Private barnehagar og skular slepp arkivplikt

DEBATT: Ny arkivlov er på trappene og har nettopp vore til høyring. Den gamle lova frå 1999 er alle einige om er utdatert – men tek den nye lova innover seg det samfunnet me lever i no?

– Dersom barnet ditt går i ein privateigd barnehage, gjeld ikkje arkivlova, og desse barnehagane sjølv har ikkje plikt til å bevare den dokumentasjonen når barnet sluttar i barnehagen, skriv Beate Aasen Bøe.

Debattinnlegg

  • Beate Aasen Bøe
    Beate Aasen Bøe
    Rådgivar hos Interkommmunalt Arkiv i Rogaland
Publisert: Publisert:

Det har dei siste åra vore ei stor omvelting i offentleg sektor og det har kome fleire private aktørar til som utfører tenester for det offentlege. Slik det er no, slepp privateigde aktørar som barnehagar og skular arkivplikt, til tross for at dei levere offentlege tenester på vegne av kommunane.

Rettferdsdokumentasjon

Dagens arkivlov og forslaget til ny arkivlov, lovfester at offentlege verksemder har arkivplikt. Det vil seie å arkivere dokument som blir sakshandla og/eller har ei verdi som dokumentasjon. Kommunane skal blant anna vise at dei har utført og gitt dei tenestene som dei har plikt til å gje, og som innbyggarane har krav på å få. Denne type dokumentasjon kallast rettferdsdokumentasjon.

Det kjem ikkje fram for foreldra at dersom barnet kjem inn i ein privat barnehage, vil det i praksis få ein dårlegare rettstryggleik på grunn av manglande arkivering av dokumentasjon.

Jamleg er det framme i nyheitsbiletet saker der det offentlege har svikta, eller det er mistanke om svikt, i ansvaret kommunen har hatt ovanfor innbyggarane. Til dømes i skulesaker og barnevernsaker. Likevel er det slik i dag at arkivlova ikkje gjeld for alle tenester som kommunen gir. Dersom barnet ditt går i ein kommunaleigd barnehage, så gjeld arkivlova og kommunen skal arkivere dokumentasjon som gjeld barna for ettertida. Dersom barnet ditt derimot går i ein privateigd barnehage, gjeld ikkje arkivlova, og desse barnehagane sjølv har ikkje plikt til å bevare den dokumentasjonen når barnet sluttar i barnehagen. Det kan både bli eit juridisk og demokratisk problem for alle partar – men den som vil lid mest er barnet.

Lite eller ingen dokumentasjon

Behovet for denne dokumentasjon er langvarig og gjerne gjelde heile livet. Hos Interkommunalt Arkiv i Rogaland, som er eit arkivdepot for dei fleste kommunane i Rogaland og fylkeskommunen, så gjeld dei fleste førespurnader innsyn i rettferdsdokumentasjon etter oppvekstområdet som skule, barnevern og barnehage. Me forventar å få fleire førespurnader etter barnhagedokumentasjon dei neste åra, men her vil vere lite eller ingen dokumentasjon frå private barnehagar.

Når foreldre og føresette i dag søker på barnehageopptak i den kommunen dei bur i, så kan dei setje opp ei liste over prioriterte barnehagar. I praksis så vel ein ikkje om barnet skal gå i privat eller offentleg barnehage, men andre kriterier som nærleik og kvalitet. Det kjem ikkje fram for foreldra at dersom barnet kjem inn i ein privat barnehage, vil det i praksis få ein dårlegare rettstryggleik på grunn av manglande arkivering av dokumentasjon.

Dette gjeld ikkje berre private barnehagar, men på fleire områder der private aktørar ufører tenester på vegne av det offentlege. Private skular treng heller ikkje å følgje arkivlova. Sjølvsagt kan det vere ulik praksis hos dei ulike private skulane, men slik som personvernregelverket blir tolka i dag, så har ikkje desse private skulane heimel til å bevare denne dokumentasjonen etter eleven har slutta.

Kven har ansvaret?

Forventninga til ny arkivlov var difor at denne utfordringa skulle løysast, slik at det same regelverket gjaldt både for offentlege og private aktørar som leverer kommunale tenester. Forslaget til ny lov vil ikkje det. Me vil difor få fleire saker i framtida der dokumentasjon ikkje finnest, og kven har då ansvaret for det? Det viktigaste må vere å sikre lik rettstryggleik for enkeltmenneske uansett kva for barnehage eller skule foreldra vel, og dette burde ei ny arkivlov sikre.

Les også

  1. – Forstår ikke hvordan dette kunne skje

Publisert:
  1. Debatt
  2. Interkommunalt Arkiv i Rogaland
  3. Barnehageopptak

Mest lest akkurat nå

  1. Omkom i druknings­ulykke på Sande­stranden

  2. Jordmor på SUS: – Har aldri vært så bekymret som jeg er nå

  3. Sauda nest varmest i landet

  4. Eierne av Martinique-huset protesterer mot planer om ute­sted på nabo­eiendommen

  5. Her ligger enorme verdier. Men kan de hentes ut?

  6. Savnet mann på Tasta funnet i god behold