forsøma studiane. Det ekstra tvungne året betyr òg eitt år tapt inntekt og ansiennitet, pluss ein kvart auke i studielån.

Studiepoeng-jaget har for meg ført til mange snåle emne gjennom studiet, der berre fagnamnet gir frysningar på ryggen. Det er også eit tankekors at det mest relevante stoffet for læraryrket kjem først i utdanninga, og er godt stua vekk i hjerneborken når ein kjem i klasserommet. Forutan første og andre året på studiet mitt, er det svært lite fagstoff å kjenna igjen i dei tre siste åra om ein samanliknar med læreplanane i ungdomsskulen og på vidaregåande. At ein som lærar skal liggja eit par hakk over elevane sine fagleg, er ein «no-brainer». Men om praksissjokket ikkje er stort nok frå før, kan ein risikera å berre liggja eit par sider føre elevane sine det første året, nettopp fordi utdanninga tangerer med yrkeslivet på så få område. Det er svært beklageleg.

Aldri utlært

Eg hadde ti av ti gonger bytt ut siste studieåret med eit praksisår, der ein verkeleg får ta del i det å vera lærar på alle plan. Heller det enn å stura åleine med ei totalt irrelevant masteroppgåve berre eit fåtal menneske skal lesa, og som eg håpar å sleppa å bla i igjen. Ikkje fordi det gjekk skeis, men fordi den ikkje gav meg nokon ny dimensjon av det å vera lærar – vel, forutan ein ekstra porsjon staheit. For uansett kor mange år ein skulerer seg, blir ein aldri utlært som lærar. Trass alle studiepoenga mine, er det utan tvil dei 100 praksisdagane i studiet og lærarvikarjobbane undervegs som har gitt meg mest matnyttig på vegen mot å bli lærar.

Les også

  1. Bør vi få et digitalt alter­nativ til fysisk skole? Tre forskere svarer

  2. – Hvorfor bli lærer? Jeg gleder meg til å gå på jobb hver dag!

  3. «Skolene må eie kunstfagene selv»

  4. Jeg er ingen knallhard type som bare vil ha fag og disiplin, men jeg står fast ved at det er blitt for mye psykologisering i den norske skolen

Publisert:
  1. Undervisning
  2. Lærere
  3. Høyere utdanning
  4. Student

Mest lest akkurat nå

  1. Se hvor det kan komme nye hytte­felt

  2. Snart er hver fjerde bil i bomringen en elbil – kritisk for Bymiljøpakken

  3. Slik fikk Lars Berland helikopteret sitt hjem fra Guate­mala til Strandgata

  4. Ut mot Solskjær: – Fullstendig stryk i kamp­forberedelser

  5. Mistet lappen i trafikkontroll på Ganddal

  6. Politiet tror motor­sykkelen kjørte i bilen bak­fra