Er krafteksporten lovleg?

Debattinnlegg

  • Sigmund Hatløy
    Stavanger
Publisert: Publisert:

Lyse Energi og andre kraftprodusentar har skaffa seg vassdragsrettar og andre rettar ved ekspropriasjon frå grunneigarar og andre eigarar.  Grunngjevinga for ekspropriasjonsløyvene er at behov og nytte av å bruka rettane er større for samfunnet enn for eigarane.

Løyvene er gjevne for at fellessamfunnet skal få naudsynt forsyning av elektrisk kraft. Det same gjeld når kraftselskapa får løyve til å ekspropriera rettar for å bygga kraftføringsliner over store avstandar.

Det er altså behova til dei lokale forsyningsområda som gjev kraftselskapa rettsleg grunnlag for utbygging og drift. Slik eg forstår lovverket er ikkje ekspropriasjonsløyvene gjevne for at kraftselskapa skal tena mest mogleg pengar, også dersom lokale behov vert forsømde.

Plikter og ansvar for lokal kraftforsyning kan ikkje veljast bort, eller kan det det?  Kva seier jus-fagfolk om dette?  Er krafteksporten lovleg når lokale behov må vika for målet om størst mogleg inntekt? Er dette i samsvar med ekspropriasjonsvilkåra?

(Innsendaren gjer merksam på at han er tidlegare grunneigar.)

Publisert:

Strømkrisen

  1. Stortinget haste­inn­kalles til møte om strøm­tiltak

  2. – Lyses over­skudd bør brukes på nær­ings­livet

  3. Ap’s nestleder fra Nord­land: Uakt­uelt med over­føring av strøm fra nord til sør

  4. NHO-topp om strøm­krisen: – Situasjonen er ekstrem og alvor­lig

  5. Strøm­krisen: Regjer­ingen tar kri­tikken fra roga­lands­bedrifter «på største alvor»

  6. Tilliten til regjeringen svikter hos 8 av 10 bedrifter i Stavanger-regionen

  1. Strømkrisen
  2. Debatt
  3. Ekspropriasjon
  4. Strømforsyning