Tidenes rogalandsbok – leik eller alvor?
DEBATT: Lista over tidenes rogalandsbok er ikkje berre ein uskuldig leik for å få fleire klikk og skapa ein brei diskusjon om lokale forfattarar. Det er eit forakteleg spel med aktive forfattarskap.
«Kva er poenget med å sjalta ut nærare 40 forfattarar før folk får stemma? Er ikkje dette ein svært autoritær tankegang?» spør forfattar Odveig Klyve om lista over tidenes rogalandsbok. Foto: Jon Ingemundsen
Debattinnlegg
- Odveig KlyveForfattar
Kva vil eigentleg Aftenbladet, Kiellandsenteret og Garborgsenteret med lista over tidenes rogalandsbok? Ein jury på 3 menn og 2 kvinner har nominert 48 forfattarar, av desse 33 nolevande, til ei langliste med femti bøker som heile fylket kan stemma vidare på. Det vil seia at 54 prosent av ei yrkesgruppe omlag 70 aktive, nolevande forfattarar i Rogaland, har fått livsverket sitt offentleg underkjent av ei såkalla ekspertgruppe. Kva anna yrkesgruppe ville akseptert ei slik behandling? Nokre tal til: Av dei 70 aktive forfattarane er det 32 kvinner og 39 menn; berre 13 av desse kvinnene er med på denne lista.
Alvorleg og trist
Det er begrensa kapasitet å bruka på litteratur i Aftenbladet, har eg inntrykk av. Men avisa kan altså bruka mykje tid og energi på lister og konkurransar som innsnevrar oppfatninga av kva god litteratur er. Og er det slik eit nystarta Kiellandsenter vil promotera seg? Det er uttalt at målet er å engasjera til lesing av lokale forfattarar. Ja, dei lokale forfattarane er faktisk av kjøtt og blod! Nokon lever til og med, og har altså med denne lista fått underkjent arbeidet sitt gjennom mange år. Det er alvorleg og veldig trist.
Eg skjønar ikkje at ei seriøs avis, to forfattarsenter og ein jury ikkje oppdagar kva dei har gjort.
Presentert som ei kvalitetsliste
Det blir framstilt som om ein litteraturprofessor, ein litteraturkritikar, leiaren av Garborgsenteret og Kiellandsenteret og leiaren av Rogaland forfattarlag einstemmig har diskvalifisert heile forfattarskap ved å utelata forfattarar med til saman fleire hundre utgjevingar, frå denne nominasjonslista over rogalandsforfattarar. Det er nok mange av dei som aldri har tenkt på å skriva «tidenes rogalandsbok», men dette blir presentert i Aftenbladet som ei liste over kvalitet og seriøsitet, og som ein dom av ein komité av litteraturekspertar. Det er og svært underleg at eit medlem av juryen (Terje Torkildsen, red.mrk.) har akseptert at ei av hans eigne bøker står på lista.
Hvem er favoritten din? Kielland? Renberg? Noen helt andre?
Ny kåring børster støv av lokale forfattere
Eg reknar med at føremålet med å laga ei slik liste er å gje folk eit tilfang av mange forfattarar å velja blant, når ein skal finna fram til «tidenes rogalandsbok». Kva er poenget med å sjalta ut nærare 40 forfattarar før folk får stemma? Er ikkje dette ein svært autoritær tankegang?
Det er vanskeleg å heva seg over at mange får forfattarskapen sin overkøyrd på denne måten i det offentlege omdømmet, for fleire kjennest det nok ganske knusande, sjølv om kanskje ikkje alle orkar å vedgå det.
Utfordrar kvar og ein
Dette er ikkje berre ein uskuldig leik for å få fleire klikk og skapa ein brei diskusjon om lokale forfattarar. Det er eit forakteleg spel med aktive forfattarskap. Eg skjønar ikkje at ei seriøs avis, to forfattarsenter og ein jury ikkje oppdagar kva dei har gjort. Eg utfordrar kvar og ein av desse institusjonane, og kvar enkelt av jurymedlemene til å svara offentleg på korleis dei har vore i stand til å gå inn i ein så uetisk prosess. Når Aftenbladet brukar så stor spalteplass på denne «konkurransen», bør dei og gje spalteplass til dette.
Kvifor ynskjer de så sterkt å gjera all kunst til konkurranse? Er verkeleg all aktivitet rundt denne lista verd den einsrettinga som blir resultatet av dette?
Og svar ikkje at ein tek dette altfor alvorleg. Dessverre tek mange denne lista akkurat så seriøst som de freistar å framstilla ho som.
– Knusande og uetisk bok-kåring
Stem på tidenes rogalandsbok
Mest lest akkurat nå
DIREKTE: Erna Solberg møter pressen - har beklaget til Raymond Johansen
Banksjef ble hytteutbygger på heltid i Sirdal
Mange kommuner i Rogaland må gi fra seg vaksinedoser. Sola-ordføreren mener regjeringen er på villspor.
Her planlegges det 50 nye hytter i havgapet - men ingen eiendomsskatt
Hvorfor er det ikke et folkeopprør mot elektrifisering av sokkelen?
Leiligheten er bare 33 kvm. Slik fikk de den til å føles dobbelt så stor.
Aftenbladet anbefaler
Mann i 30-årene risikerer forvaring etter å ha forgrepet seg på ett år gammel datter
Birgitte Munch var toppleder med millionlønn. Så hoppet hun helt av karrierejaget
Dette mener ekspertene skal til for at vi kan leve som før
Da Rebekka og Charlotte møtte hverandre for 12 år siden, var det hat ved første blikk. Nå er de bestevenninner