Korleis forvalte Kvitsøys særeigne naturressursar?

DEBATT: Kva ynskjer Kvitsøy å satse på framover, og kven skal legge premissane for kvar og når det i tilfelle skal skje?

Publisert: Publisert:

«Er Kvitsøy sjølv med å skape si framtid dersom andre skal legge føringane for kvar eit eventuelt hotell skal plasserast? Vil me ikkje være tent med å bruke litt lenger tid på å fatte ei beslutning og eventuelt ta å ein diskusjon om alternative plasseringar?» spør Linda Tveteraas. Foto: Linda Tveteraas

Debattinnlegg

  • Linda Tveteraas
    Kvitsøy
  1. Leserne mener

På komande kommunestyremøte 26. mars er ei av sakene som vil endre Kvitsøy si framtid oppe til behandling. Base Property AS, ein Stavanger aktør, ynskjer å søkje omregulering av eit område på vestsida av Kvitsøy som i dag er regulert som LNF-område, til fritids- og turistformål (hotell).

Dette området er det ynskjeleg å kommersialisere og i utklipp/sitat frå Base Property AS sin idé bak hotellplanane står det: «Vår ambisjon er å utvikle et særegent hotell på rundt 150 rom med beliggenhet på vestsiden av Kvitsøy, ut mot storhavet – i spektakulære omgivelser og uberørt natur. Målet er å skape et hotell med kvaliteter som vekker internasjonal interesse og beundring.»

Rekreasjonsområde

Området det er snakk om, er i dag eit av dei få områda som er tilgjengeleg å ferdast på utanom vegen. Det er Kvitsøy-samfunnet sitt rekreasjonsområde.

Eg er samd i at eit hotell med denne plasseringa vil skape «internasjonal interesse og beundring» – for det er verkeleg det mest storslåtte og uberørte naturområde me har som er tilgjengeleg på Kvitsøy, og som er flittig brukt som tur og friluftsområde. Men vil ei utbygging med hotell og veg/parkeringsplass verkeleg være med på å styrke denne spesielle naturopplevinga, vil det ivareta og bevare det unike landskapet?

I ein uttalelse frå fylkeskommunens kulturavdeling frå desember 2018 uttrykkes sterke motforestillingar mot dei konkrete planane om nytt stort hotell på vestsida av Kvitsøy. Her vises det mellom anna til ulemper for det unike kulturlandskapet.

Kvitsøy med sine omlag 6,3 kvadratkilometer er landets minste kommune i areal, og vil derfor være ekstra sårbar ovanfor endringar.

Nasjonal verdi/interesse

Om kulturlandskapet seiast det blant anna: «Denne delen av Kvitsøy omtales også i rapporten «Vakre landskap i Rogaland», og er vurdert til å ha meget høy landskapsverdi og nasjonal interesse. De vestlige delene av Kvitsøy, inkludert dette området, er også foreslått som et KULA-landskap ovenfor Riksantikvaren. Det betyr at vi har vurdert kulturlandskapet til å ha nasjonal verdi/interesse. Vi vurderer de aktuelle tiltakene til å bryte med landskapets særpreg/karakter, stykke det opp og forringe opplevelsen av det.» Fylkeskommunens kulturavdeling konkluderer med å fraråde å åpne for det omtalte hotellprosjektet i forbindelse med rullering av kommuneplanen. I stedet oppfordres kommunen til å fremme en «bruk av området som ivaretar kulturminnene, sammenhengen mellom disse og helheten i landskapet, samt opprettholder det særpregede åpne og snaue beitelandskapet, og at en ikke foretar inngrep som bryter denne karakteren. Ny bebyggelse bør konsentreres til allerede bebygde områder og innordne seg landskap og bygningsmiljø slik at helheten opprettholdes.»

Balanse

Dersom det er ynskjeleg at Kvitsøy skal bli ein aktør i reiselivet og ein besøksattraksjon i åra framover, vil det då ikkje være naturleg at det blir arbeida målretta mot dette, der ein saman kan sjå på muligheiter og planlegge framover? Og ikkje minst – at planar blir lagt i forhold til balansen mellom både innbyggjarane og turistane sine behov, infrastruktur og ivaretakelse av det unike naturlandskapet Kvitsøy har?

Kvitsøy med sine omlag 6,3 kvadratkilometer er landets minste kommune i areal, og vil derfor være ekstra sårbar ovanfor endringar. Den store verdien til Kvitsøy er nettopp det urørte, det ville og vakre landskapet som me har rundt om på øya vår. Det er det som er vår attraksjon og verdi.

Skal vi då tillate å bygge og legge til rette for vei og bygningar inn i dette landskapet? Til samanlikning er Lofoten 1230 kvadratkilometer – det er ca. 195 gonger større enn Kvitsøy. Lofoten har hatt ein formidabel vekst og verdiskapning dei siste åra pga. av turismen, samtidig har det medført ei stor belastning for fleire av lokalsamfunna.

Føringar langt inn i framtida

Med våre få kvadratkilometer må me vel fyrst ta stilling til om me ynskjer ei sånn utvikling? – og i tilfelle: Korleis skal me då forvalte våre heilt særeigne og sterkt begrensa naturressursar? Skal me starte med å bygge dei ned? Er Kvitsøy sjølv med å skape si framtid dersom andre skal legge føringane for kvar eit eventuelt hotell skal plasserast? Vil me ikkje være tent med å bruke litt lenger tid på å fatte ei beslutning og eventuelt ta å ein diskusjon om alternative plasseringar? Dette er trass alt beslutningar som vil legge føringar langt inn i framtida. Handlar ikkje politikk om styring? Eller dreier det seg om å bli styrt?

Publisert: