Fritt skuleval er ikkje fritt, det er berre fritt for dei flinkaste

DEBATT: Fritt skuleval er ikkje fritt! Det øydelegg samfunnet vårt, fører til dårlegare helse, større arbeidsløyse, segregering og eit sterkt auka klasseskilje.

Dessverre er det slik at fritt skuleval går mest utover dei som har minst frå før. Dei som har gode føresetnader får sjansen til å gå på ein god skule, medan dei som slit på skulen skal måtte bere dette med seg heile livet.

Debattinnlegg

  • Line Sand
    Lærarstudent frå Sand
Publisert: Publisert:

Oda Oline Omdal skriv at det er urettvist at ikkje alle elevar har høve til å velje vidaregåande skule fritt, det er eg einig i, men det som vert kalla fritt skuleval er langt frå fritt for alle.

Det er lett å tolke fritt skuleval som at elevar sjølv vel skule ut frå sine ønskjer. Det høyrest flott ut at ungdommane kan velje fritt, men har dei eigentleg fridom til å velje den skulen dei vil? Nei, fritt skuleval er ikkje fritt. Eit betre namn er karakterbasert skuleval. Det er nemleg karakterane til elevane, og berre dei, som avgjer kvar elevane skal gå på skule. Dårlege karakterar kan føre til at elevane må flytte på hybel. Skal det vere slik at ein må flytte i ein alder av 15–16 år for å gå på skule?

«Vinnarskular» og «taparskular»

Forkjemparane for fritt skuleval seier ofte at elevane sjølv veit best kor dei passar inn, men norsk forsking viser at fritt skuleval fører til sterkare segregering mellom skular, og større likskap innanfor kvar skule og auka polarisering i samfunnet. Me endar opp med «vinnarskular» og «taparskular». Elevane med gode karakterar på ein skule, og elevar med dårlege karakterar på ein annan.

Det kan vere mange grunnar til at ein har dårlege karakterar på ungdomsskulen, skal situasjonen din i ungdomsåra verkeleg øydelegge framtidsutsikta di? Dessutan viser det seg at fritt skuleval fører til at auka etnisk deling, større klasseskilje, og klasserom utan mangfaldig fellesskap. Ifølgje Kunnskapsløftet sin overordna del vil dette vere negativt for samfunnet.

Fleire organisasjonar som er opptekne av skule og utdanning har gått tydeleg imot fritt skuleval. Blant anna Utdanningsforbundet, LO og Lektorlaget. Desse organisasjonane ser realiteten i skulen. Burde me ikkje då høyre på dei? Mykje forsking støttar dette, mellom anna ein av Stoltenbergsutvalgets rapportar som peiker på kor viktig kjønnsforskjellar og sosiale forskjellar er for skuleprestasjonar.

Berre eliten får velje

I skulane i Oslo har dei fritt skuleval, men undersøkingar viser at i realiteten er det berre ein liten elite som faktisk får velje. Er det eit slikt system me vil ha, der eliten får velje medan dei resterande elevane må ta til takke med det dei får?

Forsking gjort ved NTNU og UiB finn at elevar som bur nær sentumskular ikkje får høve til å gå der. Dermed får dei lengre reiseveg, eller må flytta på hybel, noko som kan føre til at fleire droppar ut. Dette vil auke forskjellane i samfunnet. Forsking gjort mellom anna av Folkehelseinstituttet viser at dårlegare utdanning fører til dårlegare helse, noko som også gir økonomiske konsekvensar for staten. Derfor treng me ein skulemodell som legg til rette for alle.

I Sverige har dei hatt fritt skuleval i 30 år. Der åtvarar både forskarar, lærarar og elevar mot å innføre eit liknande system i Norge. Fritt skuleval har splitta den svenske skulen, den er ikkje lenger ein plass menneske frå ulike samfunnslag møtest og lærer å respektere kvarandre. Ein svensk rektor har sagt at mykje pengar som kunne vore brukt på å styrke utdanninga no heller går til marknadsføring.

Lag ulike modellar

Det er fleire alternativ til fritt skuleval. Ulike modellar kan passa i ulike delar av landet. Viken skal no teste ut ei nærskuleordning der dei som søker på nærskulen får tilleggspoeng slik at ein har større sjanse for å kome inn der.

Dei som frontar fritt skuleval argumenterer ofte ut frå at ein anten har fritt skuleval eller nærskuleplikt. Då viser ein til skuleflinke elevar som ikkje kjem inn der dei vil. Men det treng ikkje vere anten eller; nærskulerett ikkje det same som nærskuleplikt. Nærskulerett vil seie at du vert garantert plass på ein skule innanfor ein viss radius frå der du bur. Dette kan bidra til at ein ikkje må tvinge 16 -åringar på hybel.

Dessverre er det slik at fritt skuleval går mest utover dei som har minst frå før. Dei som har gode føresetnader får sjansen til å gå på ein god skule, medan dei som slit på skulen skal måtte bere dette med seg heile livet. Når så mange som jobbar med, og har erfaring med fritt skuleval åtvarar mot å ha fritt skuleval, kvifor er det i det heile noko ein vurderer? Finn ein annan modell for val av vidaregåande skule.

Nei, fritt skuleval er ikkje fritt. Eit betre namn er karakterbasert skuleval. Det er nemleg karakterane til elevane, og berre dei, som avgjer kvar elevane skal gå på skule.

Les også

  1. – I dag er det berre 3 av 11 fylke som lar elevar velje fritt. Dette er svært urettferdig

Publisert:
  1. Skole og utdanning
  2. Skolepolitikk
  3. Videregående skole
  4. Utdanningsforbundet
  5. Utdanning

Mest lest akkurat nå

  1. Trafikkuhell på motorveien ved Auglendshøyden

  2. Ungdomsskogen-saken nektes anket til Høyesterett

  3. Jernbanedirektoratet: Ålgårdbanen bør legges ned

  4. Paracet kan ødelegge for kreftbehandling: – Litt skremt

  5. Mistet synet på det ene øyet etter vold på utested i Stavanger

  6. Nå har Sandnes Ulf fått svar etter at millionhjelp ble klaget inn