Draumen om ferjefri E39 er blitt eit økonomisk mareritt

DEBATT: Ferjefri E39 må leggjast vekk. Kostnadane er astronomiske og løyser ikkje dei mest grunnleggjande transportutfordringane for innbyggjarane.

«Tida for gigantiske veginvesteringa er forbi før prosjekta er ferdig planlagt, finansiert og starta opp. Samferdselsministeren og Statens vegvesen er tvungne til å ta ansvar og har ikkje noka anna val enn å setja foten i bakken, prisverdig nok», skriv Roald Kvamme.

Debattinnlegg

  • Roald Kvamme
    Norges Miljøvernforbund
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I eit innlegg i Stavanger Aftenblad krev 16 underskrivarar frå det lokale næringslivet og ei rekkje politikarar oppstart av gigantprosjektet Rogfast. Samferdselsminister Hareide «må gje marsjordre» til Statens vegvesen som vert opplevd som ein bremsekloss i framdrifta av prosjektet.

Ein skulle tru at underskrivarane har god innsikt i prosjektet Rogfast og den dokumentasjonen dei har fått tilgang på gjennom dei ulike prosessane prosjektet har vore gjennom lokalt og nasjonalt. Kanskje dei skal finna fram KS2 rapporten og konklusjonane denne har, her følgjer eit kort sitat:

«Finansieringen av prosjektet krever uvanlig høye bomsatser. Det er lav sannsynlighet for å få finansiert prosjektet i løpet av en 20 års bompengeperiode».

I tillegg er det verd å merke seg dette om eit anna dagsaktuell sak: «Prosjektet er avhengig av vegprosjekt E39 Smiene–Harestad, som ikke er endelig vedtatt».

Statens vegvesen har nyleg lagt fram ein kostnadsgjennomgang som syner at det ikkje er nok inntekter i bompengepakken som skal finansiera Smiene-Harestad, og det kan igjen få konsekvensar for realiseringa av Rogfast.

Les også

Kraftige protester på forslaget om å droppe E39-prosjektet Smiene-Harestad

Innhenta av økonomiske realitetar

No vert rogalendingane innhenta av dei økonomiske realitetane, det vert sterkt avgrensa tilgang på investeringsmidlar til riksvegar i framtida. Det same vert dei i Vestland fylkeskommune når det gjeld eit anna monsterprosjekt på E39, Hordfast.

Draumen om ferjefri E39 er i ferd med å bli eit økonomisk mareritt både for regjeringa og fylkeskommunane. Lutfattige fylke må stilla garantiar for enorme låneopptak til gigantiske vegprosjekt med heilt urealistiske trafikkprognosar og svært usikre trafikkgrunnlag.

I tillegg slit dei same fylkeskommunane med svært rasfarlege vegstrekningar, manglande kompensasjon for kostnadane med elektrifisering av ferjeflåten og kollektivtrafikken, store etterslep på vedlikehald og manglande ressursar til fornying av fylkesvegnettet. Det vil kosta titals milliardar å gjennomføra heilt naudsynte tiltak dei komande åra.

Samfunnet er i store endringar, trafikkprognosar og reisemønster endra seg raskt som følgje av teknologiutvikling og uføresette hendingar som eksempelvis koronapandemien. Trua på auka langpendling og meir reiseverksemd er sterkt svekka. Tida for gigantiske veginvesteringa er forbi før prosjekta er ferdig planlagde, finansierte og starta opp. Samferdselsministeren og Statens vegvesen er tvungne til å ta ansvar og har ikkje noko anna val enn å setja foten i bakken, prisverdig nok.

Denne ansvarskjensla vert møtt med usaklege angrep på styresmakter og fagetat. Ferjefri E39 må leggjast vekk. Kostnadane er astronomiske og løyser ikkje dei mest grunnleggjande transportutfordringane for innbyggjarane.

Prosjektet har store negative miljøkonsekvensar og undergrev Norge sine internasjonale forpliktingar om kutt i klimagassutsleppa og bevaring av naturmangfald og trua artar.

Og det vil slå beina under regjeringa sitt mål om å overføre meir godstrafikk frå veg til sjø og bane.

Les også

Alexander Rügert-Raustein: «Tala som torpederer Rogfast»

Rassikring og opprusting

Kutt ut dei kostbare fjordkryssingane! Bruk pengane på betre vegar mellom fjordane og på rassikring og opprusting av fylkesvegnettet! Styrk satsinga på nye og miljøvenlege løysingar på sjø og jernbane og for kollektivtrafikken!

Dette vil medverka til å nå målsettinga om ei samfunnsutvikling i samsvar med FN sine berekraftsmål, – og det er dit vi skal.

Les også

Lokalpolitikere og organisasjonledere: «Hareide må gi marsjordre for Rogfast»


Les også

  1. Sjekk Rogfast-endringene som gir milliardkutt

  2. – Det ligger utvilsomt noe under her som ikke har kommet fram

  3. Kvitsøy-ordføraren om Rogfast: – Oser av gjensidig mistillit

  4. Intern e-post avslører at Gunnar Eiterjord mister jobben som Rogfast-sjef

Publisert:
  1. Debatt
  2. E39
  3. Statens vegvesen

Mest lest akkurat nå

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. USA roser Sør-Afrika for å ha oppdaget ny virusvariant

  3. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han

  4. Ryfylke har fått sin første vingård

  5. Vogntog mot personbil - mann satt fastklemt

  6. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv