Kven kan landbruket stole på?

DEBATT: Dei siste solstrålen går ned bak åsar og fjell, grasbalinga er slutt for i år og om kort tid er det val …

«Folk flest ser kor gale det barkar i veg, dei ser resultatet av at fleire gardsbruk forsvinn kvar einaste dag, og at me har mista ca. 7000 bruk dei siste åtte-ni åra», skriv Tor Arne Liland.
  • Tor Arne Liland
    Sirdal
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Politisk val, som etter kvart utløyser andre val for mange innan landbruket. Er det mogleg å driva garden vidare? Vil dei unge som har lyst til å satsa innan landbruket, oppleva ein ny soloppgang etter valet?

Lite tyder diverre på at dei store endringane kjem til å koma i nær framtid – same kven som styrer skuta.

Dei fleste politiske partia er samde om at vi bør auka sjølvforsyninga, vi bør ha eit landbruk i heile landet, og at distriktsarbeidsplassar er viktige for busetjinga, men vi kan ikkje stoppe der!

Dei som blir valt inn i nasjonalforsamlinga vil få eit stort ansvar for sjølvforsyningsgraden i landet vårt.

Trist

Det som er trist med alle desse fagre løfter, er at ingen vil talfesta verkemidla. Heller ingen vil stadfesta tidsrom for dei som arbeider med matproduksjonen i landet vårt – og kva då med dei unge som ventar på soloppgangen etter valet?

Det partiet som kan stå fram med noko konkret – og med sannferdige lovnader, vil garantert skåra høgt blant bønder og andre veljarar i distrikta, ja hos alle bondevener – og dei er det sanneleg mange av etter kvart.

Folk flest ser kor gale det barkar i veg, dei ser resultatet av at fleire gardsbruk forsvinn kvar einaste dag, og at me har mista ca. 7000 bruk dei siste åtte-ni åra. Dette bør så avgjort vera dramatisk lesing for alle oppegåande og vakne politikarar i Noregs land.

Dei som blir valt inn i nasjonalforsamlinga vil få eit stort ansvar for sjølvforsyningsgraden i landet vårt. Samstundes vil dei få eit stort ansvar for at dei som produserer maten vår, får ei anstendig løn. Ei løn på lik linje med andre arbeidsfolk det fell naturleg å samanlikne seg med.

For lite mat

Det er faktisk ganske alvolig å tenkja på kor avhengige me har gjort oss av import og fri flyt av varer over landegrensene. Det er for lite mat i verda og ved ein eller annan katastrofe er eg redd for at det ikkje er sikkert at Noreg si befolkning står først i køen.

Den pågåande pandemien har synt oss at det er ikkje alltid er like lett å gjera som ein sjølv vil – og kva ein til ei kvar tid har lyst til.

Me får venta på soloppgangen! Godt val.

Publisert: