Ja til endå betre nasjonale prøver

SKULE: I tillitsvald og norsklektor Roar Ulvestads innlegg «Rausere og betre prøver, takk», går han tilsynelatande ut mot innhaldet i min kronikk «Sklitaklingar på debatten om framtidas skole», der eg gjekk i rette med debattredaktør Sandelson si einsidige forakt for nasjonale prøver.

Desse prøvene er ikkje dårlege, og mange lærarar er svært dyktige til å bruke tilgjengelege prøveresultat, kanskje endå dyktigare enn Utdanningsforbundet er villige til å innsjå.

Debattinnlegg

  • Per Henning Uppstad
    Per Henning Uppstad
    Professor, Lesesenteret, UiS
Publisert: Publisert:

Eg skriv mykje av det same som Ulvestad i min kronikk og har vanskeleg for å sjå at me eigentleg er særleg usamde om prøver og kvaliteten på dei.

Men når eg utfordrar Utdanningsforbundet, blir det vanskeleg for han, og han kallar utsegna mi for konfliktretorikk. Her er det kanskje verd å spørje seg om det er upassande å trø Utdanningsforbundet, den mektigaste lærarorganisasjonen i landet, for nær?

Mitt hovudpoeng i kronikken var ei etterlysing av ein meir påliteleg debatt som byggjer på tilgjengeleg kunnskap og fakta. Ulvestad har i sitt svar som premiss at eg er inhabil når eg skriv, ved feilaktig å hevde at det er Lesesenteret som lagar nasjonale prøver i lesing. Såleis set han meg i eit dårleg lys, basert på faktafeil. Det er Universitetet i Oslo som har dette oppdraget. Eg har ingen interesser i om prøvene blir vidareført eller ikkje. Som norsklektor gir Ulvestad heller ikkje ei rimeleg tolking av innlegget mitt når han hevdar eg er lei av debatten om prøvene.

Tvert imot ønsker eg der -eksplisitt – ein meir påliteleg debatt om dei velkomen. Samla sett illustrerer Ulvestads innlegg poenget mitt om Utdanningsforbundet si rolle i debatten på ein god måte, og han gir meg rett i at Utdanningsforbundet har liknande synspunkt som debattredaktør Sandelson.

Når det er sagt, er eg samd med både Sandelson og Ulvestad i at styresmaktene frå starten kunne hatt eit klarare blikk for både læraren sine behov og for eleven si oppleving. Dette kunne faktisk ha vore ordna med ganske enkle grep. Ulvestad er inne på nokre av desse, og Sandelson på andre. Men prøvene er ikkje dårlege, og mange lærarar er svært dyktige til å bruke tilgjengelege prøveresultat, kanskje endå dyktigare enn Utdanningsforbundet er villige til å innsjå.

Framover ønsker eg at både Sandelson, Ulvestad og underteikna heller konkret diskuterer korleis neste generasjons prøver bør sjå ut. Om me ikkje gjer det, vil me kanskje snart få eit nytt prøvekonsept som andre har definert på andre premiss enn våre. I ein slik debatt må me ha blikk for kva som er godt i dei eksisterande. Ein debatt som ikkje nyanserer, vil stå i vegen for ei slik forbetring.

Eg er samd med både Sandelson og Ulvestad i at styresmaktene frå starten kunne hatt eit klarare blikk for både læraren sine behov og for eleven si oppleving.

Les også

  1. Stortingsval? Best å minna om kor smalt bilde dei som styrer skulen har av norske barn.

  2. Eg vil ha fagleg betre nasjonale prøver. Det vil visa eit rausare syn på elevane

  3. «Sandelson er sar­kastisk, retorisk over­talande og ein­sidig i si fo­rakt for dei nasjo­nale prøvene»

Publisert:
  1. Utdanningsforbundet

Mest lest akkurat nå

  1. - Vi som kom fra vanlige, kjærlige hjem, likte ikke å være hos Inger-Tone

  2. Full krangel om Norges største gondol til 500 millioner. Bak står Spotify-investorer.

  3. Tegnell: Kan bli flere år med innreiseregler

  4. Kjørte i 174 km/t på motorveien

  5. Kjøpte rekkehus alene i en alder av 24: – Jeg er ikke noe god på økonomi, men er fornuftig

  6. Dansk sykkelhelt døde i ulykke: - Uforståelig og ufattelig