Ap treng ei stor­reingjering!

KRONIKK: Etter Forsand-vedtaket står regjeringa full­stendig utan integritet og truverd når dei brukar ord som demokratisk legitimitet og innbyggjar­medverknad.

Lysefjordbrua skil no Strand kommune frå Sandnes kommune, men burde binde tidlegare Forsand kommune saman med Strand kommune. Geir Tomasgard i Strand Ap har mista tiltrua til Støre-regjeringa.

Debattinnlegg

  • Geir Tomasgard
    Geir Tomasgard
    Leiar, Strand Ap
Publisert: Publisert:

Statsminister Støre har teke til ordet for at det er behov for ei storreingjering i arbeidslivet, og han pådrog seg i den forbindelse ein del spørsmål frå mellom andre NHO. Svaret hans er at det i dei fleste heimar med jamne mellomrom er vanleg med ei storreingjering.

Det er det lett å seie seg einig i. Etter regjeringa si handtering av grensjusteringssaka Forsand–Strand–Sandnes, og i nokre sørlandskommunar, er det tindrande klart at det no er behov for ei storreingjering innan Arbeidarpartiet og regjeringa som statsministeren leier!

Les også

Ingen endring av grensa mellom Sandnes og Strand

Med lukka auge

Arbeidarpartiet og Senterpartiet klarer med vedtaket den 22. juni å sjå vekk frå ei demokratisk solid gjennomført innbyggjarundersøking, sjå vekk frå ein grundig og balansert prosess og utgreiinga frå Statsforvaltaren som konkluderer med at Forsand bør vere ein del av Ryfylke saman med Strand, og sjå vekk frå eit soleklart fleirtal i Rogaland fylkesting for ein uttale som seier at Forsand bør vere ein del av Strand.

Til overmål forsøkte Ap å hindre at fylkestinget sitt syn kom til uttrykk då dei ville å gje ein uttale i grensesaka på eit vis som har beklagelege likskapstrekk med situasjonen då gamleordføraren i Forsand kommune på udemokratisk og ulovleg vis klarte å forhindre eit kommunestyrefleirtal mot å gå i lag med Sandnes få dagar før stortingsbehandlinga av kommunesamanslåingar.

Les også

Flertallet i Forsand vil ut av Sandnes og inn i Strand

Usamanhengande grunngjeving

Dei fleste som har skrive eksamensoppgåver, har fått med seg at det er viktig å ha samanheng mellom det ein skriv i drøftingsdelen og det ein vel å trekkje med seg i konklusjonane på oppgåva. «Konsistens» er eit sentralt vurderingskriterium for eksamenssensorar.

Dei som tek seg bryet med å lese vedtaket frå kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik, finn ein vel gjennomarbeidd drøftingsdel – kor dei med rettferdssans og ei viss evne til logiske resonnement vert dregen mot at konklusjonen vil bli eit vedtak om at Forsand skal gå saman med Strand.

Men så, – i siste avsnitt seier kommunalministeren at «etter ei samla vurdering», der det òg vert vist til fleire stortingsbehandlingar av grensejusteringar kor Forsand er involvert – så gjer regjeringa vedtak om å behalde Forsand i Sandnes.

Me trur ikkje det handlar om fråvær av intellektuell kapasitet i Kommunaldepartementet, – men meir at det her er det gjort politiske hestehandlar mellom regjeringspartia som, «eit politisk lag», om departementet si utgreiing. Manglande konsistens mellom utgreiing, tilrådingar og konklusjon bør regjeringa sjå nøye på, for hendingar som dette vil vere øydeleggjande for både veljarane sin tillit til lokaldemokrati og politiske prosessar, og ikkje minst vil det ta knekken på politisk tillitsvalde sitt engasjement i lokalpolitikken!

Legitimiteten

Når sandnesordførar Stanley Wirak i går ut i Stavanger Aftenblad den 23. juni og oppfordrar til at no må det bli ro i denne grensesaka, demonstrerer han nok ein gong at han manglar evne til å forstå kva som er kjernen i grensejusteringssaka i Forsand: Det handlar om korleis ein etablerer legitimitet i politiske prosessar!

At grensejusteringar i Forsand har vore ei sak fram til no, er forårsaka av ei historie kor maktpolitikk går framfor demokratisk legitimitet. Med noko forståing av at Ryfylke er ein region med mange fellesnemnarar og ei lang historie i å utvikle Ryfylke som ein god region og bu og arbeide i, så kunne Ap utvist noko meir interesse for kva dei lokale partilaga i Ryfylke meiner. Lokallaga i Ryfylke – Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand – har ei oppfatning om at Forsand er ein del av Ryfylke, at Forsand alltid har vore ein del av Ryfylke, – og sjølvsagt bør Forsand fortsetje å vere ein del av Ryfylke på ein måte som vert reflektert av kommunegrenser!

Senterpartiet og Arbeidarpartiet si handtering av denne saka står diverre til stryk, då dei framleis ikkje har klart å etablere ein prosess som gjev tilfredsstillande demokratisk legitimitet.

Det er eit godt råd for regjeringa å la vere å snakke om demokratisk legitimitet og viktigheitene av innbyggjarmedverknad i andre saker om kommunegrenser, som kommunalminister og Sp-leiar Vedum til dømes gjer for Søgne–Songdalen–Kristiansand. Etter Forsand-vedtaket står regjeringa fullstendig utan integritet og truverd når dei tek i bruk slike ord!

Les også

Aftenbladet mener: «Regjeringen driver selvskading»

Forsand har Ap-Ryfylke i ryggen

Arbeidarpartiet treng at statsministeren dreg i gang ei storreingjering kor dei bestemmer seg for om dei vil køyre framtidige politiske prosessar i samsvar med dei demokratiske verdiane partiet bør ha som mål å forvalte.

Om det vert ro i denne saka, står att å sjå. Om så skjer, er det diverre ikkje fordi at demokratiske verdiar har vore i høgsetet, men fordi forsandbuen er utmatta og resignerer. Det vil i så fall vere forståeleg.

Skulle det framleis vere gneist att hjå dei som kjempar for rette politiske prosessar i Forsand, vert de heia på av Arbeidarpartiet sine lokallag i Ryfylke!

Les også

  1. – Transport- og legetilbudet er bedre i Sandnes

  2. – Vi i Sandnes merker ikke så stor forskjell

  3. – Dette er ikke en omkamp, dette er en kamp

Publisert:
  1. Grensejusteringer
  2. Ryfylke
  3. Støre-regjeringen
  4. Forsand
  5. Sigbjørn Gjelsvik

Mest lest akkurat nå

  1. Fratatt fører­kort etter ulykke på E39

  2. Stive strømpriser og høy rente knuser ny Joker-drøm

  3. Tina Bru er gravid - ville vente til etter statsrådjobben

  4. Birgitte-saken: Siktede la en felle for det som viste seg å være politi­folk

  5. Støyende asfalt­arbeid mellom Tjensvoll­krysset og Madla­krossen de to neste nettene

  6. Inge Anda solgte restauranten i 2019, men har fortsatt ikke fått pengene. Nå blir det rettssak