Korleis er det med familieklimaet?

DEBATT: Skuleferien har starta. Korleis vil denne sommaren bli? Korleis står det til i familien?

Publisert: Publisert:

God førebygging i skulen er viktig for unges psykiske helse, men foreldre må ikkje gløyme foreldrerolla. Foto: Shutterstock/Scanpix

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Listekandidat til stortingsvalet, Rogaland KrF, nestleiar i KrF Kvinner
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Ytterdøra blir låst opp og eg ropar: «Er det nokon heime?». Men får ikkje noko svar. Eg kjenner frustrasjonen stig. «Ja, tenkte eg det ikkje, her sit du framfor PC-en», seier eg i det eg riv opp døra til kjellarstova. Der frå sofaen får eg eit uforståande blikk og: «Ka e det, mamma? La meg få ein sjanse te å gjør någe med det då, før du blir sinte.»

Forholdet foreldre/barn

Familien er den viktigaste arenaen kor ungane mine kan kjenna at dei høyrer til og er i fellesskap med andre. Klimaet for trivsel er avgjerande. Å vera ei god mor som har tid og er til stades med heile meg, handlar også om korleis eg som vaksen legg til rette for eit godt klima. Foreldre har ansvar for sine barn, og vi er deira viktigaste rollemodellar. Vi er med på å skape klimaet i heimen.

Gjennom ulike undersøkingar, mellom andre Ungdata 2016, seier ungdommar at dei har eit nært og godt forhold til sine foreldre. Dei klarer å snakke med sine foreldre og erfarer at foreldra deira støttar dei. Like fullt er barn og unges psykiske uhelse ei aukande folkehelseutfordring (Helsetilstand og påvirkningsfaktorer i Stavanger kommune 2017).

Førebyggande innsats

KrF har fått gjennomslag for ein økonomisk forpliktande opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse, der barn og unges egne erfaringar og råd skal inkluderast. I voteringa 9. juni slutta Stortinget seg (vedtak 840) einstemmig til følgande forslag: «Stortinget ber regjeringen innen juni 2017 legge frem en helhetlig tverrsektoriell strategi for barn og unges psykiske helse som omfatter individ og samfunn, og som inneholder både helsefremmende, sykdomsforebyggende og kurative initiativ. I utformingen av strategien skal barn og unges erfaringer og råd inkluderes.»

KrF har også fått vedtatt at barn og unge skal få medikamentfrie behandlingstilbod (vedtak 839) når faglege anbefalingar tilseier det.

KrF foreslo også i 2016 å innføre ordninga «Livsmestring i skolen», etter modell av den kulturelle skulesekken. Nokre skuletimer i månaden kan gi elevane undervisning i tema som vedkjem dei i kvardagen, og der det er rom for samtale og refleksjon utan fagleg vurdering. Dette blei i januar 2017 lagt fram i rapporten «Livsmestring i skolen» av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), der livsmeistring skal være eit av tre gjennomgåande tema når kunnskapsløftet og læreplanane i skulen skal reviderast.

God førebygging er kjernen i at fleire kan unngå å utvikle ei psykisk liding ved å vite korleis søke hjelp. Her er skulehelsetenesta sentral. KrF ønsker ei bevisst satsing på førebygging, tidlig innsats og behandling. Barn og unge trenge ei skulehelseteneste som er reelt til stades. De siste åra har vi løyvd om lag 1 milliard kroner til skulehelsetenesta, der 320 millionar er øyremerkte til fleire stillingar i helsestasjonane og skulehelsetenesta. Dette er menneske som skal møte barn og unge med dei fysiske og psykiske problema dei har. Det betyr noko for ungdommane våre når helsesøster faktisk er til stades på skulen meir enn fire timar i veka. For meg som mor er det godt at andre enn eg sjølv kan vere samtalepartner for mine barn.

Les også

Gjekk frigjeringa for langt for fort?

Foreldra sitt ansvar

Det er viktig at skulen er involvert i våre barn sine liv, men vi foreldre må ikkje gløyme at det er viktig at vi også er det. Eg er oppvaksen på ein gard, der mykje handla om kva arbeid vi skulle utføre saman. Sjølv om det ikkje alltid var like kjekt, skapte arbeidsfellesskapet også rom for samtalar. Det var samtalar om smått og stort. No må desse arenaene skapast på nytt.

Eg spør ofte: «Kva er du oppteken av for tida? Kva tenker du?», og dei fleste gongane blir det svart med «Eg vettsje.» Kanskje fordi spørsmålet kjem på eit tidspunkt eg ikkje har tid til å lytte? Eller må ein venne seg til slike spørsmål?

Som forelder må eg skape rom og tid for samtalen. Ikkje berre når eg vil og kan, men når barnet er klar for å snakke. Då kan eg ikkje alltid vere på farten eller vere oppteken av min karriere og mitt liv.

På mange måtar er det lettare at alle sit med sine eigne dibbeduttar, enn at vi snakkar saman. For meg gjev det i alle fall eit betre klima om vi klarar å snakke om ting som opptek oss, rett og slett fordi eg er interessert i å bli betre kjend med barna mine. Utfordringa kan bli at neste generasjon ikkje er van med å kommunisere «face to face».

På same måte som klimabevisstheit i eit miljøomsyn handlar om å ta viktige val, gjer familieklimaet det også. Akkurat som vi er bekymra over miljøklimasituasjonen i verda, må familieklimaet vere ein del av dette. Den gode samtalen og det gode klimaet gjev vokster, og graset er grønast der ein vatnar det.

Det løyste seg

La meg ta deg tilbake til starten. Då samtalen mellom meg og sonen min blei retta mot noko negativt, fekk eg ein idé. Det slo meg at eg har makt over, og kan prege klimaet i heimen gjennom ein annan måte å takle situasjonen på. Eg sa: «OK, no går eg ut, og så kan vi starte heilt på nytt.» Deretter gjekk eg opp trappa, ut av huset, snudde meg og kom inn att med ei heilt anna innstilling.

Trur du at klimaet og samtalen blei annleis?

Publisert:

Les også

  1. Frykter ekskluderende mobiltjeneste

  2. Foreldrene ble anklaget for å ha filleristet «Tobias» (1) og trodde de aldri skulle få ham tilbake. Så begynte en pensjonert overlege å stille spørsmål

  3. Tarik flyktet fra sin far, OL-mesteren Khalid Skah. For å føle seg trygg, begynte sønnen med kampsport. Nå er han en av verdens beste.

Mest lest akkurat nå

  1. Samferdselsdepartementet går for den røde streken på kartet

  2. Fire nye smittetilfeller i Stavanger

  3. – De kaller det tidenes funn i Norge

  4. – En helt fantastisk løsning i disse krisetider

  5. Er god for nesten 3 milli­arder: Sørlendingen har tredoblet formuen

  6. Pizzabakerens hemmelighet

  1. Politikk
  2. Kristelig Folkeparti (KrF)
  3. Anne Kristin Bruns
  4. Familiepolitikk