Far køyrer feriebilen, – er det klokt?

Kva når ein av ektefellane blir «handikappa» når det gjeld bilkøyring eller døyr? Då er det svært viktig at begge har halde bilkøyringa ved like.

Jostein Ims råder par til å dele på køyringa frå ung alder. Då vert det enklare når ein når høg alder. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Jostein Ims
    Jostein Ims
    Hommersåk
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Far sit bak rattet i åtte av ti feriebilar, er eit av dei siste nyhenda i sumar. Ut frå eit likestillingssynspunkt er det trist at me ikkje er komne lenger på bilfronten. Ingenting tilseier at kona er ein dårlegare sjåfør enn mannen.

Men største skaden av denne skeive sjåførpraksisen viser seg først seinare i livet. Mange vil, om ikkje før, så i alle fall når dei når pensjonsalder oppleva at dei har mista noko på vegen: Muligheitene for lengre ferieturar vil til dømes for ektefellar vera sterkt reduserte i høve til det det kunne vore, om ekteparet opp gjennom livet hadde køyrt like mykje bil.

Tryggare trafikk

Korleis grunngir eg det? Ja, kva skjer over lengre tid når far støtt sit bak rattet og mor set seg til rette i passasjersetet på sida? Etterkvart finn vel mor seg til rette med å kunna slappa av og ikkje køyra. Men om nå far kjem på betre tankar og ber mor ta sin tørn bak rattet? Kva skjer? Eg tar ikkje så mykje feil om han då lett får svaret: «Eg likar godt å slappa av i sidesetet. Du køyrer?»

Ettersom åra går blir det vanskelegare og vanskelegare å få mor til å overta rattet. Me blir alle meir og mindre sytne etterkvar som me eldes, og meir usikre når det gjeld bilkøyring. Situasjonen blir då gjerne at far ikkje vil «tvinga» mor til å ta over rattet. I staden køyrer han lengre strekk sjølv enn han burde gjera, med mindre aktsemd og større fare for ulykker. Beste medisinen mot denne negative utviklinga er sjølvsagt at mor og far frå første dag legg opp til mest mogleg  lik køyrt distanse i kvardagen. Då vil dei stå godt rusta til å kunna gle seg over kortare og lengre ferieturar til langt oppi pensjonsalder.

Betalar seg i lengda

I vår familie har me heile livet prøvd å oppmoda kvarandre til å vera like aktive når det gjeld bilkøyring. I dag, i ein alder på 78 og 82 år, får me full effekt av dette. I fjor var me på nordnorgestur til Finnmark. Halve strekket nordover på Hurtigruta, resten av turen var det bilferie kombinert med besøk hos våre to barn der nord.

I år er planen den same som i fjor. Me vil då vera bevisste på tidsetappar bak rattet på maksimalt to timar. Hadde ikkje begge ektefellane vore så oppdaterte på bilkøyring, vil så lang biltur vore umogleg for oss.

Tenk også kva det betyr når ein av ektefellane blir «handikappa» når det gjeld bilkøyring eller døyr? Då er det svært viktig at begge har halde bilkøyringa ved like.

Les også

  1. Rapport: 25 prosent av dødsulykkene i trafikken relatert til rus

  2. Mange barn skulle ønske at foreldrene drikker mindre i ferien

  3. – Ikke nok med fareskilt, Kjerag-veien må utbedres

  4. Nasjonale turistveger ga energihotellet i Nesflaten trippel omsetning

Publisert:
  1. Bil
  2. Eldre
  3. Likestilling
  4. Ferie
  5. Trafikksikkerhet

Mest lest akkurat nå

  1. Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium

  2. Saktegående trafikk og lange køer ved Sinnes

  3. E134: Bil i vannet ved Ølensvåg

  4. Folkehelse­instituttet bommet kraftig på smitte­tall i julen

  5. Da Line Flesjaa ble syk, flyttet familien til hytta. Det ble et lykkelig valg

  6. Sola vurderer å trekke seg fra lokalt sam­arbeid hvis skjenke­stoppen videre­føres lokalt