I krig er tvisynet det andre offeret

DEBATT: Er det slik at dei som tvilar på Nato-medlemskap skal ha munnkorg i Norge?

Eg stemmer verken Rødt eller Høyre, og Nato har eg eit todelt syn på. Men eg vil ha rett til å meina og røysta det eg vil, utan å bli uglesett.
  • Tore Thorsen
    Lekmann og pensjonist, Jelsa
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«Smi mens liket er varmt!, syng Øystein Sunde. Det gjer Erlend Jordal, statsvitar og lokalpolitikar (H), i Aftenbladet 30. mai. På grunn av Rødts skeptiske haldning til NATO, åtvarar han oss sterkt mot det partiet. For etter den 24. februar er NATO-tvil hårreisande, ifølgje statsvitaren.

Han har innflytelsesrike med-heroldar. Ine Eriksen Søreide, leiar i Utanrikskomiteen, rykte ut straks etter krigsutbrotet og nærmast uansvarleggjorde all NATO- og EU-motstand. Framståande mediefolk følgde opp. Fritjof Jacobsen i DN:

NATO- og EU-motstandarar burde ikkje ha lov til å ytra seg heretter. Med andre ord: Nå skulle det takast eit oppgjer med tvilarane. Det vil Jordal også gjera. «Vi må ta et oppgjer med de som trur at ein alliansefri kvardag er vegen å gå,» seier han. Eg har høyrt at det kan takast oppgjer med kriminelle handlingar og uetiske standpunkt, men ikkje med lovlege politiske synspunkt.

Eg veit ikkje om Jordal fekk med seg eit innslag på Dagsnytt 18 for ei veke sidan. Der møttest Eriksen Søreide, høyrepolitikar og tidlegare utanriksminister, og Kai Eide, høyremann og tidlegare Nato- og EU-diplomat. Eide reagerte sterkt på Søreides og mediefolks besserwisserfakter etter Ukraina-invasjonen, viljen til å illegitimera andre syn enn det eine «rette». Slike tendensar, meinte Eide, høyrde ikkje heime i eit demokrati. Det gjorde han redd.

Det seiest at i krig er sanninga det første offeret. Om det stemmer, så er det andre offeret tvisynet. Det var liksom den retten me skulle kjempa for å behalda i eit land som vårt. Eg stemmer verken Rødt eller Høyre, og Nato har eg eit todelt syn på. Men eg vil ha rett til å meina og røysta det eg vil, utan å bli uglesett. Derfor gjorde det godt å høyra på Kai Eide.

Publisert: