Væpna tenestemenn – tung sky over 17. mai

DEBATT: Eg er lei og skuffa over at dei som bestemmer, har latt seg styra av frykt.

«Synet av pistolane gjorde sola mindre varm, og eg var knapt i stand til å høyra hurraropa frå dei ulike barnehagane og skuleklassane. Eg kunne ikkje tru det, og blei uendeleg trist», skriv Inger Gjesdal.

Debattinnlegg

  • Inger Gjesdal
    Ålgård
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Demokrati. Fargesprakande. Fellesskap. Fridom. Glede. Det er ikkje mine ord. Eg har lånt dei frå ulike medmenneske som eg har bedt bruka eitt ord til å karakterisera nasjonaldagen.

Kva i all verda stikk seg ut i hoftehøgde?

Då eg fredag morgon stod og venta på barnetoget, var det likevel slik det kjendest. Me var eit fargerikt fellesskap som bobla over av frigjort glede til ære for demokratiet. Fuglane song, sola varma, elva brusa. Livet kjendest rikt.
Korpset let seg høyra før me fekk auge på dei som kom marsjerande. Så dukka menneska opp, og i front gjekk to ranke polititenestemenn i festuniform.
– Så gildt, tenkte eg, at dei er der sjølv om lensmannskontoret er nedlagt.
Neste tanken var ei undring. Kva i all verda stikk seg ut i hoftehøgde? Det kan ikkje vera våpen? Nei, det må vera ei eller anna form for sambandsutstyr, konkluderte eg.

Eitrande sint

Synet av pistolane gjorde sola mindre varm, og eg var knapt i stand til å høyra hurraropa frå dei ulike barnehagane og skuleklassane. Eg kunne ikkje tru det, og blei uendeleg trist. Etter kvart eitrande sint – på dei som tillet seg å stela fridomen og kvela gleda med våpen. I Norge. På 17. mai.

Eg er ikkje så naiv at eg ikkje forstår at nettopp eit barnetog på nasjonaldagen representerer det mest verdifulle – og sårbare – me har.

Kva med risikoen for vådeskot?

Men korleis i all verda vil to væpna tenestemenn, med korpsmusikk i øyrene, kledde i uniformar som er ueigna til å springa fort, kunna hindra ein målbevisst terrorist? Kor sannsynleg er det at angrepet ville bli lagt til fronten av toget? Kor sannsynleg er det at dei ville nådd fram til ugjerninga i tide til å forhindra noko som helst? Kor sannsynleg er det at ein pistol er eigna hjelpemiddel til å rydda opp i ei kaotisk folkemengd, drivne fram av panikk? Og kva med risikoen for vådeskot? «23 vådeskudd på ett år», konstaterte NRK mot slutten av 2015.

«Politiets vådeskudd – etter hosteanfall, diskusjoner og tabber», er henta frå Aftenposten i 2016. «I løpet av 19 måneder er det blitt avfyrt 20 utilsiktede skudd», oppsummerte Dagbladet mot slutten av 2017. «Vådeskudd avfyrt i politibil», er frå Nettavisen juli 2018.

Nå er eg ikkje sint lenger, men lei meg. Og skuffa over at dei som bestemmer, har latt seg styra av frykt. Frykt som skapar frontar. Frykt som lammar. Frykt som stel uskuld. Frykt som ber våpen.

Er det verkeleg slik me vil byggja framtida?

Les også

  1. Politiet bevæpner seg på 17. mai

  2. Høyere sikkerhet også under årets 17. mai

  3. Humlegård vil unngå skjult politibevæpning

Publisert:
  1. Debatt
  2. 17. mai
  3. Demokrati

Mest lest akkurat nå

  1. Viking serverte ellevill fest – opp på bronseplass

  2. Ingve Bøe fulgte kampen

  3. Ville jubelscener på overtid - stormet banen i ekstase

  4. Oilers avgjør i tomt bur!

  5. Sandnes sin feiring av gjen­åpningen nærmer seg høyde­punktet

  6. – Sto frem da LSK meldte seg inn i kampen