Ikkje kast vekk ein verdifull sjanse, UiS-student!

KRONIKK: Studentar òg må ta ansvar for eigen trivsel.

Publisert: Publisert:

Mange studentar slit med einsemd, men det finst råd: «For meg var studentidrettslaget den beste måten å bli kjend med folk då eg byrja som student ved UiS – og det er det framleis årevis etterpå», skriv Mikkjell Lønning. Av studentorganisasjonene ved UiS har idrettslaget aleine tilbod om 17 ulike sportar, som her lacrosse. Foto: Lars Idar Waage (arkivfoto)

Debattinnlegg

Ei undersøking frå hausten 2018 viste at ein av tre studentar slit med einsemd (kort oppsummering av undersøkinga her). Det var trist lesnad. Studietida skal vere perioden der me knyter livslange band, finn nye vener frå ulike kretsar, blir del av fellesskap og miljø. Universiteta og høgskulane fløymer over av sosiale tilbod for å gjere dette enkelt. Likevel er det forbausande mange som ikkje nyttar denne sjansen.

Brosjyrar viste meg veg

For meg var studentidrettslaget den beste måten å bli kjend med folk då eg byrja som student ved UiS – og det er det framleis årevis etterpå. Som attenåring var det skummelt å ta steget inn i ein førelesingssal, stabla oppetter veggane i lag med 150 andre. Alle saman ukjende, framande. Eg kom heldigvis kjapt over nokre brosjyrar for studentidrettslaget, og med eitt blei ting mykje enklare.

Idrett er ein særs effektiv måte å bli kjend med nye folk på. For min del vart badminton svaret. Eg blei dytta ut på banen av ein entusiastisk gruppeleiar og måtte berre trå til. Derifrå gjekk sosialiseringa av seg sjølv. Vips, så hadde eg vener å snakke med. Vener å vere med på fritida, vener eg kunne stole på. Eg var blitt del av eit fellesskap som ønskja meg velkomen med opne armar. Det einaste eg trong gjere var å møte opp.

Nettopp der ligg ein stor del av problemet. Tal frå Norsk studentidrettsforbund (NSI) viser at me Stavanger-studentar er dårlege på deltaking. Mens Trondheim kunne skryte av over 15 000 medlem (41 prosent av studentmassen) i sine idrettslag i 2017, var det knapt fem prosent av Stavanger-studentane som deltok i studentidrettslag.

Samvær på lacrosse-trening på UiS for nokre år sidan. Foto: Jonas Haarr Friestad

Eit mangfaldig tilbod

Her verkar det naturleg å kople desse to statistikkane. Om det er nokon årsakssamanheng skal eg ikkje spekulere i, men det kan openbert vere mykje å hente for studentane. For tilbodet er det lite å seie på. Berre innanfor studentidrettslaget her på UiS har me 17 ulike sportar. Det er alt frå «tradisjonelle» val som fotball og handball, til muay-thai og lacrosse.

Eg trur mange er skeptiske til å starte med nye idrettsgreiner fordi dei er redde for at dei andre er mykje betre enn dei. Det treng du neppe tenkje på i dei sistnemnde sportane. Der er det garantert mange nybyrjarar. Studentidrettslaget har til og med eigne grupper for e-sport og friluftsliv – òg tilbod med lågare terskel enn det skal du leite lenge etter. Studentane har med andre ord ei rekkje spanande alternativ å velje mellom. Det er sjølvsagt òg mogleg å starte si eiga gruppe – eller du kan melde deg inn i kva som helst annan studentorganisasjon som finst på UiS.

Johannes Sommerstad og Mads Strømme jublar for siger til laget Plyometrisk Krutt under ei futsal-turnering på UiS. Foto: Fredrik Refvem

Det byrjar med oss

Ein kan diskutere om universitetet bør gjere meir for å oppmode oss til å delta i desse gruppene eller andre studentforeiningar. Men først og fremst har me, studentane, hovudansvaret. Tilhøyrsle vil alltid vere viktig for å nedkjempe einsemd. Kjensla av å vere del av noko. Noko som er større enn ein sjølv.

I reklamemateriellet til studentidrettslaget ved UiS vart det lagt vekt på det å kombinere idrett med studering, men eg trur det sosiale aspektet er langt viktigare for dei fleste. Det handlar om å finne vener med same interesser. Finne noko som kan halde oss gåande gjennom dei verste eksamensperiodane der me har mest lyst til å sette fyr på pensumbøkene, og brukar dyrebare timar på å google godt betalte yrke utan utdanning. Ei tid som er vanskeleg å takle aleine.

Er du student har du eit ansvar for å ta del i, samt til å hjelpe andre inn i dette fellesskapet. Ta tak. Inviter med nokre kjende på eit slag tennis. Få med dei som sit ved sia av deg på førelesinga opp i klatreveggen. Eller berre tving deg opp av sofaen og møt opp på trening.

Verdifull erfaring

Blir ein først del av ein studentorganisasjon, er det heller ikkje vanskeleg å finne eit styreverv. Det å engasjere seg kan vere verdifull erfaring for organisasjonslivet som kjem etter studiane. Du får utvide nettverket ditt, samstundes som CV-en får nokre solide plusspoeng.

Slik som situasjonen er no, må fleire organisasjonar bruke dei same studentane til ulike verv. Ein har rett og slett ikkje nok folk. Slikt er oppskrift på utbrente studentar, og då går me inn i ein vond sirkel. Folk droppar ut, og andre må ta på seg endå fleire oppgåver. Det er langt frå berekraftig i lengda.

Engasjertmiljøet kan ikkje gjere alt aleine. Me må møte dei i døra, den som alltid står på gløtt. Ta ein sjanse. Prøv noko nytt, få nokre fleire vener. Bli ein del av miljøet som er skreddarsydd for oss, for det skal så lite til.

(Mikkjell Lønning er leiar for e-sportgruppa i Universitetet i Stavangers Idrettslag (UiSI). Red.mrk.)

Les også

Hver fjerde student utsatt for seksuell trakassering

Les også

I juni blir det billigere bussbilletter for ungdom og studenter

Les også

Ida Kopperstad sjonglerer to studier og deltidsjobb. Slik får hun det til.


God stemning trass i tap i første kamp for UiSI Tigers under futsal-turneringen som innledet studentuka i Stavanger. Foto: Fredrik Refvem

Publisert: