Vi treng fleire lærarar i skulen

DEBATT: Lærartettleiken handlar om å legge til rette for at lærarane har tid til å sjå og hjelpe kvar einaste elev.

Publisert: Publisert:

– Lærartettleik i skulen er ein fanesak for KrF, både sentralt og lokalt. Vi treng fleire vaksne i skulen. Det handle om relasjonar, om å bli sett, skriv Anne Kristin Bruns. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Oppvekstpolitikar, Stavanger KrF og mor til fire
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«Mamma, Kristin er den beste læraren på skulen min», seier jenta mi. «Kvifor», spør eg? «Ho smile til meg kvar dag», svare ho.

KrF er ikkje i tvil. Lærarane er skulen sin viktigaste ressurs. Difor må vi legge til rette for at dei har tid til å sjå og hjelpe kvar einaste elev. Ja, det er viktig med dyktige lærar, og det har vi i Stavanger. Samtidig er det vanskelegare å få delt kunnskapen når ein er lærar åleine med 26 viltre og heilt ulike 6-åringar, eller utålmodige og ulike 14-åringar. Det gjev i alle fall ikkje rom for tilpassa undervisning og det å hjelpe kvar einskilt barn.

Lærartettleik i skulen er ein fanesak for KrF, både sentralt og lokalt. Vi treng fleire vaksne i skulen. Det handle om relasjonar, om å bli sett.

Ønskjer tilbakemeldingar

Ungdommens bystyre i Stavanger understreka dette i kvalitetsplanen for stavangerskulen i vår, der dei ønska fleire tilbakemeldingar frå lærarane, nærmare oppfølging og fleire samtalar med kontaktlærar.

Les også

Skolene får færre nye lærere enn antatt

Les også

– Hvorfor kan de ikke betale noe tilbake?

Gjennom statsbudsjettet har KrF fått gjennomslag for ei satsing på tidleg innsats gjennom 200 mill. kroner til fleire lærarar i 1-4 klasse, 16 elevar pr. lærar og 21 elevar pr. lærar i 5-10 klasse. Skal vi få dette til, må vi ha fleire lærarar, og regjeringa må raskt kome i gang med tiltak som sikrar rekruttering slik at vi klarer å halde på dei gode lærarane.

TNS Gallup har gjort ei undersøking på vegne av kunnskapsdepartementet ( 2011) som viser lærarflukt på grunn av store klassar og liten tid til kvar einskild elev. For meg som oppvekstpolitikar er dette bekymringsfullt, og eg er glad for at vi kan stå saman sentralt og lokalt for å styrke skulane våre.

Finland har gjort det i fleire år. Estland kjem etter, og PISA viser at dei snart er på nivå med Finland. Dei har begge satsa på lærartettleik. Det viser at fleire lærarar pr. elev har gjort det mogleg å gje elevar, særleg dei som slit, ekstra hjelp.

Forsking ved National Education Policy Center ved Universitetet i Colorado (2014) viser at eit lågare antall elevar per lærar har ein relativ stor og varig positiv effekt på eleven si læring, særleg overfor elevar frå låginntektsfamiliar og barn med minoritetsbakgrunn.

Større fleksibilitet

Her heime viser FOU-rapporten «Spesialundervisning – drivere og dilemma», som blei publisert av KS, at auka lærartettleik gjev mindre tilpassa opplæring og gjev skuleleiinga større fleksibilitet i organisering av undervisninga. Dette er ifølgje rapporten ein føresetnad for å lukkast med å redusere behovet for spesialundervisning.

Læraren er svært viktig for svært mange barn i våre skular. KrF vil at lærarane skal ha både tid og overskot til å utøve sitt arbeid på ein best mogleg måte. Takk alle lærarar for at de har smilt og sett borna mine trass store klasser.

Publisert:

Les også

  1. Ingen vet hvordan det går med rekruttering til lærernormen

  2. Frykter flere elever i spesialundervisningen

Mest lest akkurat nå

  1. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  2. Leteaksjon etter mann (63)

  3. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  4. To nye smittetilfeller i Sandnes fredag

  5. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  6. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  1. Debatt
  2. Skole og utdanning
  3. Skolepolitikk
  4. Lærere
  5. Anne Kristin Bruns