Kva skal Nato med endå fleire våpen?

DEBATT: Med rette fordømer Nato Russlands folkerettsstridige og brutale krig mot Ukraina. Men kva er reaksjonen? Jau, rop om større militærbudsjett i alle land. Kvifor det?

Me treng ikkje opprusting, men forhandlingar og nedrusting. Bare militærindustrien tener på opprustinga.
  • Ingegerd Austbø
    Medlem i Internasjonal kvinneliga for fred og frihet
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Skal Nato «gå hen og gjere likeins»? Det har alt Nato-land gjort andre stader i verda. Er det snakk om hemn og bombing av russiske byar? I så fall har vel Nato alt våpen nok til det. Nato brukar noko slikt som femten gonger meir på militæret enn Russland. I 2019 brukte USA 731,8 milliardar dollar, Russland 65,1 milliardar dollar (tal frå Stockholm International Peace Research Institute, SIPRI). Det er enorme tal, vanskelege å fatta for vanlege dødelege, som må betala for dette gjennom skattar, og som risikerer å bli offer i tilfelle krig.

Store pengar å tene

Når me nå gjennom daglege reportasjar har fått sjå øydelegginga og lidinga våpenbruk fører til, burde den fornuftige, menneskelege reaksjonen vore : «Me må kvitta oss med desse våpena». Me treng ikkje opprusting, men forhandlingar og nedrusting.

Bare militærindustrien tener på opprustinga. Ein av dei største produsentane av militært utstyr er det amerikanske selskapet Lockheed Martin (LM), som har avdelingar i 42 delstatar. Selskapet har 70 lobbyistar, som arbeider for å påverka politikarane. Fleire av desse er tidlegare offentlege tenestemenn.

Arbeidsplassar er eit nyttig argument for dei. I tillegg gir selskapet økonomiske valkamp-bidrag, og somme Kongressmedlemmer har aksjar i selskapet. Før 2020-valet brukte LM nesten 7 millionar dollar på ulike kandidatar. I 2021 brukte USA 778 milliardar dollar på militæret. Av dei gjekk 75 milliardar til LM. Krig er bra for business.

Klimakrigen er den tredje

Tredje verdskrig må vera verdas «krig» mot klima- og miljøøydeleggingane, og det hastar! Å redusera militærvesenet ville vera eit viktig bidrag. Å produsera alt utstyret krev store ressursar, og i bruk som ved den store øving i Nord-Norge, gjer dei stor skade. Dei nye F-35 bombeflya våre brukar ca. 6000 liter drivstoff i timen. Likevel er ikkje militæret rekna med i klimarekneskapen. Det sytte USA for på FNs klimatoppmøte i Tokyo i 1997. Med sine 800 militærbasar rundt om i verda påfører USA kloden store skadar.

For å sikra ei trygg framtid må politikken ha som mål å bevara ein leveleg klode, ikkje å tilfredsstilla krigsindustrien!

Når me nå gjennom daglege reportasjar har fått sjå øydelegginga og lidinga våpenbruk fører til, burde den fornuftige, menneskelege reaksjonen vore : «Me må kvitta oss med desse våpena».
Publisert: