Pollestad går til kjelder med liten kunnskap om kvinners kjønnsdrift

DEBATT: Er det no så sikkert at den mannlege kjønnsdrifta er sterkare enn kvinna si?

Brev og brevkassar kan nok gjera nytte som freudianske symbol, men ingen av dei kjem i rørsle utan hjelp utanfrå. Dessutan er det meir energi i ein stikkontakt enn i eit støpsel, dermed er ein like langt.

Debattinnlegg

  • Solveig Aareskjold
    Forfattar
Publisert: Publisert:

I eit lesarinnlegg den 12. mai klagar Kjell Arild Pollestad over manglande respekt for den mannlege kjønnsdrifta. Russen får knute på luedusken når dei ligg med sju ulike personar på ei veke, mens menn med makt går i stadig fare for at ei eller anna Mona Lewinsky skal falla dei i ryggen.

Til slutt trekkjer han inn Alexander Kielland, som i 1886 uttalte at ein må vera «ganske uvitende om hannenes vesen i naturen, når man vil likestille driften hos kjønnene. Det forekommer meg også, som et hvert barn må kunne føle og forstå, at der er mere drift og fart i et brev enn i en brevkasse.».

No var attenhundretalet, særleg siste del, ein historisk epoke med oppsiktsvekkjande lite forstand på menneskeleg seksualitet. Endåtil universitetsutdanna legar gjekk omkring og trudde at kvinner ikkje kunne få orgasme, og den litterære produksjonen til Kielland så vel som dei private breva, ber preg av at han trass i sitt overklasseovertak på underklassejentene aldri opplevde denne eksplosjonen av kraft og lyst.

I oldtida derimot påstod den vise Teiresias, som hadde vore omskapt til kvinne i ti år, at den kvinnelege lysta var sterkare enn den mannlege. Og den homeriske helten Odyssevs var i sju år sexslave hos ei gudinne som manipulerte han til samleie kvar natt utan å bry seg det miste om kor krenkjande det var for han.

Brev og brevkassar kan nok gjera nytte som freudianske symbol, men ingen av dei kjem i rørsle utan hjelp utanfrå. Dessutan er det meir energi i ein stikkontakt enn i eit støpsel, så dermed er ein like langt. For Kjell Arild Pollestad er nok løpet køyrt, men for russen ligg det eit vedunderleg liv og ventar.

Les også

  1. Alt er lov for russen, men ikkje for vaksne menn med makt. For mannenaturen er det umenneskeleg med nulltoleranse

  2. Pollestad, eg held fast ved mine moralske åtvaringar mot russeknutar som krev sex, og går ikkje rundt på gummisolar

Publisert:
  1. Debatt
  2. Orgasme
  3. Seksualitet
  4. knute
  5. Menn

Mest lest akkurat nå

  1. For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!

  2. Årets folketog i Stavanger

  3. Jærbanen stengt etter hendelse

  4. Budsjettet kan sprekke med over 450 millioner kroner

  5. Danset seg gjennom tidenes lengste barnetog

  6. «Lykkeland»-stjernen skal gjøre noe hun aldri har gjort tidligere