Heller kanalar og levande byliv enn cruiseskip på Holmen

Forslaget til utfylling og etablering av ny kai og nye bygg på Holmen har mange gode intensjonar, men cruiseskipa kan ikkje få danne premissa for utforminga av dette viktige hamneområdet.

Publisert: Publisert:

Slik kunne det til dømes bli på Holmen, mellom dei gamle bygningane innanfor Skansegata ved Bådegata og ei utfylling nordover, sett mot Skur 2 i bakgrunnen, meiner Per Fretheim (t.v.), leiar i Stavanger Arkitektforening. Han har laga illustrasjonen. Det lille biletet, frå Google Maps, viser gatebiletet i dag (minus det nye tilbygget «på taket»).

Debattinnlegg

  • Per Fretheim
    Leiar, Stavanger Arkitektforening
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Illustrasjon i kommunedelplanen.

«Havnefronten er sentrums ansikt utad og viktig for byens egenart», kan ein lese i forslaget til ny kommunedelplan som no er ute på høyring. Her er det illustrert ei utfylling av Holmen som gjer plass til både fleire og større bygg med sentrumsfunksjonar, samt meir effektive kaiareal. Intensjonane er gode. Utforminga som er illustrert (over), er til dels hårreisande.Les også:

Les også

Fram til september kan du si hvordan du vil ha det i sentrum

Me kan ikkje tillate at utviklinga av hamna vert ein duell mellom cruise-turisme og byliv. Dersom cruise-turismen får diktere utforminga, vil byen verte mindre interessant og levande, både for oss og for dei besøkande.

Dersom ein lar cruise-turismen strupe eigenarten, kveler den også Stavanger som destinasjon.

Turisme og eigenart

Gjennom historia har Stavangers sjølinje og hamnefronten vorte flytta fleire gonger for å tilpasse seg nye behov og for å skape meir plass. Atter ein gong er det nye behov som ligg bak når det no er foreslått ei gigantisk utfylling av Holmen.

Denne gongen er det blant anna store cruiseskip som definerer dei nye behova, etter at det vart kjend at Costa Cruise ynskjer å satse på Stavanger. Resultatet av dette er ei utviding av Holmen med ei lang, rett sjølinje med ein utanpåliggande promenade med høgeISPS-gjerde for å ivareta sikkerheitskrava. Er det slik vi ynskjer å vidareføre hamnefronten? Vil dette gje meir byliv? Sikrar forslaget lune møteplassar som er intime og skjerma frå nordvesten? Vil det skape meir ferdsel langs hamnefronten?

Og, kva har forslaget med byens eigenart å gjere? Uavhengig av det essensielle spørsmålet om denne type cruiseskip høyrer heime i sentrum, bør ein sjå nærare på kva ein vil at hamnefronten skal vere – og kven som dannar premissa for utviklinga. Dersom ein lar cruise-turismen strupe eigenarten, kveler den også Stavanger som destinasjon.

Les også:

Les også

«Klimaavtalen, kommunale tjenester og stedsutvikling er tre sider av samme sak»

Me kan ikkje tillate at cruise-turismen får sette premissane for utforming av byen vår.

Dagleg bruk

Cruise-turismen er ei viktig inntektskjelde, men la oss ikkje gløyme den daglige bruken av hamnefronten, og korleis dette kan gjere byens liv rikare. Eit døme er småbåt-turisme, som skapar sosiale interaksjonar døgnet rundt i sommarhalvåret. Folk hjelp kvarandre med fortøyingar, slår av ein prat om vêret eller kor dei skal segle vidare. Desse lågterskla interaksjonane skapar attraktive byrom kor folk ynskjer å opphalde seg.

Motsetninga til dette er cruiseturisme. Store mengder folk kjem på same tidspunkt, går i dei same butikkane, og forsvinn like fort som dei kom. Er hamnefronten berre sett av for cruise-skip, vil området fort bli ståande tomt når skip ikkje ligg til hamn. Me kan ikkje tillate at cruise-turismen får sette premissane for utforming av byen vår.

Les også:

Les også

Hvorfor er det satt en maksgrense på 16 etasjer høye bygg i Stavanger?

Langs kanalane er det kafear, butikkar, gågater og bruer.

Lag ein «ekte» holme

Me har no ei unik mogelegheit me ikkje får igjen. Når ein fyrst går så drastisk til verks at ein fyller ut nærast ein heilt ny bydel i sjøen, kvifor kan ein ikkje då dra hamnefronten og sjøvatnet inn som ein del av utforminga og byromma?

Kva om ein lèt den nye utfyllinga bli ein sjølvstendig holme, fullstendig omslutta av vatn, tilrettelagt for småskala båtliv mellom fastland og holme? Tilrettelagd for turgåarar, barnefamiliar og byens innbyggarar? Aktive førsteetasjar, med butikkar og restaurantar som vender seg mot desse byromma? Ved å etablere slike kanalar, eller sund, kan ein samtidig ivareta den gamle hamnefronten og på den måten belyse viktig byhistorie. Bryggehus og blå promenade kan fortsette å spegle seg sjølv og den identitet dei representerer i fjorden. Eit tydelig skilje med gode forbindingar og mellom gamal og ny byvev.

Sjå for deg livet langs kanalane i Amsterdam, London eller til dømes Nyhavn i København. Langs kanalane er det kafear, butikkar, gågater og bruer. Blandinga av daglige gjeremål og sosiale aktivitetar gjer bylivet rikare og skapar ein variert bruk av byromma døgnet rundt. Kan me prøve å få til noko av det same her?

Les også:

Les også

Fortidsminneforeingen: Byutvikling i Stavanger er hestehandel

Les også

Felles front mot høyhus på Løkkeveien

Les også

Beskytt Trehusbyen og Gamle Stavanger, si nei nei til monstre på Løkkeveien

Les også

Stavangers byutvikling trenger sterke alternative stemmer

Les også:

Les også

Wedler og Ydstebø vil bygge kjempehøyt ved Atlantic

Les også

- Høyhuset er midt i blinken, mener Raustein (Frp)

Les også

Hvilket av fem høyhus? Svar: Ingen av dem!

Les også

Bygg høyt, men godt

Les også

«Respekløs gigantomani»

Fikk du med deg denne?

Publisert:

Les også

  1. Forsvarsskrift for dødsdømt terminal: En hyllest til Stavanger stasjon

Mest lest akkurat nå

  1. Kjørte i 140 km/t i 60-sonen

  2. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  3. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  4. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  5. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  6. Fikk du med deg smellet i Gandsfjorden?

  1. Debatt
  2. Stavanger
  3. Byutvikling
  4. Sentrumsplanen (Stavanger)