Luther og reformasjonsbibelen, Ordet på folkets eige mål

KRONIKK: I markeringa av at det er 500 år sidan reformasjonen, er omsetjinga av Bibelen til nasjonale språk eit viktig element. På Tonstad merkar dei det spesielt denne helga.

Publisert: Publisert:

Christian III-bibelen frå 1540–41, på dansk, var den første som kunne lesast i Danmark-Noreg for dei som ikkje kunne latin. I morgon kjem eit eksemplar av den historiske boka attende til Tonstad kyrkje, der dei første gongen fekk ho i år 1628. Her frå starten av 1. Mosebok (Genesis/skapinga). Foto: Inge Særheim

Debattinnlegg

Inge Særheim
Professor, UiS

Den 31. oktober i år er det, som kjent, 500 år sidan Martin Luther slo opp dei 95 tesane på kyrkjedøra i Wittenberg, noko som leidde til ei av dei viktigaste hendingane i europeisk historie: reformasjonen. I samband med dette jubileet er det naturleg å sjå nærare på ei viktig kulturhistorisk nyvinning ved reformasjonen, nemleg omsetjinga av Bibelen til morsmålet.

Luther byrja sjølv å omsetja Bibelen til tysk med utgangspunkt i grunntekstene medan han sat i skjul under dekknamnet Junker Jörg på borga Wartburg. Han skal berre ha brukt 10–11 veker på omsetjinga av Det nye testamentet, som kom ut i sin første versjon i september 1522, omtala som Septembertestamentet. Heile Luther-bibelen kom i 1534.

Frå Martin Luther sin Bibel på tysk av 1534: Heile Bibelen sine heilage skrifter på tysk. Av Martin Luther, Wittemberg. I nåden av kurfyrsteleg fridom. Trykt av Hans Lufft. Foto: Inge Særheim

Språkhistorisk svært viktig

Det vanlege bibel- og kyrkjespråket på denne tida var, som kjent, latin, eit framandt språk for folk flest. Luthers omsetjingsarbeid førte ikkje berre til at folk no ville kunna få tilgang til Guds ord på sitt eige språk gjennom forkynning og (opp)lesing av bibeltekster. Med bibelomsetjinga medverka han også sterkt til grunnlegginga av det tyske skriftspråket.

Arbeidet hans førte dessutan til at Bibelen vart omsett til andre europeiske språk, bl.a. skandinaviske språk, noko som fekk mykje å seia for etableringa og normeringa av desse språka som skrift- og kulturspråk. Som følgje av trykkekunsten kunne Bibelen og andre skrifter frå reformasjonen trykkast i relativt store opplag og spreiast vidt.

I språkføringa si nyttar han seg av stilistiske verkemiddel som ligg nær munnleg og folkeleg språkbruk.

Folkeleg grunnlag

Martin Luther, som vart fødd i 1483 i Eisleben (vest for Leipzig), kom frå den austlege delen av det mellomtyske språkområdet, dvs. eit grenseområde mellom høgtysk språk i sør og lågtysk språk i nord. Han valde målet i dette området, thüringsk, som grunnlag for skriftspråket. Thüringen hadde mykje innflytting frå område lenger vest i Tyskland, og hadde såleis eit samtysk blandingsmål, ein varietet av høgtysk som stod nær lågtysk. Denne målforma var eit høveleg grunnlag for eit sams tysk skriftspråk.

Martin Luthers far, Hans Luder, hadde sterke røter i bondesamfunnet i Möhra (nær Eisenach), og han kjøpte seg inn i gruveverksemd i dette området. Mora Margarethe, fødd Lindemann, kom frå ein velståande familie i Eisenach. Ein kan rekna med at Martin Luther gjennom oppveksten sin fekk god kjennskap til språkbruken både i bonde- og gruvemiljø, og at han hadde innsyn i sosiale sider ved språk og språkbruk.

Som student og munk lærde han seg klassiske språk som latin, gresk og hebraisk. I språkføringa si nyttar han seg av stilistiske verkemiddel som ligg nær munnleg og folkeleg språkbruk, som stavrim, ordpar, faste vendingar og seiemåtar. Han var elles kjend som ein frisk debattant med kraftfulle og slåande uttrykksmåtar.

Den danske bibelen vart i fleire hundreår også nytta i Noreg og på Færøyane.

Christian III-bibelen

Den svenske omsetjinga av Bibelen kom alt i 1540–41, den såkalla Gustav Vasa-bibelen, medan den danske versjonen, Christian IIIs bibel, er datert til 1550. Båe arbeida bygde aller mest på Luther-bibelen og viste seg å vera slitesterke, som også den engelske versjonen The Authorized Version (King James Version) frå 1611, som har vore svært verdfull for engelsk kristen- og kulturliv. Språket i Christian III-bibelen er, ifølgje språkforskaren Peter Skautrup, eit fullgyldig uttrykk for den då anerkjente danske skriftnorma, med regelmessig og enkel ortografi, stabile bøyingsformer og dansk ordtilfang. Bibelen vart mønsterdannande for dansk skriftspråk. Den danske bibelen vart i fleire hundreår også nytta i Noreg og på Færøyane.

Kolbein Tollaksen Finsnes kjøpte Tonstad-bibelen i 1842.

Christian III-bibelen vart trykt i 3000 eksemplar, eitt til kvar kyrkje i kongeriket. Av desse kom det i første omgang 96 til Noreg. Tonstadkyrkja fekk i 1628 eit eksemplar av boka av kong Christian IV, truleg i samband med riving av ei eldre kyrkje og bygging av ny kyrkje. I 1842 vart denne bibelen seld til bonden Kolbein Tollaksen Finsnes, til vanleg kalla Kolbein Båtstø, etter å ha «tilhørt Tonsta Kirken og veret Paa dens Alter ved Prediken i 214 Aar». Dette salet hadde kanskje også samband med planlegging av ei ny kyrkje på denne tida. Men denne  bibelen vart seld vidare, bl.a. til Ole Johannesen Helle på Lindeland i Sirdal. Seinare vart boka teken med til Minnesota, USA.

Attende til Sirdal

Ein etterkomar i USA som no har hand om denne spesielle boka, ønskjer at ho skal koma attende til Tonstadkyrkja, noko som skal skje ved offisiell overrekking i samband med gudstenesta i kyrkja i morgon, 17. september. Med det vil vandringa venteleg vera over, og reformasjonsbibelen vil vera heimkomen til kyrkja på Tonstad – i jubileumsåret for reformasjonen.

Kronikkforfattaren, professor Inge Særheim, med ein kopi av Christian IIIs bibel under Olavsfestdagene i Trondheim i sommar. UiS-professor Særheim er rekna som ein av det fremste språkforskarane og namnegranskarane i landet. Foto: Ingrunn Vassbø Særheim

Les også

Martin Luther budskap i 1517 var ikke først og fremst nådens budskap, men skarpe krav om oppbrudd og handling

Les også

Martin Luther kom aldri til Ryfylke

Les også

Martin Luther – ein kompleks fyr

Les også

Hinduismen i India ble også reformert for 500 år siden

Publisert: