Debatten om domstolsreforma er viktig og naudsynt
DEBATT: Aftenbladet meiner at forslag om endringar i domstolsreforma er eit feilgrep og eit «grelt eksempel på populistisk politikk fra Sp, som bare var ment å tekkes en liten gruppe velgere i enkelte distrikter». Sp meiner ein debatt om domstolsreforma er viktig og naudsynt.
Debattinnlegg
- Lisa Marie Ness KlunglandStortingsrepresentant (Sp)
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl har sjølv sagt at ho vil lytte til dei som ikkje ønsker å splitte seg opp att. Hurdalsplattformen viser til at i reverseringa av domstolsreforma vil ein gjere eit unntak for domstolar der domstolsleiar, kommunane i rettskrinsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å behalde dagens struktur». Dette er tydelege signal frå ei regjering som er villig til å lytte til dei som veit kor skoen trykker, i staden for å bruke tvang slik som førre regjering gjorde. Det er ikkje populistisk politikk, det er demokrati.
Mindre sentralisering
Regjeringa sende tidlegare i år forslag om endring av domstolsreforma på høyring. Målet var å sjå om det er grunnlag for at rettsstadar som nå er underlagt ein sentral tingrett, på nytt bør få bli ein sjølvstendig tingrett med leiing som er til stades og fleire faste dommarar. Nå har alle høyringssvara kome.
Domstolsreforma førte til at dei tre tingrettane sør for Boknafjorden blei samla til Sør-Rogaland tingrett. Det betyr at Dalane, Jæren og Stavanger ikkje lenger er sjølvstendige tingrettar, men at ein har tre rettsstadar i Egersund, Sandnes og Stavanger. I Sør-Rogaland kjem det samstemte høyringssvar som ønsker å behalde den strukturen som er i dag. Høyringssvaret herfrå er tydeleg:
Svaret viser til at reforma ikkje har ført til sentralisering, tvert om, opplever ein reforma som ei desentralisert løysing, der borgarane i rettskretsen er sikra eit fagleg styrka tilbod. Sjansen for å få saka opp i rett tid, på same stad som før, har auka. Alle dei tre tidlegare tinghusa/rettslokala er behalde, med bemanning, opningstid og tenestetilbod som før domstolsreforma i 2021.
Ein god struktur
Kommunane opplever også den nye strukturen som god. Ein felles overbygning for domstolsadministrasjonen på dei tre rettsstadane gir betre effektivitet og eit sterkere fagmiljø, samstundes som det å behalda dei tre rettsstadane med lokal bemanning, gir god lokal forankring.
Høyringssvara viser og at det er nokre tingrettar som ønsker å gå tilbake til å bli sjølvstendige att, men tilbakemeldingane frå Sør-Rogaland er tydelege. Her er ein nøgde med endringane som er gjort. No må regjeringa lytta til dei innspela som er komne og leggja fram ei sak for Stortinget om dette.
Dette er tydelege signal frå ei regjering som er villig til å lytte til dei som veit kor skoen trykker, i staden for å bruke tvang slik som førre regjering gjorde. Det er ikkje populistisk politikk, det er demokrati.
Les også
Mest lest akkurat nå
Kø på Motorveien etter trafikkuhell
Utslitte turister trenger hjelp ned fra fjellet
Nå er det slutt for «oljemesså»
Jonas Gahr Støre mener at folk flest ikke forstår strømkrisa. Han har litt rett i det
Politiet vil opprettholde førerkortbeslaget: – Det er en såpass alvorlig sak
Fem rekkehus totalskadd